Oppdatert:26.09.2008

Plan for arbeid med VURDERING

Vurdering utan karakterar i fag kan bli formidla til eleven og dei føresette på fleire måtar:

- ved kommentar på skriftleg og munnleg arbeid og prøvar
- i heim-skule-samtale
- i elevsamtale
- gjennom mappevurdering
- ved bruk av logg
- gjennom eleven sin arbeidsplan

Elevmedverknad:
I forskrift til opplærinslova,§3-4 står det at elevane skal delta i vurderingsarbeidet.

Last ned veiledningsheftet her

Side om vurdering>>

INNHALD

Forord
Bakgrunn Avklaring av nokre omgrep
Skulebasert vurdering
Skulevurdering
Elevvurdering

Kva skal ein vurdera?
Kven skal vurdera?
Vurdering i utviklingsprosessane ved skulen
A) Skulevurdering>>
B) Elevvurdering>>
 
Kjelder  
 

   «Tiden fordrer altsaa med Nødvendighet, at der vides Meget, og Skolen maa altsaa ogsaa lære sine Elever Meget. Det gjælder derfor desto mere om, at det læres paa den rette Maade, saa at det ikke lægges hen som en død og ufrugtbar Skat, men derimod bliver til en levende Kundskab, der slaar varig Rod i Aanden og bærer Frugt for Livet.» 

Sitatet er henta frå eit sirkulære frå Kyrkjedepartemenet til dei lærde skolane i 1852. Mannen bak orda var Hartvig Nissen, konsulent i departementet si skoleavdeling. Hartvig Nissens ord er om mogleg enda meir aktuelle ved inngangen til det 21. hundreåret enn dei var i 1852. 

 

Forord

Etter nyttår 2000 har Sagvåg skule nytta ein del fellestid til å drøfta arbeidet med vurdering ved skulen vår. Arbeidet har resultert i denne planen for det vidare arbeidet. Planen har to delar: A) Skulevurdering og B) Elevvurdering.
Dette skrivet må også sjåast i samanheng med planen for "Kvalitetsutvikling ved Sagvåg skule 2000-2003"

Lars Bakka
-rektor-

Bakgrunn

Kravet til vurdering i norsk grunnskule vert omtala i ei rekkje dokument, m.a. forskrifta til opplæringslova:

§ 2-1 Skole- og lærebedriftsbasert vurdering
 Skolen og lærebedrifta skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i den generelle delen av læreplanen og dei enkelte læreplanane for fag.
 
Kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

  

§ 3-1 Rett til vurdering
[......]
Det skal leggjast vekt på å gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane med sikte på å fremje læring og utvikling. Det skal også leggjast til rette for at elevane kan gjere god eigenvurdering.
 
§ 3-3 Vurderingsformer
På barnesteget skal skolen berre nytte vurdering utan karakterar.  

 

Frå heimesida til skulen 14.06.02:
"Førsteklasses frå første klasse"

Snart finn du ut kor god (eller dårleg?) Sagvåg skule er via Internett. 
Utdaningsdepartementet skriv:

ALLE SKOLENE PÅ NETT
Dette er ett av forslagene fra kvalitetsutvalget, ledet av Astrid Søgnen.
I en kvalitetsportal på nettet vil alle kunne finne opplysninger om skolenes resultater i basisferdigheter i bestemte fag, om elevene har gode læringsstrategier, om elever og foreldrene er fornøyd med skolen, og opplysninger om hvilke ressurser som er brukt for å oppnå disse resultatene.

Les meir her>>

Avklaring av nokre omgrep

Skulebasert vurdering  

Skulebasert vurdering er den interne vurderinga av praksis og måloppnåing i skulen. Skuleeigaren har ansvaret for at skulane vurderer i kor stor grad den organiseringa, tilrettelegginga, gjennomføringa og vurderinga av opplæringa som skulen utfører, medverkar til å nå dei måla som er sette for opplæringa.
 Gjennom systematisk og kontinuerleg skulebasert vurdering kan skulen utvikle og forbetre sin pedagogiske praksis.
 Leiinga ved skulen har ansvaret for å gjennomføre den skulebaserte vurderinga. 

(Kjelde: KUF)

Skulevurdering

Skulevurdering er ei vurdering av heile verksemda til skulen. Ho kan vera skulebasert, men ein kan også nytta eksterne krefter for å få utført ei slik vurdering.

Elevvurdering

Vurdering av eleven sitt arbeid og utvikling kan vera intern og vert då utført av eleven sjølv, læraren og foreldra. Døme på ekstern elevvurdering kan vera eksamen i ungdomssteget med ekstern sensor, men og vurdering av t.d. trivsel (t.d. Dei undersøkingane "Senter for  adferdsforskning" har gjort ved skulen.) Det er også eit mål at elevvurderinga skal integrerast i den skulebaserte vurderinga.

Kva skal ein vurdera?

Her er det fleire svar. For det første har sjølvsagt elevvurderinga ein sentral plass, men også sjølve skulen må vurderast gjennom skulevurdering.

Ein må vurdera :

  • arbeidet til skuleleiinga

  • arbeidet til lærarane

  • klassane

  • heimen si rolle skulearbeidet

  • samarbeidet mellom alle aktørane.

Det vert viktig å kartlegga kriteria for vurdering.

Kven skal vurdera?

Alle aktørane i skulen må ta del i elevvurderinga; elevane, dei tilsette, leiinga og foreldra.

Men kven skal vurdera skulen si verksemd ?-  Foreldregruppa vil framstå som ei "ekstern" vurderingsgruppe, men det er likevel interessant å still spørsmålet om ikkje skulen kan ha godt av ei ekstern vurdering. Då kan det koma inn folk som systematisk kan vurdera heile verksemda.

Vurdering i utviklingsprosessane ved skulen

Les meir:

A. Skulevurdering>>

B. Elevvurdering>>