Vekeoppdraget våren 2012
|
Oppdrag frå 1.klasse:
Me må setja opp stolane når me går heim.
(Vert gjeve før vinterferien)*2 |
| Veke 10 Samling Fredag 9.mars |
|
5.-9.mars 2012 |
| Veke 9 Samling Fredag 24.februar (Samling før vinterferien) |
|
Vinterferie veke 9 (27/2-2/3) |
| Veke 8 Samling Fredag 17.februar |
|
20.-24.februar 2012
Ny fredag og nytt vekeoppdrag. Den
neste veka har me fokus på å høyra etter når beskjedar vert gitt. Det er
elevane i 3.klasse som har laga oppdraget denne gongen. Tekst & foto: Lars Bakka |
| Veke 7 Samling Fredag 10.februar |
|
13.-17.februar
2012 Tekst & foto: Lars Bakka |
| Veke 6 Samling Torsdag 2.februar |
|
6.-10.februar
2012
Nytt vekeoppdrag Denne gongen var det elevane i 4.klasse som
hadde laga det nye vekeoppdraget. I desse tider med mange forkjølte elevar
og vaksne er det viktig med god handhygiene. Oppdraget er:
Me vaskar hendene før mat!
Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig |
| Veke 5 Samling Fredag 27.januar |
|
30.januar-3.februar
2012
Det var Jone som stod for det musikalske
innslaget på vekesamlinga ved Sagvåg skule i dag. Han er ein flott
musikant som viste oss at han også kan spela ukulele. Tekst & foto: Lars Bakka |
|
|
| Veke 4 Samling Fredag 20.januar |
| Veke 3 Fredag 13.januar |
|
Glimt få samlinga 13.januar:
|
| Veke 2 Fredag 6.januar |
|
Vis respekt del 2 |
| Veke 1 Tysdag 3.januar |
|
Tysdag 3.januar 2012 Det nye året starta me nyttårshelsing og nytt vekeoppdrag. Denne gongen er det 7. klasse som står bak forslaget til vekeoppdrag som handlar om å ha respekt for kvarandre. Takk til 7. klase for godt og viktig forslag. Tekst: Hildegunn S. Heimro |
|
J u l e f e r i e |
| Måndag 19.desember2011 |
|
Måndag 19.desember 2011 Det siste vekeoppdraget me fekk frå rektor var å koma med gode forslag til vekeoppdrag i 2012. Alle klassane hadde minst 6 forslag og alle klassane fekk terningkast 6 for gode forslag :-) No ser me fram til juleferie og startar friskt opp med nye gode vekeoppdrag i 2012.Premie for god innsats var ein kakemann til alle. Den smaka godt! Tusen takk til dei flinke elevane våre for fin julemusikk på fiolin og piano :-) Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro
Alle elevane fekk ein julemann i gåve frå skulen for godt gjennomførte vekeoppdrag etter haustferien. Kva veke har elevane fått oppdrag som skal bidra til å gjere Sagvåg skule til ein betre skule. Det var elevane i 5.klasse som hadde vore aller flinkast og fått best terningkast med 5,6 i snitt sidan haustferien! Tekst & foto: Lars Bakka |
| Måndag 12.desember 2011 |
| Nytt vekeoppdrag: - Kva klasse skal laga seks forslag til Vekeoppdrag for våren 2012. |
| Måndag 5.desember 2011 |
|
Lett å gløyma....
Vekeoppdraget førre veke handla om å ikkje gløyma. Det er ikkje alltid
like enkelt og denne gongen trilla ikkje terningen så høgt som den pleier.
Alle klassane må difor prøva å bli flinkare til å hugsa og same
vekeoppdrag held fram ei veke til.
Takk til den flinke baritonisten som opna samlinga med ein fin julesong:-)
Tekst: Hildegunn HemroFoto: Åshild Giving
Frå samlinga 5.desember |
| Måndag 28.november2011 |
![]() garderobane.... orden... ransel... bøker... lekser...
Vekeoppdrag 28/11-2/12- Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
|
| Fredag 18.november 2011 |
![]() Nytt oppdrag: Matpakken del 2 |
| Måndag 14.november 2011 |
![]() Nytt oppdrag: Matpakken |
| Fredag 4.november 2011 |
|
BlimE
Refleksveka var ein stor suksess med terningkast 5 til alle klassane og
terningkast 6 til 4.klasse!!! GRATULERET!! |
| Fredag 28.oktober 2011 |
Nytt oppdrag (Forslag):
Bruk refleks!
Fredagssamling! Denne veka hadde me òg terningkast på inne-og utestemme. Alle klassane
bestod og har tenkt gjennom at det er viktig å kva stemme me nyttar ute og
og korleis me snakkar inne. Takk til korpsmusikantane for musikalsk innslag Tekst & Foto: Hildegunn Sæbø Heimro
|
| Måndag 24.oktober 2011 |
|
|
| Fredag 14.oktober 2011 |
|
H a u s t f e r i e |
| Fredag 7.oktober2011 |
|
Fredag 7.oktober 2011
I dag var det samling i amfiet
og resultat frå vekeoppdraget 'På rett stad til rett tid' vart
offentleggjort. Klassane hadde
gjort ein flott jobb med oppdraget. Frå sommarferien fram til haustferien har alle
klassane fokusert på nye vekeoppdrag. Som takk for innsatsen
fekk alle elevane pølse i brød den siste dagen før haustferien.
Nytt oppdrag kjem måndag etter haustferien.
Tekst & foto: Lars Bakka
|
| Fredag 1.oktober2011 |
|
Rett stad til rett tid Fredag 30.september 2011 Neste vekeoppdrag heiter 'Rett stad til rett tid'. Då handlar det om å vera presis og klar til undervisning for elevar og dei vaksne. Den siste veka før haustferien set då fokus på å komma i rett tid til skulen, inn frå friminutt til rett tid og om å ta del i undervisninga og dei ulike aktivitetane på skulen på ein god måte.For vekeoppdraget 'Hemmeleg ven' var det mange flotter 4-arar og 5-arar til klassane. Du finn tidlegare vekeoppdrag her>> Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn Heimro |
| Fredag 23.september 2011 |
![]() Hemmeleg ven del 2 |
| Fredag 16.september 2011 |
![]() Hemmeleg ven del 1 |
| Måndag 9.september 2011 |
|
Fredag 9.september 2011 I dag hadde me igjen fredagssamling for heile skulen. Samlinga starta med eit musikalsk innslag. I dag var det fine tonar på fiolin. Deretter fekk alle klassane vita kor godt dei har jobba med vekeoppdraget "Me er snille med kvarandre og alle får vera med å leika og me snakkar fint til kvarandre". Dette vil heile tida vera i fokus i tillegg til eit nytt vekeoppdrag: Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar ol. er unnateke. Alle klassane må ta med kart og gå ein runde rundt skuleområdet slik at alle veit kvar det er lov å opphalda seg. Takk til fiolinisten vår :-) Kjekt at enkeltelevar torer å stilla opp! Har du lyst? Tekst og foto: Hildegunn Heimro |
| Fredag 2.september 2011 |
|
Fredagssamling
om mobbingFredag 2.september 2011
Kvar fredag
har heile skulen ei samling frå kl. 10.30 - 10.45 Samlingane har starta me eit musikalsk innslag og denne gongen var det trommesolo. Takk for spoty innsats! Meir info om kampanjen mot digital mobbing>> Tekst & foto: Hildegunn Heimro |
| Fredag 26.august 2011 |
|
Det var elevane i 5. og 6.klasse sin tur til å plukka søppel i dag. Det passa kjempebra då vekeoppdraget til alle born og vaksne ved Sagvåg skule er trivselsregel nr 2: Me er med på å halda skulen rein og fin. Me tek vare på alt det fine me har inne og ute. Om dette vert nok til terningkast 6 vil resten av veka vise. På fredagssamlinga 2.september får klassane svaret.
Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland
|
| Fredag 26.august 2011 |
|
Første vekeoppdrag: Visjon
Vår visjon er at Me er greie med kvarandre, alle får vera med å
leika. |