Oppdatert:08.04.10

Dette utkastet av planen er under revisjon april 2010!

Trivsel og Tryggleik

<<Innleiing

<<Del 1 Førebyggande arbeid>>

<<Del 2 Risikonivå

Del 3 Akuttnivå

 

KRISEPLANAR
SAGVÅG SKULE

Del 3 Akuttnivå                                Kriseplanar for Sagvåg skule

NY! Rettleiar for alvorlege ulukker>> (sept08)
INNHALD:

 

Instruksar i ein krisesituasjon

 

Kriseplanar:

 

 

Alvorlege ulykker (revidert april-09)

   

Handlingsplan ved dødsfall

 

 

Andre alvorlege hendingar

 

 

Akutt situasjon som krev at elevane må bli igjen på skule

   

Akutt situasjon som krev at skulen vert evakuert

 

 

Brann

 

 

Mot mobbing

   

Akutt åtferdsproblem

 

 

Forsvinning eller skulk

 

 

Pandemi  (august 2009)

 

 

Under arbeid! Misstanke om vald, overgrep, missbruk, omsorgssvikt   (januar 2010)

 

Sjå også:
Risikoanalyse Sagvåg skule>>

 

Forsikring ved ulukker>>
Handtering av medisin>>

Instruksar i ein krisesituasjon

Ansvar / instruksar

Alarmplaninstruks for rektor (Lars Bakka)

Mediekontakt i samband med alvorlege ulykker

·         Berre rektor skal uttala seg.
MEN: Den som tek telefonen skal IKKJE seie 'ingen kommentar'. Be om å få undersøke saka og meld at rektor ringer tilbake til t.d. journalisten. (Hugs å få direktenummeret.)

·         Ver alltid sakleg, kort og konsis.

·         Gje alltid rask og rett informasjon

·         Hald deg til fakta

·         Ver imøtekomande og vis vilje til samarbeid med pressa.

·         Ver budd.

·         Ha kontroll med situasjonen.

Alarmplaninstruks for assisterande rektor

Ansvarleg for alle elevane som er på skulen.

·         Undervisningsinspektør skal sjå til at alle klassane har ein vaksen hos seg. (Helst klassestyraren.)

·         Fungerer som rektor om rektor ikkje er til stades.

Alarmplaninstruks for sosiallærar:
Sosiallærar I (5.-7.st)

Ansvarleg for varsling av pårørande.

·         Ver alltid sakleg, kort og konsis. (Ikkje uttal deg om skadeomfang e.l.)

·         Gje alltid rask og rett informasjon. (Eks. "De må møta på Fylkessjukehuset straks.")

·         Hald deg til fakta.

·         Ha kontroll med situasjonen.

Sosiallærar II (1.-4.st) overtek rolla til sosiallærar I dersom ho/han er borte.

Alarmplaninstruks for sekretær
Hjelper rektor, inspektør og sosiallærar frå kontoret.
-          Overtek ei koordinerande rolle dersom undervisningsinspektør er borte.

Alarmplaninstruks for lærarane
Ansvarleg for klassen han/ho har fått ansvaret for av undervisningsinspektør
-         Sjå elles gjeldande handlingsplan for dei ulike situasjonane. 

Alarmplaninstruks for andre tilsette
Assistentar og andre tilsette hjelper til i dei klassane det er spesielt trong for dette
-         Sjå elles gjeldande handlingsplan for dei ulike situasjonane.

Skulefritidsordninga:

Alarmplaninstruks for tilsette i SFO

Det er til ei kvar tid dei som er på arbeid i SFO-tilbodet som har ansvar for at gjeldande rutinar for kritiske situasjonar vert følgde.  Dersom rektor er til stades vert instruks den same som i skule.
Dagar rektor ikkje er til stades, må den/dei som bemannar tilbodet handtera ein eventuell krisesituasjon

 

Handlingsplan ved alvorlege ulykker

 

1. Den første som kjem til ulykkesstaden syter for at

  • førstehjelp blir gjeve
  • lege/ambulanse blir varsla
  • rektor blir varsla

2. Rektor, eller den som fungerer som rektor, syter straks for at

  • politiet blir tilkalla ved trafikkulykker, alvorleg personskade og ulykker der strafferettsleg ansvar kan bli gjort gjeldande
  • foreldra blir varsla av sosiallærar  1 (sjå alarmplaninstruks for sosiallærar 1)
  • personalet blir orientert
  • undervisningsinspektøren har det overordna ansvaret for at alle klassane får ein lærar eller assistent med seg i klasserommet (sjå alarmplaninstruks for undervisningsinspektør)

3. Følgjande strakstiltak blir, så langt det er mogeleg, gjennomført for dei andre elevane

  • lærarane tek elevane med til klassen
  • sosiallærar  2 tek seg av søsken til den forulykka. (Dersom sosiallærar 2 ikkje er til stades, den som rektor pålegg dette ansvaret.)
  • lærarane har ansvar for at sjokkskadde elevar får ekstrahjelp, og at rektor får melding om lege må tilkallast.
  • lærarane må så langt som mogeleg syta for at elevane får følgje med kvarandre på heimvegen
  • lærarane må vurdera om foreldra bør kontaktast for henting av elevar som treng spesiell omsorg

4. Så snart det er praktisk mogeleg, syter rektor eller den som fungerer som rektor, for å kalla saman til eit møte mellom lærarar, PPT  og helsepersonell for å drøfta og leggja til rette for  oppfølgingstiltak. Det må leggjast vekt på at elevane må få snakka ut om det dei har opplevd, og det må inviterast til ein open kontakt mellom heim og skule. Det må leggjast spesiell vekt på augnevitne og deira behov for hjelp.

 

Handlingsplan ved dødsfall

Les også: 'Små gutter sørger også'>>

1. Prosedyre dersom ein elev døyr.
a)  Lærar, rektor og foreldre vert varsla.
b)  Lærarane og evt. andre tilsette vert samla på personalrommet. Rektor orienterer. (Kort)
c)  Klassane vert orientert av kontaktlærarane.
d)  Flaggheising
 på skuleplassen.
e)  Alle elevane vert samla i amfiet.

Minnestund

§  Musikk medan elevane samlast. (2-3 minutt)

§  Orientering ved rektor (kva har hendt…)

§   Kort minneord v/ prest /diakon

§  Ingen er så trygg på ferda nr 488 Norsk salmebok

§  Tenning av lys  v/ klassestyrar  ved biletet av eleven.

§  Musikk.

§  Skriftlesing ved prest/diakon, bøn og fadervår

§  Felles song: Ein fin liten blome i skogen eg ser. (salme 493)- overhead

§  Musikk, medan elevane går tilbake til heimebasane.

f) Elevane i årsteget til den døde får høve til å gå heim, etter at ein har undersøkt om det er folk heime. (Foreldra kan evt. henta elevane)

g) Foreldremøte når det er aktuelt å følgja i gravferd. Det bør lagast til foreldremøte  med klassestyrar, rektor og prest for foreldra i årssteget. På denne måten vert foreldra orienterte om dødsfallet og får vita om korleis born opplever sorg og korleis ein kan driva sorgarbeid.

h) Presten vert invitert til klassen for å fortelja om gravferda . Elevar kan ta del i gravferda saman med foreldra sine.

i)  Eit lys og/eller ein blom og eit bilete av eleven vert ståande på den tomme pulten. Pulten til eleven vert fjerna ei tid etter gravferda .

j)  Helsing heim frå årssteget på den første fødselsdagen etter dødsfallet.

2. Når ein av personalet døyr

§  Ein fylgjer stort sett same plan som punkt 1.

§  Rektor/inspektør/sosiallærar  tek seg av klassen til vedkomande. Foreldrekontaktar vert innkalla og orientert, evt. foreldremøte.

§  Elevar kan ta del i gravferda  saman med foreldra sine. Skulen har stengt denne dagen.

3. Når nokon døyr i ferien

Skulen har ei minnehøgtid så snart skulen tek til att. Klassen vitjar grava. Blomehelsing på den første fødselsdagen.

NY OVERSKRIFT: Handlingsplan ved andre alvorlege hendingar.

1. Når nokon vert alvorleg sjuke

Skulen v/rektor må så snart som  råd er kontakta heimen, slik at den informasjonen som vert gjeven er i tråd med heimen sine ønskje. Helsesøster kan kontaktast for å orientera klassen om sjukdomen. I samråd med familien til den sjuke vert alle foreldre i årssteget orientert.

2. Når foreldre/søsken til ein elev døyr

Årssteget har minnestund, dersom eleven ikkje er til stades. Dersom eleven er til stades bør det samtalast, om død , sorg og det å miste nokon me er glade i. Eleven får høve til å fortelja kva som har skjedd. Klassestyrar / sosiallærar  må følgja opp eleven.

 

 2a:Dersom eleven er på skulen:
Dersom ein får melding om eit dødsfall eller ei anna alvorleg hending medan eleven er på skulen, vert eleven køyrd heim, eller henta, slik at dei næraste får fortelja kva som har skjedd.

2b:Dersom eleven er heime:
Den som får melding om at far, mor eller søsken til ein elev er død melder straks frå om dette til rektor. Den som har informasjonen om dødsfallet ringer deretter til kontaktlæraren til eleven.

Ein må gå ut frå at eleven kjem på skulen allereie dagen etter dødsfallet. Vår erfaring viser at det er godt for eleven å vera saman om sorga i skulen.
Skulen er representert i gravferda med kontaktlæraren og/eller den som kjenner familien best. Dersom medelevar skal gå i gravferda, går dei saman med føresette.

Sjå også: http://www.helsenytt.no/artikler/barn_og_sorg.htm

 

 3. Andre vonde situasjonar

Skilsmisse, alvorleg sjukdom, ….

Vonde situasjonar i heimen kan skapa sorgreaksjonar hos born. Lærarane må difor vita noko om sorg hos born og hjelpa til med sorgarbeid.

          Flagg på halv stong.

Kvar gong skulen har flagg på halv stong, må elevane orienterast.

Handlingsplan for akutt situasjon som krev at elevane må bli igjen på skulen

Scenario:

1.       Alvorleg ulukke/hending i skulemiljøet

·          Dette kan vera trafikklukker, fallulukker, gisslesituasjon m.m.

 

2.       Større ulukker/hending i lokalsamfunnet

·          Dette kan t.d. vera større arbeidsulukke på ein av arbeidsplassane i kommunen (der det er usikkert om foreldre til elevar er forulukka) større bussulukke, brann i bedrift med mange foreldre m.m.

I alle tilfella kan det bli aktuelt å halda elevane igjen på skulen til dei vert henta av foreldra. I ein slik situasjon vert dei yngste elevane haldne i klassane og på SFO til dei vert henta. For dei eldre elevane, og dei yngre som ikkje vert henta gjeld at foreldra må kontaktast på arbeid eller heime pr. telefon.

Det er telefonane i administrasjonen ved skulen som vert nytta til denne kontakten. Ein kan også nytta telefon i SFO, personalrom og mobiltelefonar dersom det er trong for fleire liner ut. Ei line inn bør alltid vera ledig.

Det bør også vurderast om Stord kommune sentralt v/ Kundetorget bør ta del i eventuell ”storvarsling” av foreldra. Ved svært alvorlege hendingar der heile lokalsamfunnet er råka vil sjølvsagt massemedia, t.d. NRK Hordaland vera ein naturleg samarbeidspartnar. (Sjå instruks for rektor.)

 

Handlingsplan for akutt situasjon som krev at skulen vert evakuert

 

Scenario:

1.       Alvorleg ulukke/hending i skulemiljøet

·         Brann i skulen, langvarig lokal straumstans i kaldt ver, vatnstans, m.m.

 

2.       Større ulukker/hending i nærmiljøet.

               *   Alvorleg trafikkulukke og brann m.m.

I slike høve gjeld mange av momenta i planen over. Dersom heile skulen skal evakuerast, vil gymsalen ved Nysæter ungdomsskule bli nytta som mellombels innkvartering.

 

Brann

Norke lenkjer:

o    Branndokumentasjon>>

o    Diverse branntekniske dokument>>

  • Brann vert varsla med korte støyt i ringeklokka.
  • Elevane går roleg ut gjennom garedobane eller andre rømingsvegar.
  • Klassane stiller opp i rekkjer på skuleplassen som vist på oversikta under
  • Rektor får tilbakemelding frå kvar klasse om antal evakuerte elevar
  • Ved brann går elevane opp i løypa rundt skogen. Ved øving går elevane inn att.

Handlingsplan mot mobbing  (versjon:11.11.2011)

Norke lenkjer:

Kva er mobbing ?
Det er mobbing når eitt eller fleire individ, mange gonger, over tid, blir utsett for negative handlingar frå eitt eller fleire andre individ.

Ein elev vert mobba  når andre elevar t.d.:

·       seier ufine ting, gjer narr av eller brukar kallenamn

·       overser mobbeofferet fullstendig, eller stenger han/ho ute frå venneflokken

·       slår, sparkar, luggar eller skubbar

·       fortel løgner, spreier falske rykte, eller sender ubehagelege lappar og prøver å få andre elevar til å mislika han/ho.

Det er ikkje mobbing  når:

·       ertinga vert gjort på ein vennleg måte

·       to omtrent like store elevar slost eller kranglar

Mobbing i ulike kategoriar:

Aktiv mobbing

Fysisk angrep
Spark, slag, kast, øydelegging av klede m.m. - Denne forma går ofte ut over dei som er fysisk svake.

Verbale og non-verbale angrep
Truslar, hån, slengmerknader, ”kalling”, hånlatter, m.m. - Denne forma kan verka uskyldig for læraren, men er ofte like ille som reint fysisk angrep.

Passiv mobbing

Isolering
Å oversjå eller stenga ute frå kameratflokken. - Denne forma er svært vanskeleg å oppdaga. Ofte kan det i ein klasse vera den «snille og stille» som er sett utanfor fellesskapet.

 

Tiltak mot mobbing

Førebygging, tiltak på lang sikt

Skulen/lærarane:

  • Byggja opp eit positivt sjølvbilete hos elevane
  • Utvikla elevane si innlevingsevne (empati),
  • Motverka elevane sin aggresjon og deira asosiale åtferd .
  • Bruka undervisingsopplegget ”Steg for steg” .
  • Kvar  klasse lagar reglar for korleis ein skal oppføra seg.
  • Elevsamtale: elev/kontaktlærar.

Trivselsundersøking haust og vår.

 Temaet mobbing  må kvart år vera tema på klasseforeldremøte. Kva form dette får og i kva grad det skal fokuserast på dette, må vurderast frå år til år.

 

Elevar:

    * Fadderordning: Elevane som tek til på 1.årssteg får ein fadder frå 6.årssteg Dei får vita kven som er fadder på våren før dei tek til på skulen. Kontaktlærarane i dei aktuelle klassane samarbeidar om dette.

 

 

Forventningar til foreldra:

  • Nært samarbeid med skulen.
  • Gje elevane ei meiningsfull fritid.
  • Læra elevane reglar og setja grenserfor dei.

         

SLT-koordinatoren og Utekontakten:

  • ”Unge og rus”-programmet i 7. klasse.
  • Aktivitetsdag for 7. klassane i samarbeid med ungdomskulen.

 

 

Kva gjer ein viss mobbing oppstår:

Ein får melding eller observerer mobbing:

Gripe inn mot mobbinga!

  1. Samtale med mobbeoffer og foreldra, fortelje kva ein har tenkt å gjere.
  2. Kalle inn mobbar og foreldre til møte, samarbeid med mobbar sine foreldre er viktig. Slå fast at mobbinga skal ta slutt, og setje opp reglar for mobbar.
  3. Evt. medløparar til mobbar vert kalla inn med foreldra. Setje opp reglar for medløpar.
  4. Faste samtalar med mobbeoffer.
  5. Faste samtalar med mobbar og evt. medløparar.
  6. Ha jamnleg kontakt med foreldra til mobbeoffer og mobbar for å gje tilbakemeldingar.

 

  1. Evt. gje dei involverte tilbod om hjelp frå sosiallærar, helsesøster eller andre.
  2. Ha faste og konkrete klassereglar, belønning og evt. sanksjonar. Snakka vekentleg om reglane og korleis det går i klassesamanheng.
  3. Vurdere om ein bør ha klasseforeldremøte, eller om det er andre løysingar for å informere.
  4. Alle vaksne ved skulen må ha kjennskap til kven dei involverte er i ei mobbesak.
  5. Arbeida målmedvite med klassemiljøtiltak, t.d.  klassemøte.

 

Sanksjonar / straff

Sanksjonar er ikkje det ein skal ty til i første omgang, men dei må finnast slik at ein veit kva som kan takast i bruk når det er naudsynt. Slike kan vera:

  1. Å måtta sitja ei stund på rektor sitt kontor.
  2. Bli omplassert i basen.
  3. Erstatta øydelagde ting.
  4. Ta frå eleven privilegiar.

Handlingsplan ved akutt åtferdsproblem

Problem knytt til åtferd kan vera alt frå uro til vald frå ein elev. Men det kan også vera skulk, eller forsvinning frå skulen i skuletida.

Åtferdsproblem på årssteget

I dei ulike klassane vil ein til tider oppleve at det «kokar over» og at situasjonen kjem ut av kontroll. Ein må då på eit gitt tidspunkt be om hjelp. Dette bør gjerast med tanke på den eleven det gjeld, læraren og resten av årssteget.

 1. Når ein opplever uakseptabel åtferd i ein klasse, er det best om den som underviser sjølv klarar å «ordne opp». Dette vil styrkje læraren sin autoritet og posisjon på sikt.

 2. Finn ein det naudsynt, kan ein be rektor eller nokon som ikkje har undervisning i den timen om å ta over årssteget. Då kan ein sjølv får snakka med eleven det gjeld.

 3. Den strengaste reaksjonen er å ta kontakt med rektor. Då må ein også vurdera om ein ynskjer at rektor skal vera med i klassen, om rektor skal ta over klassen, eller om eleven skal til rektor. Dersom ein elev vert send til rektor grunna uakseptabel åtferd,  vurderer rektor om dei føresette skal informerast.

Dersom problemet ikkje vert løyst over tid, bør ein vurdera om sosiallæraren i ein periode er med i klassen, eller tek seg særskilt av denne eleven. Her må sosiallærar og klasselærar leggje ein plan for korleis ein nyttar denne avgrensa ressursen best.

Me må heile tida vurdera om me kjem til eit punkt der me må fokusera særskilt på skulemiljøet. Dersom det er mange «enkeltelevar» som har problem med å tilpassa seg skulekvardagen, må me sjå kritisk på eigen praksis, m.a. val av arbeidsmåtar o.a

   

Forsvinning eller skulk

1.    Forsvinning:
Dersom ein elev ikkje kjem inn etter eit friminutt skal me straks, om mogeleg innan 10 minuttar, senda ein vaksen ut for å leita etter eleven. Dersom eleven ikkje dukkar opp i løpet av det neste kvarteret, bør administrasjonen varslast. (Dersom eleven bur nær skulen, er det naturleg å kontrollera om eleven har gått heim,…)

2.  Skulk, eller anna ugyldig fråvær.
Dersom ein elev ikkje kjem til skulen i rett tid, og føresette ikkje har meldt frå om at eleven er sjuk eller har anna gyldig fråvær, tek kontaktlærar kontakt med heimen innan ein time.

I august 2011 kom denne rettleiinga frå UFD om emnet:

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/aktuelt/nyheter/2011/barn-som-ikke-moter-pa-skolen.html?id=651600

 

 

- - - - - - den gamle planen - - - - - - - - -

<<Innleiing <<Del 1 Førebyggande arbeid>> <<Del 2 Risikonivå Del 3 Akuttnivå

 

KRISEPLANAR
SAGVÅG SKULE

Del 3 Akuttnivå                                Kriseplanar for Sagvåg skule

NY! Rettleiar for alvorlege ulukker>> (sept08)
INNHALD:
  Instruksar for ein krisesituasjon
  Kriseplanar:
  Alvorlege ulykker (revidert april-09)
Dødsfall i skulemiljøet
  Dødsfall i den nære familien til elevane
  Akutt situasjon som krev at elevane må bli igjen på skule
Akutt situasjon som krev at skulen vert evakuert
  Brann
  Mot mobbing
Akutt åtferdsproblem
  Forsvinning eller skulk
  NY! Pandemi  (august 2009)
  Sjå også:
Risikoanalyse Sagvåg skule>>
  Forsikring ved ulukker>>
Handtering av medisin>>
Instruksar i ein krisesituasjon

Ansvar / instruksar

Alarmplaninstruks for rektor (Lars Bakka)

Mediekontakt i samband med alvorlege ulykker

  • Berre rektor skal uttala seg.
    MEN: Den som tek telefonen skal IKKJE seie 'ingen kommentar'. Be om å få undersøke saka og meld at rektor ringer tilbake til t.d. journalisten. (Hugs å få direktenummeret.)

    Også rektor må ofte be om å få ringa tilbake då journalistar som lytar til AMK-kommunikasjonen kan komma til å ringa før informasjonen om ulukka har nådd leiinga.

  • Ver alltid sakleg, kort og konsis.

  • Gje alltid rask og rett informasjon

  • Hald deg til fakta

  • Ikkje still deg i ein situasjon der du må gå tilbake på tidlegare uttalar.

  • Ver imøtekomande og vis vilje til samarbeid med pressa.

  • Hald deg til saka.

  • Ver budd. Ha skriftleg informasjon om det finst.

  • Ha kontroll med situasjonen.

Alarmplaninstruks for assisterande rektor

Ansvarleg for alle elevane som er på skulen.

  • Undervisningsinspektør skal sjå til at alle klassane har ein vaksen hos seg. (Helst klassestyraren.)

  • Fungerer som rektor om rektor ikkje er til stades.

Alarmplaninstruks for sosiallærar:
Sosiallærar I (5.-7.st)

Ansvarleg for varsling av pårørande.

  • Ver alltid sakleg, kort og konsis. (Ikkje uttal deg om skadeomfang e.l.)

  • Gje alltid rask og rett informasjon. (Eks. "De må møta på Fylkessjukehuset straks.")

  • Hald deg til fakta.

  • Ha kontroll med situasjonen.

Sosiallærar II (1.-4.st) overtek rolla til sosiallærar I dersom ho/han er borte.

Alarmplaninstruks for sekretær
Hjelper rektor, inspektør og sosiallærar frå kontoret.
-          Overtek ei koordinerande rolle dersom undervisningsinspektør er borte.

Alarmplaninstruks for lærarane
Ansvarleg for årssteget han/ho har fått ansvaret for av undervisningsinspektør
-         Sjå elles gjeldande handlingsplan for dei ulike situasjonane. 

Alarmplaninstruks for andre tilsette
Assistentar og andre tilsette hjelper til i dei klassane det er spesielt trong for dette
-         Sjå elles gjeldande handlingsplan for dei ulike situasjonane.

Skulefritidsordninga:

Alarmplaninstruks for tilsette i SFO

Det er til ei kvar tid dei som er på arbeid i SFO-tilbodet som har ansvar for at gjeldande rutinar for kritiske situasjonar vert følgde.  Dersom rektor er til stades vert instruks den same som i skule.
Dagar rektor ikkje er til stades, må den/dei som er bemannar tilbodet handtera ein eventuell krisesituasjon

 

Handlingsplan ved alvorlege ulykker
 

1. Den første som kjem til ulykkesstaden syter for at

  • førstehjelp blir gjeve
  • lege/ambulanse
  • rektor blir varsla

2. Rektor, eller den som fungerer som rektor, syter straks for at

  • politiet blir tilkalla ved trafikkulykker, alvorleg personskade og ulykker der strafferettsleg ansvar kan bli gjort gjeldande
  • foreldra blir varsla av sosiallærar  1 (sjå alarmplaninstruks for sosiallærar 1)
  • personalet blir orientert
  • undervisningsinspektøren har det overordna ansvaret for at alle klassane får ein lærar eller assistent med seg i klasserommet (sjå alarmplaninstruks for undervisningsinspektør)

3. Følgjande strakstiltak blir, så langt det er mogeleg, gjennomført for dei andre elevane

  • lærarane tek elevane med til årssteget
  • sosiallærar  2 tek seg av søsken til den forulykka. (Dersom sosiallærar 2 ikkje er til stades, den som rektor pålegg dette ansvaret.)
  • lærarane har ansvar for at sjokkskadde elevar får ekstrahjelp, og at rektor får melding om lege må tilkallast.
  • lærarane må så langt som mogeleg syta for at elevane får følgje med kvarandre på heimvegen
  • lærarane må vurdera om foreldra bør kontaktast for henting av elevar som treng spesiell omsorg

4. Så snart det er praktisk mogeleg, syter rektor eller den som fungerer som rektor, for å kalla saman til eit møte mellom lærarar, PPT  og helsepersonell for å drøfta og leggja til rette for  oppfølgingstiltak. Det må leggjast vekt på at elevane må få snakka ut om det dei har opplevd, og det må inviterast til ein open kontakt mellom heim og skule. Det må leggjast spesiell vekt på augnevitne og deira behov for hjelp.

 

Handlingsplan ved dødsfall i skulemiljøet
Les også: 'Små gutter sørger også'>>

1. Prosedyre ved dødsfall  i skulemiljøet når ein elev døyr.
a) 
Lærar, rektor og foreldre vert varsla.
b)  Lærarane vert samla på lærarrommet. Rektor orienterer. (Kort)
c)  Årsstega vert orientert av kontaktlærarane.
d)  Flaggheising  på skuleplassen.
e)  Alle elevane vert samla i amfiet.

Minnestund

  • Musikk medan elevane samlast. (2-3 minutt) -piano

  • Orientering ved rektor (kva har hendt…)

  •  Kort minneord v/ prest

  • Ingen er så trygg på ferda nr 488 Norsk salmebok

  • Tenning av lys  v/ klassestyrar  ved biletet av eleven.

  • Musikk, piano

  • Skriftlesing ved kappelan, bøn og fadervår

  • Felles song: Ein fin liten blome i skogen eg ser. (salme 493)- overhead

  • Musikk, piano medan elevane går tilbake il heimebasane.

f) Elevane i årsteget til den døde får høve til å gå heim, etter at ein har undersøkt om det er folk heime. (Foreldra kan godt henta elevane)

g) Foreldremøte når det er aktuelt å følgja i gravferd. Det bør lagast til foreldremøte  med klassestyrar, rektor og prest for foreldra i årssteget. På denne måten vert foreldra orienterte om dødsfallet og får vita om korleis born opplever sorg og korleis ein kan driva sorgarbeid.

h) Presten vert invitert til årssteget for å fortelja om gravferda . Årssteget får gå i gravferda. Alle elevar (frå andre klassar) får gå saman med foreldra sine.

i)  Eit lys eller/og ein blom vert ståande på den tomme pulten. Pulten til eleven vert fjerna ei tid etter gravferda .

j)  Helsing heim frå årssteget på den første fødselsdagen.

2. Når ein av personalet døyr

  • Ein fylgjer stort sett same plan som punkt 1.

  • Rektor/inspektør/sosiallærar  tek seg av årssteget til vedkomande.

  • Foreldrekontaktar vert innkalla og orientert, evt. foreldremøte.

  • Elevane i årssteget til læraren kan ta del i gravferda  saman med foreldra sine. Skulen har stengt denne dagen.

3. Når nokon døyr i ferien

Skulen har ei minnehøgtid så snart skule startar. Årssteget vitjar grava. Blomehelsing på den første fødselsdagen.

4. Når nokon vert alvorleg sjuke

Skulen v/rektor må så snart som råd er orientera seg om korleis det står til. Heimen vert kontakta, slik at den informasjonen som vert gjeve er i tråd med heimen sine ønskje. Helsesøster kan kontaktast for å orientera årssteget om sjukdomen. I samråd med familien til den sjuke vert alle foreldre i årssteget orientert.

5. Når foreldre/søsken til ein elev døyr

Årssteget har minnestund, dersom eleven ikkje er til stades. Dersom eleven er til stades bør det samtalast, om død , sorg og det å miste nokon me er glade i. Eleven får høve til å fortelja kva som har skjedd. Klassestyrar / sosiallærar  må følgja opp eleven.

6. Ulukke i nærmiljøet

Elevane vert orientert samla. Prest , skulelege og/eller politi  vert kontakta og står for orienteringa. Lystenning og flaggheising vert gjennomført dersom nokon har omkome.

7. Flagg på halv stong

Kvar gong skulen har flagg på halv stong, må elevane orienterast. Rektor avgjer om skulen skal samlast og ha minnestund.

8. Andre vonde situasjonar

Skilsmisse, alvorleg sjukdom, ….

Alt dette kan skapa sorgreaksjonar hos born. Lærarane må difor vita noko om sorg hos born og hjelpa til med sorgarbeid.

 

Dødsfall i den nære familien til elevane
Dersom eleven er på skulen:
Dersom ein får melding om dødsfallet medan eleven er på skulen vert eleven køyrd heim, eller henta, slik at dei næraste får fortelja kva som har skjedd.

Dersom eleven er heime:
Den som får melding om at far, mor eller søsken til ein elev er død melder straks frå om dette til rektor. Den som har informasjonen om dødsfallet ringer deretter til kontaktlæraren til eleven.

Ein må ta utgangspunkt i at eleven kjem på skulen allereie dagen etter dødsfallet. Vår erfaring viser at det er godt for eleven å vera saman om sorga i skulen.
Skulen er representert i gravferda med kontaktlæraren og/eller den som kjenner familien best.

Sjå også: http://www.helsenytt.no/artikler/barn_og_sorg.htm

Handlingsplan for akutt situasjon som krev at elevane må bli igjen på skule

Scenario:

a)       Større ulukker/hending i lokalsamfunnet

  •  Dette kan vera t.d. større arbeidsulukke på verftet der det er usikkert om foreldre til elevar er forulukka, større bussulukke, brann i bedrift med mange foreldre m.m.

b)       Alvorleg ulukke/hending i skulemiljøet

  •  Dette kan vera trafikklukker, fallulukker, gisslesituasjon m.m.

I alle tilfella kan det bli aktuelt å halda elevane igjen på skulen til dei vert henta av foreldra. I ein slik situasjon vert dei yngste elevane haldne i klassane og på SFO til dei vert henta. For dei eldre elevane, og dei yngre som ikkje vert henta gjeld at foreldra må kontaktast på arbeid eller heime pr. telefon.

Det er telefonane i administrasjonen ved skulen som vert nytta til denne kontakten. Ein kan også nytta telefon i SFO, personalrom og mobiltelefonar dersom det er trong for fleire liner ut. Ei line inn bør alltid vera ledig.

Det bør også vurderast om Stord kommune sentralt v/ Kundetorget bør ta del i eventuell ”storvarsling” av foreldra. Ved svært alvorlege hendingar der heile lokalsamfunnet er råka vil sjølvsagt massemedia, t.d. NRK Hordaland vera ein naturleg samarbeidspartnar. (Sjå instruks for rektor.)

 

Handlingsplan for akutt situasjon som krev at skulen vert evakuert
 

Scenario:

a)       Større ulukker/hending i lokalsamfunnet

  • Alvorleg trafikkulukke tett ved skulen, brann i laget til skulen, m.m.

b)       Alvorleg ulukke/hending i skulemiljøet

  • Brann i skulen, langvarig lokal straumstans i mørk/kald vinter, vatnstans, m.m.

I slike høve gjeld mange av momenta i planen over. Dersom heile skulen skal evakuerast, vil gymsalen ved Nysæter ungdomsskule bli nytta som mellombels innkvartering.

 

Brann
Norke lenkjer:
  • Brann vert varsla med korte støyt i ringeklokka.
  • Elevane går roleg ut gjennom garedobane eller andre rømningsvegar.
  • Dei stiller opp som vist på oversikta under på rekkje på baksida av skulen.
  • Rektor "melder av" årsstega frå læraren.
  • Ved brann går elevane opp i løypa rundt skogen. Ved øving går elevane inn att.

Handlingsplan mot mobbing  (versjon:23.01.07)
Norke lenkjer:

Kva er mobbing ?
Det er mobbing /plaging når eitt eller fleire individ, gjentatte gonger og over tid, blir utsett for negative handlingar frå eitt eller fleire andre individ.

Ein elev vert mobba  når andre elevar t.d.:

·       seier ufine ting, gjer narr av eller brukar kallenamn

·       overser mobbeofferet fullstendig, eller stenger han/ho ut frå venneflokken

·       slår, sparkar, luggar eller skubbar

·       fortel løgner, spreier falske rykte, eller sender ubehagelege lappar og prøver å få andre elevar til å mislika han/ho.

Det er ikkje mobbing  når:

·       ertinga vert gjort på ein vennleg måte

·       to omtrent like store elevar slost eller kranglar

Mobbing i ulike kategoriar:

Aktiv mobbing

Fysisk angrep
Spark, slag, kast, øydelegging av klede m.m. - Denne forma går ofte ut over dei som er fysisk svake.

Verbale og non-verbale angrep
Truslar, hån, slengmerknader, ”kalling”, hånlatter, m.m. - Denne forma kan verka uskyldig for læraren, men er ofte like ille som reint fysisk angrep.

Passiv mobbing

Isolering
Å oversjå eller stenga ute frå kameratflokken. - Denne forma er svært vanskeleg å oppdaga. Ofte kan det i ein klasse vera den «snille og stille» som er sett utanfor fellesskapet.

Mobbing i ved Sagvåg skule Dette bør oppdaterast eller skrivast generelt.

Statistisk gruar 15 born seg kvar dag til å gå til Sagvåg skule.(10% av elevane), og 23 elevar (15%) har blitt mobba  på skulen 2-3 gonger den siste månaden. 37 % av elevane som gav uttrykk for at dei vart mobba sa at dei vart gjort til latter, 16 % vart utsett for ryktespreiing, 12 % sa dei vart haldne utanfor, medan 9 % sa dei vart mobba på grunn av hudfarge og rase. (Kjelde: Dan Olweus okt-97)

 

Tiltak mot mobbing

Førebygging, tiltak på lang sikt

Skulen/lærarane:

  • Tenkja tematisk  -setja eleven inn i ein samanheng.
  • Byggja opp eit positivt sjølvbilete hos elevane
  • Utvikla elevane si innlevingsevne (empati),
  • Motverka elevane sin aggresjon og deira asosiale åtferd .
  • Bruka undervisingsopplegget ”Steg for steg” .
  • Kvar  klasse lagar reglar for korleis ein skal oppføra seg.
  • Elevsamtale: elev/klassestyrar
  • Trivselsundersøking

Elevråd:

Foreldra:

  • Nært samarbeid med heimen til mobbeoffer og mobbar.
  • Få elevane interesserte i fritidsaktivitetar.
  • Læra elevane reglar og grensesetting.

Politiet:

  • Politiet sin skuleperm 1997
  • Ha eit samarbeid mellom politi  og skule

Få til eit godt tverrfagleg samarbeid for å få opnare kommunikasjon:

  • Alle bør ha ei informasjonsplikt for å hjelpa eleven.
  • Arbeide for å få betra rutinar ved samarbeidet.

 

Kva gjer ein viss mobbing oppstår:

Ein får melding eller observerer mobbing:

Gripe inn mot mobbinga!

  1. Samtale med mobbeoffer og foreldra, fortelje kva ein har tenkt å gjere.
  2. Kalle inn mobbar og foreldre til møte, samarbeid med mobbar sine foreldre er viktig. Slå fast at mobbinga skal ta slutt, og setje opp reglar for mobbar.
  3. Evt. medløparar til mobbar vert kalla inn med foreldra. Setje opp reglar for medløpar.
  4. Faste samtalar med mobbeoffer.
  5. Faste samtalar med mobbar og evt. medløparar.
  6. Ha jamnleg kontakt med foreldra til mobbeoffer og mobbar for å gje tilbakemeldingar.

 

  1. Evt. gje dei involverte tilbod om hjelp frå sosiallærar, helsesøster eller andre.
  2. Ha faste og konkrete klassereglar, belønning og evt. sanksjonar. Snakka vekentleg om reglane og korleis det går i klassesamanheng.
  3. Vurdere om ein bør ha klasseforeldremøte, eller om det er andre løysingar for å informere.
  4. Alle vaksne ved skulen må ha kjennskap til kven dei involverte er i ei mobbesak.
  5. Arbeida målmedvite med klassemiljøtiltak.

 

Sanksjonar / straff

Sanksjoner er ikke det en skal ty til i første omgang, men de må finnes slik at en vet hva som kan tas i bruk når det er nødvendig.

Det er ikke alltid at en alvorlig samtale er nok. Å måtte sitte en tid på rektors kontor eller i en annen klasse, kan for noen føles som hard  straff.

Omplassering i klasserommet kan også føles som straff. Jeg mener ikke her å plassere mobberen på første pult, men å flytte denne bort  fra de elevene mobberen helst vil sitte sammen med. Særlig jentene ønsker å ha nær kontakt med bestevenninnene, også i klassesituasjonen.

Å måtte erstatte ødelagte ting/klær ved å påta seg enkle arbeidsoppgaver er en sankjson som føles rettferdig. Det er for enkelt bare å la mobberens foreldre betale for ødeleggelsene.

Andre sanksjoner kan være å ta fra eleven visse privilegier. Eleven får f.eks. ikke bli med på en ekskursjon/tur årssteget planlegger. Straffelekser har neppe noen verdi. Ekstraoppgaver som å hjelpe vaktmester eller andre med spesielle oppgaver bør være beløning- ikke straff!

(Frå Mobbing KUF F-2626 1992 Karin-Marie Flo)

Hjelpeapparatet
Dersom læraren sjølv observerer, eller får melding om mobbing,  pliktar han/ho å ta kontakt med rektor og sosiallærar  om dette. Det er rektor sitt ansvar å sjå til at det vert sett inn tiltak straks.

Foreldreaksjonar
Tiltak mot mobbing  bør med få års mellomrom vera hovudtema i foreldra sine rådsorgan.

Førebygging -tiltak på lang sikt

Samarbeid med

  • elevane
  • elevråd  (sjå Ideperm – Mobbing>>)
  • foreldra
  • lærarane
  • nærmiljøet
  • andre instansar t.d. kyrkja, politi, …

Klassemøte/ klasseforeldremøte
Temaet mobbing  må kvart år vera tema på klasseforeldremøte. Kva form dette får og i kva grad det skal fokuserast på dette, må vurderast frå år til år.

Registrering av mobbing

Fadderordning
Elevane som tek til på 1.årssteg får ein fadder frå 6.årssteg Dei får vita kven som er fadder på våren før dei tek til på skulen. Sosiallærar har ansvaret for dette.

 

Handlingsplan ved akutt åtferdsproblem

Problem knytt til åtferd kan vera alt frå uro til vald frå ein elev. Men det kan også vera skulk, eller forsvinning frå skulen i skuletida.

Åtferdsproblem på årssteget

I arbeidet på årssteget vil ein til tider oppleve at det «kokar over» og at situasjonen kjem ut av kontroll. Ein må då på eit gitt tidspunkt be om hjelp. Dette bør gjerast med tanke på den eleven det gjeld, læraren og resten av årssteget.

 I. Når ein opplever uakseptabel åtferd på årssteget, er det best om den som har årssteget sjølv klarar å «ordne opp». Dette vil styrkje læraren sin autoritet og posisjon på sikt.

 II. Finn ein det naudsynt, kan ein be rektor eller nokon som ikkje har undervisning i den timen om å ta over årssteget. Då kan ein sjølv får snakka med eleven det gjeld.

 III. Den strengaste reaksjonen er å ta kontakt med rektor. Då må ein også vurdera om ein ynskjer om rektor skal vera med i årssteget, om rektor skal ta over årssteget, eller om eleven skal til rektor. Dersom ein elev vert sendt til rektor grunna uakseptabel åtferd  for andre gong, får han/ho melding til heimen.

Dersom problemet ikkje vert løyst over tid, bør ein vurdera om sosiallæraren i ein periode er med i årssteget, eller tek seg spesielt av denne eleven. Her må sosiallærar  og klasselærar leggje ein plan for korleis ein nyttar denne avgrensa ressursen best.

Ein må til ei kvar tid vurdera om ein kjem til ei grense der skulemiljøet må setjast i fokus. Dersom ein opplever mange «enkeltelevar» som har problem med å tilpassa seg skulekvardagen, må me også sjå kritisk på eigen praksis, m.a. val av arbeidsmåtar o.a

Om ein enkelt eleven har store og permanente åtferdsvanske, må ein vurdere om det er grunnlag for å søkje om ekstraressursar etter §5. Då må ein også ha foreldra sitt samtykke.

 

Forsvinning eller skulk

a)    Forsvinning:
Dersom ein t.d. ikkje kjem inn etter friminutt skal det straks leitast etter eleven. Det bør ikkje gå meir enn 10 minutt før nokon ser etter eleven. Dersom eleven ikkje dukkar opp i løpet av dei neste kvarteret bør administrasjonen koplast inn. Det vurdert kva som vert skal gjerast vidare i frå sak til sak. (Bur eleven nær skulen er det naturleg å kontrollera om eleven har gått heim,…)

b)  Skulk, eller anna ugyldig fråvær
Dersom ein elev ikkje kjem til skulen, er det naturleg å tenkja at han/ho er sjuk. Det er likevel i enkelte situasjonar naturleg å vurdera om ein bør foreta seg noko. I desse tilfella skal alltid rektor koplast inn. (Det kan t.d. vera ein elev med mykje fråvære og mistanke om skulevegring eller skulk. Det kan også vera familieforhold som gjer at det er naturleg å ta kontakt med familien om fråværet.)