Oppdatert: 31.08.2010


Visjon
 

Vår visjon er at
alle ved Sagvåg skule, er trygge,
trivst og får utvikla seg i et godt læringsmiljø.

Trivselsreglar:

  1.      Me er greie med kvarandre, alle får vera med å leika, og me snakkar fint om og til kvarandre.
     

  2.      Me er med på å halda skulen rein og fin. Me tek vare på alt det fine me har inne og ute.
     

  3.      Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar ol. er unnateke.

  4.      Me har lov å bruka sukkerfri tyggegummi på skulen, men me kan ikkje ha med snop.
     

  5.      Snøball kastar me på blink der me har lov.
     

  6.       Me kan frå 5.klasse nytta rulleskøyter, rullebrett, sparkesykkel og einhjuling i friminutta. Dette skjer på asfaltplassen utanfor hovudinngangen. Me brukar alltid hjelm og vern.
     

  7.       Me kan ha med mobiltelefon dersom det er greitt for dei heime. Telefonen skal vera avskrudd og liggja i skuffa di i skuletida. Vert denne regelen broten, tek me telefonen inn, og han vert levert attende neste dag. Evt. kan føresette koma og henta telefonen same dag.

 

Dersom du bryt reglane vert det påpeika av ein vaksen, og du skal retta deg etter beskjeden du får.
Gjentekne brot på desse reglane, og dårleg framferd kan og føra til bortvising frå undervisninga. Dvs. til rektor eller andre vaksne på skulen.

 

 

(Det må jo her kommenterast at me har teke utgangspunkt i dei reglane me hadde frå før. Ein bør jo ta ein ny runde der ein frigjer seg frå desse og opnar for heilt ny tenking om trivselsreglar)