| . |
|
|
Her finn du bilete frå: 7. å
r s s
t e g
2 0 0 5/0 6
|
|
Her er nokre bilete frå fjellturane til Dalskarsvatnet. Me gjekk opp via Litlabø og ned til Rutle og deretter til Hustredalelen. Det har vore kjekk turar. Elevane har, i tillegg til turen, fått sjå på fossilar som er mellom 430 og 370 millionar år gamle. Dei fann og froskar, men det var ingen prinsar blandt dei...
Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Kanoturar Foto: Lene Klokkeide Jørgensen
|
|
Friluftsveke
for mellomsteget Elevane på 5.-6. og 7.steget har friluftsveke denne veka. Tysdag, torsdag og fredag er me på tur i aldersblanda grupper. Alle elevane skal etter denne veka ha vore på sykkeltur, kanotur og ein vanleg fjelltur. Tekst & foto: Egil Petterteig
|
|
Foreldra/føresette
på 7. steget laga til ein fin avslutningsfest på
onsdag 7.juni. Johanne spelte Tirna Noir på
Euphonium. Vakkert! Det blei vist bilete frå
leirskulen og delt ut diplomar. Egil, Kjell, Laila og Arild. |
|
'Bli-kjent-dag'
Onsdag 7.juni gjennomførte Nysæter ungdomsskule 'bli-kjent-dag'
for elevane som tek til på 8.steget til hausten.
Det var eit stort oppslag i Sunnhordland i dag.
|
|
Sykkletur
7.steget på skulen hadde ein fin sykkeltur til Nautøy i dag,11.5. Nokre fiska, men fangst blei det ikkje. Elevane hadde oppgåver om fjæra som dei skulle løysa. Tre gutar gjorde ei oppdaging av beinrestar. Me er ikkje heilt sikre på kva det er av. Kan henda nokon kan tipsa oss.... Tekst & foto: Kjell Byrknes / Egil Petterteig |
|
Kunst & Handverk i 7. Stor aktivitet hos 7. steget i kunst og handverk. Det kjem til å bli flotte resultat av arbeidet innan strikking og krukkelaging. Bileta syner aktive og flinke elevar. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
|
Matematikkdagar Denne veka har 5-7 steg matematikkens dagar her på Sagvåg skule. I løpet av 3 dagar er elevane innom 3 stasjonar. Dei arbeider med origami, tessellering og bygging av tetraeder fraktal.
Fleire bilete på matematikkdagsida vår
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Til Kina med
7.steget I desse dagar er det Kina som et tema på 7.steget. Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
Akedag Storskulen hadde ei kjekk avslutning av veka. Elevane koste seg i akebakken der dei kunne aka heilt inn på skuleplassen! Andre koste seg med grilling i skogen, like ved skulen. Me håper på at me kan laga til ei skiløype etter kvart. Men då må det koma meir snø…
Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
|
Ut på tur, nesten aldri sur! Onsdag var mellomsteget på tur til Hustredalen. Me brente bål og grilla pølser, karbonadar og brødskiver med kvitost ved vatnet. Vidare gjekk me om Rødkleiv tilbake til skulen. Tekst & foto: Toril Sanvik Bruket |
|
7.steget var først ute på guida tur i nye
Sagvåg skule. Dette er det første møtet elevane
får med den nye skulen. Elevane var imponerte over
det dei fekk sjå og gler seg til å ta i bruk
nyskulen 3.januar. I løpet av desember skal alle
elevane få omvising ved nye Sagvåg skule.
Du finn oversikt over
hendingar i desember her Tekst & foto: LarsBakka |
|
Kjekt med studentar Studentane laga til ei kjekk avslutning på fredag 18.11. Elevane ble delt i to grupper, der ei gruppe fekk laga "Brownies" på kjøkenet, medan dei andre skulle svara på oppgåver i klassen. Etter ein time bytta dei to gruppene og i siste time åt dei kakene. Takk til studentane og vel møtt til våren! Kjell
|
|
Kanotur med 7.steget Tysdag 18.oktober var 6.steget å kanotur. (Det kjem snart meir om turen). Fleire bilete her Tekst : Lars Bakka |
|
31. August var 7. årssteg på Sagvåg skule på sykkeltur. Me til sykla Skjersholmane og tok ferja over til Halsnøy, der sykla me til hytta til Laila. Hytta var stor og låg ved sjøen . Me bada, fiska, grilla og trekte garn. Det var ein veldig kjekk tur. Det var litt langt, men det gjekk bra fordi det var nydeleg ver. Tekst: Malin Eriksen og Christina Yddal |
|
Sjø, skog, sopp og soppsuppe var nokre av ingrediensane på turen. Me gjekk til Sætrevik og til Nesskogen der me kokte suppe på primus, leika og kosa oss. Fleire bilete fotoalbuma våre 5.steget, 6.steget 7.steget>> Tekst & foto: Toril S Bruket |