Arbeidsplanane
til elevane veke for veke>>
 

Sjå tilbake på skuletida::

Oppdatert 21.09.06 
B i l e t a   t i l   7. å r s s t e g  2 0 0 4/0 5   
 
Gode vener!
[14.juni 2005]

Fadrane frå 7.steget er framleis gode vener med elevane på andre årssteget. Tysdag 14.juni hadde me leikar som  "slå på ringen", "katt og mus", "eit to tre, rødt lys", hoppa slengtau og paradis.  Til slutt var me i skogen og leika "kongen befaler". 

Tekst & foto: Marta Myhre og Kari Myhre

 

7.steget til Dåfjorden
[10.juni 2005]

For 5.år på rad fekk alle elevane på 7.steg komma til Dåfjorden på hytta til Andreas Østerlid.  Me hadde ein flott dag med fisking, sløying, grilling, båtkøyring m.m.  Alle koste seg! Tusen takk for oss!   Du finn bilete turen her

Tekst : Kari Myhre

Foto: Roy Egil Petterteig

Foto: Kari Myhre

 

Nye vener
[7.juni 2005]

Tysdag 7.juni var 7.årssteg på Litlabø treningssenter.  Der møtte dei nye klassekameratar og kontaktlærarar.   Formålet med dagen var å letta overgangen mellom barneskule og ungdomsskule. Alle fekk frukost, og seinare på dagen var det pizza og brus til lunsj. 

Det var mange kjekke aktivitetar som turløype i skogen, hesteriding, kanopadling, fotball, volleyball m.m.

Tekst & foto: Kari Myhre

 

12.mai 2005

Til Bergen

7. årsssteg hadde ein flott dag i Bergen tysdag 10.mai. Me var på Bergen museum, Akvariet, Bryggen og fisketorget. På Peppes fekk me eta så mykje pizza som me berre orka!
Til slutt handla me på Bystasjonen. Mange pynta seg med nye smykke!

Tekst og foto : Kari Myhre & Anne Elisabeth Trevland

 

   

15.februar 2005

På isen med 7.steget

Tysdag 15.februar hadde elevar og lærarar på 7.årssteg ein flott dag på skeisebanen! Sola skein og alle kosa seg. Stor takk til dei foreldra som ver med og køyrde. Du finn fleire bilete her>>

Tekst& foto: Anne Elisabeth Trevland & Kari Myhre

4.februar 2005

Strev og kos i 7.

Etter at me hadde hatt nasjonal prøve i lesing, passa det bra med fastelavnboller. Appetitten var god og humøret var på topp.

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

28.januar 2005

Tur med 7.steget

Elevane på 7.årssteget var fredag 28.januar på tur. Det var ganske kaldt, men me varma oss med gode, varme pølser.

Tekst : Anne Elisabeth Trevand
 

 

14.desember 2004

Adventssamling

Fredag 10 desember var det adventssamling for 5-7 årssteg.  Me tente lys og song julesongar saman. Årsstega deltok med kvart sitt innslag. Det var ei triveleg stund for elevar og lærarar. Du finn fleire bilete her>>

 

Tekst :Anne Elisabeth Trevland

30.november 2004

Julebakst for 1. og 6.steget

Torsdag 25.november tok 1.årssteget julebaksten saman med fadrane sine.

Tekst: Kari Almås 

 

Julebord på 7.steget

Torsdag 25.november hadde 7.årssteg samling saman med foreldra. Elevane song venskapssongar.
Me åt, laga julekort og kosa oss.

Tekst: Anne Elisabeth Trevland

26.oktober 2004

Ørkenrotter!

Måndag 25.oktober hadde Sindre med seg ørkenrottene Tom & Jerry til skulen slik at medelevane skulle få sjå dei. Sindre hadde også laga fakta-ark om ørkenroter til elevane.

Tekst & foto: Arild Båtsvik

 

29.september 2004

Matpakkeveka 2004

I veke 39 var det matpakkeveke ved Sagvåg skule. Her finn du nokre bilete frå veka>>

 

 

23.september 2004

5.-6.- og 7.steget på sykkeltur

Mellomsteget var i dag på sykkeltur til Dalsløkjen. Me laga pinnebrød, lappekaker og soppsuppe. Alle hadde det kjekt og nesten alle syklar og elevar kom heile heim.

Egil

 

9.september 2004

Med Sagvåg skule til fjells

Onsdag 8.september var heile skulen til fjells. Dei store elevane gjekk Kattnakken, dei yngste var med til bommen.
Det var mange blide fjes å sjå i det flotte haustveret.

Du finn fleire bilete frå turen her>>

 

3.september 2004

På fisketur(!?) med 7.steget

Fredag 3.september hadde 7.steget ein flott dag i Breivikjo. Me fekk raudnebb, makrell og torsk.
Pølsene var gode og véret var fint ! ;-)

Anne Elisabeth