| . |
|
|
Her finn du bilete frå: 6. å
r s s
t e g
2 0 0 5/0 6 |
|
Her er nokre bilete frå fjellturane til Dalskarsvatnet. Me gjekk opp via Litlabø og ned til Rutle og deretter til Hustredalelen. Det har vore kjekk turar. Elevane har, i tillegg til turen, fått sjå på fossilar som er mellom 430 og 370 millionar år gamle. Dei fann og froskar, men det var ingen prinsar blandt dei...
Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Kanoturar Foto: Lene Klokkeide Jørgensen
|
|
Friluftsveke
for mellomsteget Elevane på 5.-6. og 7.steget har friluftsveke denne veka. Tysdag, torsdag og fredag er me på tur i aldersblanda grupper. Alle elevane skal etter denne veka ha vore på sykkeltur, kanotur og ein vanleg fjelltur. Tekst & foto: Egil Petterteig
|
|
Mostraspelet 1.juni 2006
Me opplevde eit strålande Mostraspel i eit svært vått ver. Takk til Margaret, Grete, Roy Egil, Else-Beth og mormor til Elise, som heldigvis ikkje regna vekk på turen, men køyrde både til Moster og heim att. Fleire bileteTekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
|
Tinestafetten 1.juni 2006
Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
|
Volum 19.mai 2006 ![]() 6 steg har arbeida meir me volum. Me fann ut at det er 1000 kubikkdesimeter i ein kubikkmeter. Me fann også ut at 1 liter er like mykje som 1 kubikkdesimeter. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
|
Ein kubikkmeter
på tur 16.mai 2006 ![]()
6.steg arbeider med volum i matematikk. I dag var
me ute og bygde oss kubikkmeter. Det gjekk 10
elever inn i ein. Sjå fleire bilete her
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
Tinestafetten11.mai 2006 Onsdag stilte 5. og 6. steget opp i Fredstafetten på Vikahaugane saman med 22 andre lag frå skulane i kommunen. Me nådde ikkje heilt til topps, men stemninga var stor og innsatsen flott! Tekst & foto: Toril S. Bruket |
På
Utslettefjellet.9.mai 2006 Tysdag var 1.steget og fadrane deira på Utslettefjellet. Som de ser av bileta, var veret flott. Me hadde ein svært kjekk tur.
Tekst
& foto: |
|
Kunstformidling i
skulen Ingunn van Etten fortalde om arbeidet sitt som illustratør til barnebøker, og om ulike teknikkar som kan brukast. Kjekt å få høyra ein ekte kunstnar fortelja. Til slutt fekk elevane på 6. og 7.steget teikneoppgåver. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
|
Matematikkdagar Denne veka har 5-7 steg matematikkens dagar her på Sagvåg skule. I løpet av 3 dagar er elevane innom 3 stasjonar. Dei arbeider med origami, tessellering og bygging av tetraeder fraktal.
Fleire bilete på matematikkdagsida vår
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Ein vanleg skuledag 22.mars 2006
4.steget jobbar med jødedommen, og 6.steget med musikk på ymse vis. Nokon lærar om komponistar frå Hordaland, og andre dansar. Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
Akedag Storskulen hadde ei kjekk avslutning av veka. Elevane koste seg i akebakken der dei kunne aka heilt inn på skuleplassen! Andre koste seg med grilling i skogen, like ved skulen. Me håper på at me kan laga til ei skiløype etter kvart. Men då må det koma meir snø
Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
|
Avis i skulen
6.steget har vitja bladet Sunnhordland. (Det kjem meir om turen seinare) Tekst & foto: Toril S. Bruket |
|
Onsdag 1.februar var 5. og 6.steget saman for å bli betre kjende. Me spelte sjakk, fotball, smasjball og brettspel. Fleire bilete på biletsidene våre
5.steget og
6.steget Tekst & foto: Kari Myhre & Toril S. Bruket
|
|
|
|
I all nedpakking og flytting frå gamleskulen, tok me oss tid til juleverkstad. Elevane tova store og små juleeple, og resultata vart flotte. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
|
Onsdag var mellomsteget på tur til Hustredalen. Me brente bål og grilla pølser, karbonadar og brødskiver med kvitost ved vatnet. Vidare gjekk me om Rødkleiv tilbake til skulen. Tekst & foto: Toril Sanvik Bruket
|
|
Kjekt å baka julakaker, og laga ein lita gåve til nokon ein bryr seg om. Det var aktivitetane då 6. steget og 1. steget kosa seg saman fyrste dagen i julamånaden. Tekst & foto: Toril S.Bruket
|
|
Etter å ha hausta
eple for nokre veker sidan, baka 1.steget eplekake
saman med fedrane sine. I tillegglas fadrane til
fadderborna, og dei spelte spel saman. Tekst & foto: Toril S. Bruket
|
|
[12.september 2005]
I dag har 1.- og
6.årssteget hatt leikestund i lag. Det er alltid
kjekt å vera saman med fadrane. Tekst & foto : Aasne H. Vikanes |
|
Sopptur med 6.steget 6.steget har vore i Hustredalen på sopptur. Me fann mange rare soppar, men nesten ingen som kunne etast. Korallsoppen var den flottaste. Tekst & foto: Toril S Bruket |
|
Storskulen på tur Sjø, skog, sopp og soppsuppe var nokre av ingrediensane på turen. Me gjekk til Sætrevik og til Nesskogen der me kokte suppe på primus, leika og kosa oss. Fleire bilete fotoalbuma våre 5.steget, 6.steget 7.steget>> Tekst & foto: Toril S Bruket |