Oppdatert 21.09.06 
Her finn du bilete frå:                                                              
  6. å r s s t e g  2 0 0 4/0 5
Sporløp
[21.juni 2005]

Heile mellomsteget brukte siste skuledagen til sporløp rundt Nysæterbanen. Det var elevar frå alle årssteg på alle lag, og samarbeidet var flott. etterpå gjekk me ned til skulen for felles avslutning med alle dei andre.

Bilete: Johannes, 6.steg

Egil Petterteig

 

Sykkeltur
[15.juni 2005]

Onsdag 15. juni var 6. steget på sykkeltur. Me sykla til Vassenden, der me grilla, fiska og kosa oss. Så sykla me gjennom skogen til gamle bosdungen på Valvatne, og derifrå heim. Me hadde ein fin tur, og veret kom seg etter kvart. Det var faktisk denne dagen sommaren kom, og det vart retteleg varmt til slutt.

1. og 6. til Utslettefjellet
[8.juni 2005]

Onsdag 8. juni var 1. steget på Utslettefjellet med fadrane sine. Turen opp gjekk raskt og fint, og både små og store var veldig flinke å gå. På toppen var det litt kaldt, så me gjekk tidleg tilbake til skulen og leika i lag til skuledagen var slutt. Dagen var fin, og det var god stemning.

Tekst: Egil Petterteig Foto Egil Petterteig & Arild Båtsvik

4.mai 2005

Studentar frå HSH

På måndag hadde 6. steget  studentar på besøk.
Dei hadde mellom anna laga til ei kartløype med ulike stasjonar og oppgåver. På den eine  stasjonen var oppgåva å læra fleire vers av "No livnar det i lundar". Kva er betre enn å sitja i lunden og syngja? Betre stemning er det vanskeleg å få!

 

 

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

Me har hatt studentane på besøk. Dei hadde eit opplegg om temaet kropp og helse, som bla. bestod av ein sporleik der elevane fekk bruka kroppen på ulikt vis, dikta songar og testa kunnskapen sin.

Egil 13.04.05

 

Egil

 

 



Ny Sagvåg skule sett
frå Utslettefjellet

 

31.mars 2005

På Utslettefjellet
 

6 årssteg var onsdag på ein kjempeflott fjelltur på Utslettefjellet. Det var supert vær. Me laga 3 firkantbål som me steikte pølse og pinnebrød på. Me fekk litt kunnskap av Kjell, om brenning av bål. Me måtte tenne på bålet med berre ei fyrstikke, lage til bålet og sløkke bålet slik at det ikkje viste noko igjen. Me leikte bom 50 på slutten, det var veldig kjekt.

Tekst : Ola Polden & Håkon Mundal Andreassen

 

2.februar 2005

Brannvesenet på vitjing i 6.

6. steget hadde 1.februar besøk av brannvesenet i kommunen. Klassen fekk sjå video og snakka om korleis brannar kan oppstå. I tillegg fekk dei prøva å sløkkja brann med pulverapparat. Alle greidde det fint! Dei som ville fekk og prøva brannslangen frå brannbilen. Dei kunne og testa brannhjelmane og sjå på brannbilen.

Takk for nyttig undervisning!

Tekst & foto: Kjell Byrknes

14.desember 2004

Adventssamling

Fredag 10 desember var det adventssamling for 5-7 årssteg.  Me tente lys og song julesongar saman. Årsstega deltok med kvart sitt innslag. Det var ei triveleg stund for elevar og lærarar. Du finn fleire bilete her>>

 

Tekst :Anne Elisabeth Trevland

30.november 2004

Julebakst for 1. og 6.steget

Torsdag 25.november tok 1.årssteget julebaksten saman med fadrane sine.

Tekst: Kari Almås 

 

 

29.september 2004

Matpakkeveka 2004

I veke 39 var det matpakkeveke ved Sagvåg skule. Her finn du nokre bilete frå veka>>

 

 

23.september 2004

5.-6.- og 7.steget på sykkeltur

Mellomsteget var i dag på sykkeltur til Dalsløkjen. Me laga pinnebrød, lappekaker og soppsuppe. Alle hadde det kjekt og nesten alle syklar og elevar kom heile heim.

Egil

 

16.september 2004

Eplekake
6.steget tok med seg 1. på eplekakebaking i dag.
Resultatet vart mange gode eplekaker og endå betre kontakt mellom 1. og 6.

30.august 2004

God kontakt mellom 1. og 6.

Elevane på 6.steget tek seg godt av elevane i 1. I biletmappa til årsstega finn du bilete frå timane dei hadde saman måndag 30.august.