| . |
|
|
Her finn du bilete frå: 5. å
r s s
t e g
2 0 0 5/0 6
|
|
Flott
steinsamling Tysdag 20.mai sykla 5.steget til
Almås. Der fekk me koma på besøk til Karl
Olav Vestvik og sjå på steinsamlinga hans.
Han har samla steinar i mange år, og har ei
kjempeflott samling! Me fekk rosinbollar
og saft og alle elevane fekk 2 flotte
steinar kvar. Ei flott avslutning på
skuleåret!
Fleire bilete Tekst & foto: Kari Myhre |
|
Her er nokre bilete frå fjellturane til Dalskarsvatnet. Me gjekk opp via Litlabø og ned til Rutle og deretter til Hustredalelen. Det har vore kjekk turar. Elevane har, i tillegg til turen, fått sjå på fossilar som er mellom 430 og 370 millionar år gamle. Dei fann og froskar, men det var ingen prinsar blandt dei...
Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
|
Kanoturar Foto: Lene Klokkeide Jørgensen
|
|
Friluftsveke
for mellomsteget Elevane på 5.-6. og 7.steget har friluftsveke denne veka. Tysdag, torsdag og fredag er me på tur i aldersblanda grupper. Alle elevane skal etter denne veka ha vore på sykkeltur, kanotur og ein vanleg fjelltur. Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
Til
Utsletefjellet 4 og 5 hadde ein flott tur i strålande ver til Utslettefjellet på tysdag 16 mai. Me leika kjekke leikar der oppe og såg på utsikten. Tekst & foto: Kari Myhre & Gro A. Halvorsen |
|
Onsdag stilte 5. og 6. steget opp i Fredstafetten på Vikahaugane saman med 22 andre lag frå skulane i kommunen. Me nådde ikkje heilt til topps, men stemninga var stor og innsatsen flott! Tekst & foto: Toril S. Bruket
|
|
Matematikkdagar Denne veka har 5-7 steg matematikkens dagar her på Sagvåg skule. I løpet av 3 dagar er elevane innom 3 stasjonar. Dei arbeider med origami, tessellering og bygging av tetraeder fraktal.
Fleire bilete på matematikkdagsida vår
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
5.årssteg avslutta veka på skeisebanan. Sola skein, og det var berre blide fjes å sjå! Takk for foreldra som køyrde og henta oss! Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland & Kari Myhre |
|
Akedag Storskulen hadde ei kjekk avslutning av veka. Elevane koste seg i akebakken der dei kunne aka heilt inn på skuleplassen! Andre koste seg med grilling i skogen, like ved skulen. Me håper på at me kan laga til ei skiløype etter kvart. Men då må det koma meir snø…
Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Spegling
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
|
2.årssteg fekk ein fin start på dagen med konsert med 5.steget. Me både song og las dikt for elevane i 2.
Tekst & foto: Emilie Zaneski (5.st)
|
|
|
|
Me kan data! Me på 5.steget har vore så heldige at me har hatt IKT studentar med oss dei 2 siste vekene. I dag lærte dei flinke studentane oss å laga presentasjonar. Det var veldig kjekt og me blei veldig flinke! Presentasjonane er laga i Open Office (Impress). Sagvåg skule brukar dette programmet, det er gratis og ligg ute på Internett. Eit liknande program i Microsoft heiter 'PowerPoint' Tekst & foto: Kari Myhre
|
|
Vandreutstilling
Tysdag 13.februar jobba me på 5.steget med vandreutstillingen frå 'Kunst i Skolen' og 'Den kulturelle skulesekken'. Me studerte Eli Hovdenak sine flotte litografi. Me diskuterte dei ulike bildene i grupper, og la dei fram for dei andre på årssteget. Me likte bildene veldig godt, dei var både morsomme og flotte!
Tekst & foto: Kari Myhre |
|
5.
+ 6. = SANT!
Onsdag 1.februar var 5. og 6.steget saman for å bli betre kjende. Me spelte sjakk, fotball, smasjball og brettspel. Fleire bilete på biletsidene våre
5.steget og
6.steget Tekst & foto: Kari Myhre & Toril S. Bruket |
|
Til trolleskogen Fredag 16.desember hadde me ein
fin førjulstur til trollskogen på Litlabø. Me laga
juledekorasjonar, åt graut og varma oss ved bålet. Tekst & foto: Kari Myhre og Anne Elisabeth Trevland
|
|
Onsdag var mellomsteget på tur til Hustredalen. Me brente bål og grilla pølser, karbonadar og brødskiver med kvitost ved vatnet. Vidare gjekk me om Rødkleiv tilbake til skulen. Tekst & foto: Toril Sanvik Bruket
|
|
I dag var det 5.steget som fekk omvising på nye Sagvåg skule.
|
|
5.årssteget har laga Sagvåg skule som peparkakehus. Me har måla, forminska, laga pappmodell og baka. Me lærte mykje av dette prosjektet, seier elevane Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Bilete frå arbeidet med prosjektet:
|
|
Kateket på besøk til 5.steget Kateket Marit Grimsstad kom på vitjing til 5.steget i dag. Ho tok oss med på bibelvandring. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Me har hatt ein fantastisk dag på
museet. Me arbeida med flintstein, skaut med pål
og boge, sydde skinnpung, lagga knutar m-m. Tekst & foto : Anne Elisabeth Trevland |
|
Tema: Skogen 5.steget har laga skogsbilete av kongler, lauv, planter m.m. som me fant ute i naturen. Tekst & foto: Kari Myhre |
|
Sjø, skog, sopp og soppsuppe var nokre av ingrediensane på turen. Me gjekk til Sætrevik og til Nesskogen der me kokte suppe på primus, leika og kosa oss. Fleire bilete fotoalbuma våre 5.steget, 6.steget 7.steget>> Tekst & foto: Toril S Bruket |
|
Tur med 5.steget Fredag 19.august var 5.steget på tur saman med dei nye lærarane sine. Me grilla pølser, leika i skogen og spelte fotball på banen før me tok helg.
Tekst & foto: |