Til Fletaneset
16.juni
2006

3. og 4. steget har vor på tur til Fletaneset. Dei prøvde om båtane dei
hadde laga ville flyta. Det gjorde dei fleste, nokre så godt at dei for
langt ut på vatnet. Ein kjekk tur i nydeleg vær.
Helsing
Gro og Annbjørg
Tekst & foto:
Annbjørg
Luggenes og Gro A. Halvorsen
        
|
|
Til Utsletefjellet
16.mai
2006
4 og 5 hadde ein flott tur i strålande ver til
Utslettefjellet på tysdag 16 mai. Me leika kjekke leikar der
oppe og såg på utsikten.
Tekst
& foto: Kari Myhre & Gro A. Halvorsen
 
                 |
|
|
4.steget til museet
29.mars
2006
Tysdag 28.mars var elevane på 4.steget på museet. Her fekk dei oppleva og
prøva korleis folk i steinalderen levde. Dei fekk mellom anna laga smykke,
helleristningar og skyta med pil og boge. Nokon klarte også kunststykket å
treffa "reinsdyret"! Elevane avslutta besøket med å smaka lyr, laga på god
gammaldags steinalder vis. Fisken blei nemleg baka i ei grop med oppvarma
steinar, og resultatet vart fantastisk!
Tekst & foto: Jan Tore Flatnes (Student HSH)
Ingen røyk utan eld (avi-fil)
Pil
og boge I (avi-fil)
Pil
og boge II (avi-fil)
|
|
|
Steinalderen
24.mars
2006
4 steget gjekk seg ein tur i det fine veret. Brått kom dei
til ein "steinalderplass". Der møtte dei Steinfrid og Stein som hadde laga
bål og ete hjortekjøt av hjorten dei hadde drepe.
Elevane fekk vera med og laga pil og boge, steinalderøkser og spyd.
Til slutt steikte me ostesmørbrød.
Tekst & foto: Gro Akselesen Halvorsen
 |
|
|
Ein vanleg skuledag
22.mars
2006
4.steget jobbar med
jødedommen, og 6.steget med musikk på ymse
vis. Nokon lærar om komponistar frå Hordaland,
og andre dansar.
Tekst & foto: Egil Petterteig
|
|
|
|
På
tur
24.februar
2006
3. og 4.årssteg var onsdag på tur til skogen
ved gamleskulen. Der steikte me pinnebrød, leika
og spg på fleire ekorn som hoppa frå tre til
tre. Ein kjekk tur i eit nydeleg ver.
Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

|
|
|
|
Samarbeid
3. og 4. steget
30.januar 2006
Elevane får vera på skrive, lego, flate
klossar og teiknegrupper. Dei kosar seg og er
kreative.
Tekst & foto:
Annbjørg Luggenes

|
|
|
|
Studentane har vore i
4 steget og hatt opplegg om lyrikk.
19.januar 2006

Dei har høyrt ulike dikt, lese dikt sjølve,
skrive dikt, høyrt dikt med musikk og teikna til
dikt.
Ein kjekk dag som har gjeve inspirasjon til vidare
arbeid med dikt.
Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

|
|
|
|
Samane i 4.
18.januar 2006

4 steget har sameland som tema no. Dei har laga
seg vesker og dei held på med å strikka
samedokker.
Tekst: Gro A. Halvorsen
|
|
|
Tid for
julebakst.
1.desember 2005Halve
3 og 4 steget har byrja med julebakst, resten
bakar neste torsdag. Dei var flittige og kakene
vart gode.
Gro

|
|

Kjekt med snø !
1.desember 2005
4 steg utnytta godt den vesle snøen som
kom ned. Nokre laga ein snøsko som dei hadde lyst
at ein skulle ta bilete av, men
fotballsparkinga går sin gang uansett ver og
underlag.
Tekst
& foto: Gro A. Halvorsen
 |

Matematikk
11.november
2005
4 steg har arbeidd med dl og l den siste tida.
Dei har vore på kjøkenet og laga mat etter
oppskrift der dei har dobla og halvert.
Resultatet vart som ein ser, svært bra med god
hjelp av studentane.
Tekst
:
Gro
A Halvorsen
 |
|
3. og 4. på tur
27.oktober
2005
3. og 4.årssteg var
på tur i området ved kyrkja i dag. Me kokte suppe
og leika.
Tekst & foto:
Gro A.
Halvorsen
|
|
Samarbeid
mellom 3. og 4.steget
[7.september
2005]
3. og 4. steget har arbeidar saman i ulike grupper om torsdagane.
Her er nokre bilete frå gruppene.
Me var på norsk (løko).teckno, data og sløyd.
Elevane syntes dette var kjekt, dei gler seg til torsdag, for då er det
nye grupper.
Tekst & foto:
Gro A. Halvorsen & Annbjørg Luggenes
 |