| . |
|
Sjå også:
4.klasse 01/02>>
|
|
|
|
4. å r s s t e g 2 0 0 4/0 5 |
Til
Almås med 4.[15.juni 2005] I dag har 4.steget vore på tur til Brita heime på Almås. Først fekk me ei interessant omvising i Kunsthuset. Me fekk høyra litt om korleis Per laga maleria sine. Etterpå viste han oss korleis eit tresnitt vert til. Så var det tid for mat. Pølser og bollar er god mat på slike dagar. Litt fotball vart det og tid til. Og veret? Det vart berre finare og finare jo lenger me var på Almås. Tekst & foto: Brita Flatøy |
Bokgåve[7.juni 2005] I dag var me i fjerde heldige. 3 kjekke jenter, Christina, Malin og Anne, frå 6.steget kom og spurde om me ville ha kvar vår bok. Klart me ville!
Tekst & foto: Brita Flatøy |
|
Tur for 1. til 4.steget [1.juni 2005] Heile småskulen har hatt ein kjekk tur til Almås i dag. Me grilla, gjekk tur i trollskogen og koste oss i det fine veret. Fleire bilete på sidene til 1.steget, 2.steget, 3.steget og 4.steget Tekst og foto : Brita Flatøy
|
O-løp
med 3 og 4.steget[30.mai 2005]
3. og 4.årssteg har
vore ute og funne postar i kroppsøvinga. Tekst og foto : Gro A. Halvorsen
|
Brenneneslesuppe
og hastverksbollar.[20.mai 2005] I dag har 4.steget vore på kjøkkenet og laga suppe og bakt bollar. Nokre av elevane syntest det var kjempegodt med brenneneslesuppe, andre var litt meir skeptiske. Det var så travelt då me laga maten at me gløymde å ta bilete, men her ser de nokre glimt frå då me koste oss og åt, og litt frå rydding og oppvask. Tekst og foto : Brita Flatøy
|
![]()
Båttest på
Fletaneset |
|
12.april 2005
Studentane laga til ein kjempekjekk aktivitetsdag for heile småskulen på tysdag. Elevane vart delte i grupper og fekk vera med på ulike aktivitetar. Dei spelte fotball, var med på tikkenleikar, gjekk sporløype, hoppa lengde, kasta kule mellom anna. På bileta ser de elevane i aksjon. Du finn fleire bilete her>> Tekst : Brita Flatøy
|
|
17.mars 2005
Det er ikkje farleg om det regnar og vatnet fløymer overalt når me har så fin plass å gå til. Me hadde ein kjekk tur med leik og bålbrenning. Tekst: Brita Flatøy Foto: Rolf Håkon Nesheim
|
|
17.mars 2005
Onsdag 16.mars var 4.årssteget på museet. Me har jobba med eit tema om steinalderen i det siste. På museet fekk me læra endå meir om korleis folk levde på denne tida. Det var eit ufyseleg ver denne dagen, så villsvinnjakta gjekk føre seg i museumshallen. Tekst: Brita Flatøy Foto: Joakim H. Bjelland |
|
17.februar 2005
Onsdag 16.februar var me på tur
i Hustredalen. Me spidda pølser på bål, leika og
koste oss. Nokre av elevane var indianarar, andre
cowboyar. Varulvar og dinosaurar var det og der
oppe. Tekst & foto: Brita Flatøy |
![]() 14.februar 2005 Lærer å strikka Elevane på 4.steget lærer seg å strikka i desse dagar. Du finn fleire bilete på biletsida vår>> Tekst & foto: Brita Flatøy
|
|
8.februar 2005 Om samane i 4. På fjerde steget jobbar me med samane. Her er nokre bilete frå stasjonsarbeid. Gruppa er delt i fire. Ei gruppe lagar stalloar, ei anna lagar posar til å ha i beltet. Tredje gruppa skriv og teiknar til temaet, mens den siste gruppa lagar figurar. Tekst & foto: Brita Flatøy |
|
Matematikkdagar Måndag 7. februar har småskulesteget hatt
matikkdag. Elevane har arbeidd med teoretiske og
praktiske oppgåver både ute og inne. Det har vore
stor aktivitet på heile skulen. Tekst & foto: Kari Almås
|
|
7.januar 2005
På måndag
brann huset deira ned og på fredag fekk
Kristian, André og David flotte trøystegåver frå
venene sine på Sagvåg skule. Tekst & foto: Lars Bakka |
|
16.desember 2004
Onsdag 15.desember var tredje og fjerde steget på Sagvåg skule i skogen vår og kokte suppe og laga fuglemat av solsikkefrø og smolt. Elevane koste seg i skogen i det fine veret, og suppa var kjempegod. Tekst & foto: Gro, Maren og Brita
|
|
2.desember 2004 1.steget og 4.steget samarbeider På 1. og 4.steget har me hatt høgtlesing frå nokre av bøkene til Roald Dahl. Etterpå har me arbeid saman om å skriva eigne bøker. No skal me illustrera bøkene. Tekst: Aasne H. Vikanes
|
|
19.november 2004
Elevane frå 1. til 4-årssteg fekk oppleva Sirkus Xianti på Samfunnshuset fredag 19.november. Elevane på 3.steget fekk vera med på framsyninga. Du finn fleire bilete her>> Tekst: Lars Bakka |
|
Bilete frå praksis på 4.steget
|
|
27.oktober 2004
Onsdag 27.oktober var det aksjonsdag til til inntekt for Forutprosjekt på Sri Lanka. 3.årssteget hadde ansvar for kafeen og 4.steget hadde ansvar for loppemarknad og boksal. Takk til alle som støtta!
|
|
21.oktober 2004
Sjølv om me har eit godt bibliotek på Sagvåg skule, er det alltid kjekt å vera på bibliotekbesøk på Litlabø. Her er det mange bøker som me ikkje har på skulen. Ein annan ting som er ekstra kjekt med Litlabø, er at der er Kari Bolette. I dag fortalde ho eit spennande eventyr frå Afrika til oss. Dersom de har hug til å låna bøker på Litlabø, er opningstidene tysdag kl 13.00-15.00 og 16.00-19.00, og fredag kl 16.00-19.00. Brita |
|
4.oktober 2004
To små- og ei stor kanin klappa og koste me med i dag. Det var faren og veslebroren til Stian som kom innom med kaninene deira. Det såg ut som om både elevar og kaniner hadde det fint. Brita Foto: Sigve Moss & Brita Flatøy
|
|
29.september 2004
I veke 39 var det matpakkeveke ved Sagvåg skule. Her finn du nokre bilete frå veka>>
|
|
23.september 2004 Godt arbeid på 4.steget!
Nokre er forfattarar og skriv bøker på data. Det kjem til å bli spennande saker. Andre reknar eller skriv og teiknar i engelskboka. Fotballbanen er full av hol etter alt regnet. Den må fiksast, og elevane har lånt trillebåre, spade og rive. Brita
|
|
Onsdag 8.september var
heile skulen til fjells. Dei store elevane gjekk
Kattnakken, dei yngste var med til bommen. |