.

 

Sjå tilbake:
1.klasse 03/04>>

2.årssteg 04/05>>

Oppdatert 21.09.06 
  Her finn du bilete frå:  3. å r s s t e g  2 0 0 5/0 6
  Kontaktlærar:
   Annbjørg Luggenes annbjorg.luggenes@stord.kommune.no  
   
   
  Til Fletaneset
16.juni 2006

3. og 4. steget har vor på tur til Fletaneset. Dei prøvde om båtane dei hadde laga ville flyta. Det gjorde dei fleste, nokre så godt at dei for langt ut på vatnet. Ein kjekk tur i nydeleg vær.

Helsing
Gro og Annbjørg

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes og Gro A. Halvorsen

   
  Flott resultat
13.juni 2006

Elevane på 2. og 3. steget har seldt ulike ting til inntekt til FORUT.

Desse pengane skal gå til skulebyggjing i landsbyen Mabongisseh i Sierra Leone der Yebo bur. Elevane våre fekk inn 4000 kr. Eit flott resultat. Takk til alle som kjøpte ting av oss. Større bilete

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

 

   
 

Vil det flyta?
9.mai 2006

I det fine veret arbeidde 3.steget ute. Først gjetta me på kva me trudde kunne flyta, deretter kontrollerte me.

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

   
  Fuglar og dyr
28.mars 2006

3.steget arbeider med eit tema om dyr og fuglar. Nokre av timane er studentar frå høgskulen med. Elevane får ekstra god hjelp desse timane. Me kan dela dei i mindre grupper. Her ser de nokre glimt frå arbeidet på dei ulike gruppene.

 

Tekst & foto: Brita Flatøy

   
   
 

På tur
24.februar 2006

 

3. og 4.årssteg var onsdag på tur til skogen ved gamleskulen. Der steikte me pinnebrød, leika og spg på fleire ekorn som hoppa frå tre til tre. Ein kjekk tur i eit nydeleg ver.

 

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

   
 

Samarbeid 3. og 4. steget
 30.januar 2006

Elevane får vera på skrive, lego, flate klossar og teiknegrupper. Dei kosar seg og er kreative.

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes 

 

Leseveker, 3. steget
16.januar 2006

Kjekt med leseveker i ny skule. Det er mange fine plassar der me kan kosa oss med bøkene, som me har lånt i det flotte biblioteket vårt.

Me har og lånt bøker  frå Stord folkebibliotek. Me les, skriv bokmeldingar og fortel til medelevar om bøkene me har lese.

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

   
  Tid for julebakst.
1.desember 2005

Halve 3 og 4 steget har byrja med julebakst, resten bakar neste torsdag. Dei var flittige og kakene vart gode.

Gro

   

Mørketur, 3. steget
2
3.november 2005

Tysdag 22. november inviterte foreldrekontaktane til "Mørketur "i skogen ved Sætrevik. Elevar, søsken og foreldre hadde ein fin kveld saman. Takk til foreldrekontaktane!

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

 

   

Matematikk på 3.steget
2
2.november 2005

Ved hjelp av mjølkejartongar og korkar arbeider me med tala i området 50 til 100.
Store tal er kjekt og då me brukte alt me hadde, kom me til 1159

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

 

 

3. og 4. på tur
27.oktober 2005

3. og 4.årssteg var på tur i området ved kyrkja i dag. Me kokte suppe og leika.

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

 

 

 

Norsk og matte
[16.september 2005]

3.steget arbeider på grupper fleire gonger i veka. Her er nokre bilete frå fredag 16.september. Då hadde me besøk av studentar frå lærarhøgskulen. Dei har laga eit matematikkprogram som elevane fekk jobba med. De ser og bilete frå arbeid med norsk og matematikk i klasserommet.

 

Tekst & foto : Brita Flatøy

 

 

Samarbeid  mellom 3. og 4.steget
[7.september 2005]

3. og 4. steget har arbeidar saman i ulike grupper om torsdagane.
Her er nokre bilete frå gruppene.
Me var på norsk (løko).teckno, data og sløyd.
Elevane syntes dette var kjekt, dei gler seg til torsdag, for då er det nye grupper.

Tekst & foto:
Gro A. Halvorsen & Annbjørg Luggenes


.