.

Arbeidsplanane
til elevane veke for veke>>
 

Sjå også: 3.klasse 01/02>> 
3.klasse 02/03>>

3.klasse 03/04>>

Oppdatert 15.10.07 
Her finn du bilete frå:
  3. å r s s t e g  2 0 0 4/0 5                          
Pilgrimsvandring
[14.juni 2005]

Me hadde ein spanande og kjekk tur som vart leia av kateket Marit S. Grimstad.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

 

Heim til Maren
[8.juni 2005]

Onsdag 8 juni hadde 3 steget ein flotte dag heima hos Maren i Eldøy. Me fekk grillpølser, skuleboller, sjokoladekake og saft. Me såg når lamma fekk mjølk, fanga krabbar, fisk og sjøstjerner i stranda og leika på bakkane. Også traff me Siren som var saman med oss når me gjekk i 1 og 2 steget.

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

Tur for 1. til 4.steget
[1.juni 2005]

Heile småskulen har hatt ein kjekk tur til Almås i dag. Me grilla, gjekk tur i trollskogen og koste oss i det fine veret. Fleire bilete på sidene til 1.steget, 2.steget, 3.steget og 4.steget

Tekst og foto : Brita Flatøy

 

O-løp med 3 og 4.steget
[30.mai 2005]

3. og 4.årssteg har vore ute og funne postar i kroppsøvinga.
Kjempegod innsats!
Her er nokre bilete frå løpet

Tekst og foto : Gro A. Halvorsen

   Instrument på 3.årsssteg

4.mai 2005

Elevane på 3.årssteget har laga musikkinstrument dag.
Instrumenta skal brukast i Rikskonserten  på onsdag 11.mai.
 

 

 

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

22.april 2005

Verdas bokdag

I samband med Verdas bokdag var me på 3.steget så heldige at me fekk besøk av forfattar Solfrid Sivertsen frå Moster. Me hadde ein triveleg time saman med ei festleg forfattardame!

Foto: Laila Magnussen Tekst: Maren Ottesen
 

12.april 2005

Aktivitetsdag

Studentane laga til ein kjempekjekk aktivitetsdag for heile småskulen på tysdag. Elevane vart delte i grupper og fekk vera med på ulike aktivitetar. Dei spelte fotball, var med på  tikkenleikar, gjekk sporløype, hoppa lengde, kasta kule mellom anna. På bileta ser de elevane i aksjon. Du finn fleire bilete her>>

Tekst : Brita Flatøy

 

7.februar 2005

Matematikkdagar

Måndag 7. februar har småskulesteget hatt matikkdag. Elevane har arbeidd med teoretiske og praktiske oppgåver både ute og inne. Det har vore stor aktivitet på heile skulen.
Du finn bilete på 'matematikkdag-sida' vår>>

Tekst & foto: Kari Almås

 

6.januar 2005

Julebukkmasker

3.årssteg har laga mange flotte og kreative masker, så no kan dei som har lyst gå julebukk.


 

Tekst & bilete: Gro A. Halvorsen 

 

16.desember 2004

Tur i skogen

Onsdag 15.desember var tredje og fjerde steget på Sagvåg skule i skogen vår og kokte suppe og laga fuglemat av solsikkefrø og smolt. Elevane koste seg i skogen i det fine veret, og suppa var kjempegod.

Tekst & foto: Gro, Maren og Brita 


 

9.desember 2004

Baking med 3.steget

Onsdag var det 34.steget sin tur på kjøkenet. Me laga peparnøtter.
Kjempegode karer og stor stemning!


Tekst : Gro & Maren

19.november 2004

Magedans på Samfunnshuset!

Elevane frå 1. til 4-årssteg fekk oppleva Sirkus Xianti på Samfunnshuset fredag 19.november. Elevane på 3.steget fekk vera med på framsyninga. Du finn fleire bilete her>>

Tekst: Lars Bakka 

 

27.oktober 2004

Aksjonsdag

Onsdag 27.oktober var det aksjonsdag til til inntekt for Forutprosjekt på Sri Lanka. 3.årssteget hadde ansvar for kafeen og 4.steget hadde ansvar for loppemarknad og boksal.

Takk til alle som støtta!

 

29.september 2004

3.steget til Hauglandskvedno

3.steget nytta det fine haustveret til ein nydeleg tur til Hauglandskvedno. Ein frå museet starta kverna så me fekk sjå korleis dei mol korn i gamledagar.

 

29.september 2004

Matpakkeveka 2004

I veke 39 var det matpakkeveke ved Sagvåg skule. Her finn du nokre bilete frå veka>>

 

 

Ballongforsøk i 3.

3.steget hat eksprementert og leika med ballongar i skogen.

Gro

 

Med Sagvåg skule til fjells

Onsdag 8.september var heile skulen til fjells. Dei store elevane gjekk Kattnakken, dei yngste var med til bommen.
Det var mange blide fjes å sjå i det flotte haustveret.

Du finn fleire bilete frå turen her>>