|
18.06.04
3.årssteget
på pilegrimsvandring
Fredag 18. juni hadde me ei interessant pilegrimsvandring
i området rundt Nysæter kyrkje. Kateketen og presten var
med. Vandringa vart avslutta med ei lita samling i kyrkja.
28.05.04
Eg
fann, eg fann!
Her
kjem nokre bilete som viser litt av kva 3. og 4.årssteget
fann då dei var på tur i Bleikjevikjo torsdag 27. mai. Det
var krabbar, småfiskar, skjell i mange fasongar og tang og
tare.
Tid til å kosa oss med grilling fekk me og, og som om ikkje
det var nok, fekk alle kvar sin is då me gjekk forbi
butikken på veg heim.
Marta og Brita
[Klikk på bileta for å sjå større versjon]
 |
24.05.04
Arbeidsplan
i 3.Onsdagane har
3. årssteget ofte arbeidsplan. Alle må gjera oppgåvene på
planen, men dei kan sjølv velja rekkefølgje. Elevane
bestemmer sjølv når dei treng pause. Her er nokre bilete,
som viser litt av aktiviteten onsdag 19.mai.
Brita

|
13.05.04
Sosial samling på småskulesteget
Elevane på 1. til 4.steget fekk
oppleva ei flott sosial samling i gymsalen. Det var elevane
sjølve som stod for underhaldninga. Du finn bilete frå samlinga
på
denne
sida>> |
|
02.04.04
Solidaritetsaksjon
Torsdag 1. april har 3. og 4. årssteget hatt loppemarknad på
skulen.
Me ville samla inn pengar gjennom bistandsorganisasjonen
FORUT.
FORUT er ein organisasjon som er støtta av NORAD. Dei driv
utviklingsarbeid i mange land. Denne aksjonen har som mål å
læra barn om den globale uretten, men og skapa forståing for at
det nyttar å hjelpa.
Me inviterte 1. og 2. årssteget til å koma i gymnastikksalen
og kjøpa leiker, bøker og pynteting som dei har hatt med seg
heime frå. Dessutan hadde me sjokoladebollar og saft til sals.
Då me starta salet, var borda fulle av flotte 'lopper', men det
tok ikkje lang tid før alle varene var selde.
3. årssteget har også selt 'Solgaver' til inntekt for barn i
Sri Lanka.
Til saman har me fått inn 4700 kroner. Eit
flott resultat synest me! Takk til alle som var med og støtta
den gode saka.
Helsing Marta og Brita
 |
|
26.02.04
Student
frå Vidaregåande skule i 3.årssteg
I veke 9 har 3.årssteget hatt ein student frå Fitjar
Vidaregåande skule med seg i timane. Irene Våge er tidlegare
elev ved skulen vår, og me synest det er flott at ho kjem
tilbake på denne måten.
|
29.01.04
Endeleg
kom snøen!3. og
4.årssteg har hatt ein strålande dag i bakkane på Sætre onsdag.
På heimesidene til 3.årssteg og 4.årssteg finn du ein del bilete
frå aking og snøleik.
Marta og Brita
_small.JPG)
|
22.01.04
IKT-studentar
ved Sagvåg skule
3.årssteg har hatt IKT-studentar denne veka. Elevane har jobba
med oppgåver til temaet me arbeider med. Temaet heiter:
Kartet viser veg.
3. klassingane har mellom anna fått i oppgåve å finna kart over
plassen der dei bur. På bileta ser me heile gjengen arbeida med
å løysa ulike oppgåver frå studentane.
Helsing Brita
[Klikk på bileta for å sjå større versjon]
_small.jpg) |
08.12.03
Kveldskos
i 3.årssteg
Torsdag kveld hadde 3.årssteg ei kjekk samling på skulen saman med
foreldre, ein del søsken og nokre besteforeldre. Elevane song, spela på
ulike instrument og las dikt. Ei av foreldra hadde leikar med elevane. Ja,
og så var det mat. Mange hadde julebakst med, og det vart ei triveleg stund
både for små og store.

|
08.12.03
Sosial
samling i småskulen
Fredag
5.desember hadde småskulen ei stemningsfull "Sosial samling" i gymsalen.
Alle klassane hadde flotte framføringar. Klassane fekk også oppleva
medelevar spela gitar og framføring med tverrfløyte.

      
|
Ein
vanleg skuledag i 3.årssteg
Ofte er det dei
spesielle hendingane som får plass på heimesida til skulen. Det
er difor ekstra kjekt at 3.årssteg har teke ein del bilete frå
noke heilt vanlege skuledagar.
[Klikk på bileta for å sjå større
versjon]

Elevane har skrive ferdig eit eventyr. Dei har delt seg i
grupper og kvar gruppe spelar korleis dei trur det går med
prinsessa og trollet i Blåfjell

Me ser glimt frå gymnastikktimen. Her spelar årsstegn landhockey.

Tredje årsstegn er blitt gode på data. Her sit dei på datarommet og lagar
spørsmål til leseleksa.
Brita |
3.
og 4.årssteg har vore i Rukjen
Onsdag 19.november var 3. og
4. årssteg på tur til det flotte området vårt ved Rukjen. Elevane
koste seg me grilling av pølser og leik. Ein svært populær aktivitet er å
smi. Me har mange knivar som elevane brukar flittig. Femte årssteg har hengt
opp preseningar, så no gjer det ingenting om det kjem nokre dråpar.
Brita
 |
| Kjekke og
lærerike forfattarbesøk
23.10.03
I dag har 3. og 4.klassingane fått
oppleva Oskar Stein Bjørlykke, medan 6. og 7.årssteg fekk møta Bente Bratlund Mæland.
Du fin fleire bilete frå forfattartreffa på heimesidene til 3.- 4,-
6.-, og 7.årssteg
Les også
meir på SENTIMENTAL.NO>>
|
26.09.03
Uteskule
3. og 4.årssteg hadde utedag
ved Rukjen onsdag 24.september.
Me laga bål, steikte pinnebrød, og kosa oss
Du finn bilete frå turen på heimesida til 3.årssteg>> og
4.årssteg>>
Brita og Marta
|