.

Oppdatert 21.09.06                                                                                                                                      
Her finn du bilete frå:  2. å r s s t e g  2 0 0 5/0 6
 

1. og 2.steget på tur
 2.februar 2006

Onsdag 1. februar var 1. og 2. årssteget på tur til området ved 'Raugaløo'. Me leika i skogen og laga lappakaker på  steikjehelle over bål. Kakene var gode og me hadde ein fin tur.
 

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes m.f.

 

 
 
 
 

2.steget til museet
14
.desember 2005

Tysdag 13. desember var 2. steget på museet og fekk høyre om jul i gamle dagar.
Me hogg ved, vaska kler , bar vatn, steikte flatbrød og melka kua. Til slutt vart alle "vaska" i stampen.
Nissen lurte oss. Han åt grauten og sprang. Heldigvis låg nisselua att på låven.

Takk til foreldra som var med og køyrde.

Anne Brit og Kari

Tekst & foto:
Kari Almås & Anne Brit Holm

2.steget på omvising
8
.desember 2005

I dag var det 2.steget som fekk omvising på nye Sagvåg skule.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

I går var det vinter
1.desember 2005

Onsdag 30. november hadde 1. og 2. årssteget ein kjekk tur i fint vintervêr. Me laga pinnebrød og leika i snøen.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes


Utedag for 1.og 2.steget
2.november 2005

Det vart ein fin tur i dag og. Me hadde stormkjøken med og koste oss med tomatsuppe.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Leikestund i 2.
25
.november 2005

Kvar fredag har 2. steget ei leikestund der dei brukar store og små klossar, bilar og Lego.

Tekst & foto: Kari Almås

 


Utedag for 1.og 2.steget
2.november 2005

Det vart ein fin tur i dag og. Me hadde stormkjøken med og koste oss med tomatsuppe.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Songstund i 1. og 2.steget
[15.september 2005]

1. og 2. steget har songstund saman ein gong i månaden. Denne gongen var me i rommet til 2. steget. Fleire bilete på sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst & foto : Kari Almås, Aasne H. Vikanes, Brita Flatøy

 

Kjekt i friminuttet
[7.september 2005]

Elevane på 2. steget er flinke til å leika i friminuttane.

Fleire bilete på sida til 1.steget

Tekst & foto: Kari Almås

 

Ut på tur
[24.august 2005]

Onsdag 24.august var 1. og 2.årsstget på tur saman. Me leika og plukka blåbær. Mange vart våte og skitne, men me hadde det kjekt. Fleire bilete i albuma våre 1.steget og 2.steget

Tekst & foto: Asne H. Vikanes