.

Oppdatert 15.10.07 
Her finn du bilete frå:
  2. å r s s t e g  2 0 0 4/0 5
Sommarfesten 2005
[15.juni 2005]

Onsdag 15.juni vart den siste sommarfesten ved gamle Sagvåg skule arrangert. Elevane på 1. til 4.steget hadde framføringar for foreldra i undervisningsromma sine medan 5. til 7.steget hadde sommarshow med underhaldning i gymsalen. Etterpå var det vaffelsteiking ute på framsida av skulen. Me var heldige med veret og det såg ut til at alle kosa seg.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Annbjørg Luggenes & Marta Myhre

 
Framleis gode vener!
[14.juni 2005]

Fadrane frå 7.steget er framleis gode vener med elevane på andre årssteget. Tysdag 14.juni hadde me leikar som  "slå på ringen", "katt og mus", "eit to tre, rødt lys", hoppa slengtau og paradis.  Til slutt var me i skogen og leika "kongen befaler". 

Tekst & foto: Marta Myhre og Kari Myhre

 

 

Tur for 1. til 4.steget
[1.juni 2005]

Heile småskulen har hatt ein kjekk tur til Almås i dag. Me grilla, gjekk tur i trollskogen og koste oss i det fine veret. Fleire bilete på sidene til 1.steget, 2.steget, 3.steget og 4.steget

Tekst og foto : Brita Flatøy

 

12.mai 2005

Til biblioteket på Litlabø

Onsdag 11.05.05 var 2.steget på biblioteket på Litlabø. Takk til Kari Bolette som hadde ei flott eventyrstund for oss. Elevane fekk låna mange kjekke bøker.

Etterpå var me på tur saman med 1.steget.

Tekst og foto : Annbjørg Luggenes

 

12.april 2005

Aktivitetsdag

Studentane laga til ein kjempekjekk aktivitetsdag for heile småskulen på tysdag. Elevane vart delte i grupper og fekk vera med på ulike aktivitetar. Dei spelte fotball, var med på  tikkenleikar, gjekk sporløype, hoppa lengde, kasta kule mellom anna. På bileta ser de elevane i aksjon. Du finn fleire bilete her>>

Tekst : Brita Flatøy

 

7.februar 2005

Matematikkdagar

Måndag 7. februar har småskulesteget hatt matikkdag. Elevane har arbeidd med teoretiske og praktiske oppgåver både ute og inne. Det har vore stor aktivitet på heile skulen.
Du finn bilete på 'matematikkdag-sida' vår>>

Tekst & foto: Kari Almås

 

2.februar 2005

Eventyr & segn på 2.steget

2. årssteg har arbeidd ei tid med temaet "Eventyr og segner". Me har då laga Ådlandshornet i "gull" og papp, og ein flokk med troll i leire. Trolla har vore både skumle og blide der dei har stått og sett på oss frå hylla.

Kontaktlærarane på 2. årssteg.

Tekst & foto: Marta Myhre & Annbjørg Luggenes

 

26.januar 2005

Akedag

v1.- og 2.årssteget har hatt enno ein fin dag i snøen. Onsdag 26.januar fekk elevane aka i Sætrabakken.
Takk til Kjartan og familien hans for at me fekk koma!

Tekst : Aasne H. Vikanes

 

 

20.januar 2005

Turdag med snø

Onsdag 19.januar fekk 1.- og 2.årssteget seg ein fin dag med uteskule i snøen.

Tekst : Lars Bakka Foto: Aasne H. Vikanes

 

7.januar 2005

Flotte gåver

På måndag brann huset deira ned og på fredag fekk Kristian, André og David flotte trøystegåver frå venene sine på Sagvåg skule.
Det var foreldra til elevane på 1., 2. og 4. årssteget som ville gje dei tre gutane ei gåve etter den triste starten på det nye året.
Du finn bilete av overrekkinga av gåvene på biletsidene til 1.årssteget>>, 2.årssteget>> og 4.årssteget>>

Tekst: Lars Bakka Bilete: Marta Myhre,

16.desember 2004

Grautfest

Onsdag 14.desember inviterte 1.årssteget 2.årssteget på grautfest. Etterpå leika me ilag. Me hadde det kjekt.

Tekst & foto: Kari Almås 


 

7.desember 2004

Jul på museet

2.årssteget var i dag på museet og fekk høyra om juleskikkar i gamledagar. Me baka, vaska golv, vaska klede, høgg ved og kjerna smør" til julehelga. Me fekk også laga kvar sitt honninglys.
Ein flott tur!  

Tekst & foto: Kontaktlærarane i 2.årssteget

 

19.november 2004

Magedans på Samfunnshuset!

Elevane frå 1. til 4-årssteg fekk oppleva Sirkus Xianti på Samfunnshuset fredag 19.november. Elevane på 3.steget fekk vera med på framsyninga. Du finn fleire bilete her>>

Tekst: Lars Bakka 

 

19.oktober 2004

Haust på 2.årssteget

Me arbeider med temaet 'Haust' på 2.årssteget og har baka eplekake idag. Etterpå kosa me oss med kake og saft.

Kontaktlærarane i 2.

13.oktober 2004

Fin turdag på 1. og 2. steget.

Me laga bål og steikte pinnebrød. Det var kjekt, mange ville steikja fleire brød, så det var stor aktivitet ved bålet.

Aasne og Annbjørg 

 

29.september 2004

Matpakkeveka 2004

I veke 39 var det matpakkeveke ved Sagvåg skule. Her finn du nokre bilete frå veka>>

 

 

9.september 2004

Med Sagvåg skule til fjells

Onsdag 8.september var heile skulen til fjells. Dei store elevane gjekk Kattnakken, dei yngste var med til bommen.
Det var mange blide fjes å sjå i det flotte haustveret.

Du finn fleire bilete frå turen her>>

 

25.august 2004

Blåbærtur med 1.og 2.steget

Onsdag 25. august var 1. og 2. årssteg på tur saman. Dei leika kjekt i lag. Mange fann blåbær. 

Kari Almås

[Klikk på bileta for å sjå stor versjon]