.

Oppdatert 21.09.06 

Her finn du bilete frå:  1. å r s s t e g  2 0 0 5/0 6
Tur med Litlabø slule
31.mai 2006

Tysdag 30.06 hadde småskule-steget tur til Goamyro i Almåsmarka saman med Litlabø skule.

Me hadde det kjekt i det fine veret. Elevane var ivrige både i trimløype og med naturoppgåver. Sjølvsagt vart det òg tid til pølsegrilling og avslapping.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

 

 
Tur både i regn og sol
23.og 30.mai 2006

Onsdagar er uteskule på 1.årssteg. Me var ute i sol og regn 23. og 31 mai.

Tekst & foto: Aase Vikanes

 
Til "Raugaløo"
10.mai 2006

 

10. mai var 1. og 2. klassesteget på tur til området ved "Raugaløo". Me koste oss med nista, bygde hytte og hadde ein kjekk dag i sola.  

 
Utslettefjellet.
9.mai 2006

Tysdag var 1.steget og fadrane deira på  Utslettefjellet. Som de ser av bileta, var  veret flott.  Me hadde ein svært kjekk tur.

Tekst & foto:
Aasne H Vikanes & Toril S. Bruket

Glimt frå 1.steget i arbeid
28.mars 2006

 
Kven er det som trampar..
23.mars 2006

22.03.05
Først hadde me stasjonsarbeid, så gjekk med på tur og grilla pølser. Her er nokre bilete frå dei ulike aktivitetane.

23.03.05
1. årssteget har eventyr som tema. Torsdag dramatiserte elevane eventyret om Bukkane Bruse.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes & Brita Flatøy

 

Gymsalaktivitetar
februar 2006

 

1.steget 21. og 22. februar
22.februar 2006

 Her kjem bilete frå nokre av aktivitetane våre desse to dagane.
Me har mellom anna arbeidd på stasjonar. Denne veka er det bokstaven O me øver spesielt på.

Tysdag var me på tur til Jensanes og onsdag var det tur med bål og steiking av pinnebrød.


 

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

1. og 2.steget på tur
 2.februar 2006

Onsdag 1. februar var 1. og 2. årssteget på tur til området ved 'Raugaløo'. Me leika i skogen og laga lappakaker på  steikjehelle over bål. Kakene var gode og me hadde ein fin tur.
 

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes m.f. 

 
 
 
Dikt  på 1.steget
19.januar 2006

19.januar skreiv me dikt saman med studentane. Det vart nokre fine vinterdikt.
 

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Julekort frå 1.steget
16
.desember 200

Torsdag 15. desember var 1. årssteget i Sagvåg og posta julekort som elevane hadde laga sjølv. Tidlegare på dagen hadde me leikestund. Dei som var på klossegruppa laga den nye skulen. Der var både gymnastikksal og amfi.

Tekst & foto: Aasne H. Viksnes

 

Lucia
12
.desember 2005

Det er tradisjon at førstesteget går Lucia ved Sagvåg skule.13.desember skal 1.steget på omvising på nyskulen, så da vart det Lucia den 12.

Tekst: Lars Bakka Foto: Aasne Vikanes og Brita Flatøy

 

 

Førjulstid ved Sagvåg skule
1.desember 2005

Kjekt å baka julakaker, og  laga ein lita gåve til nokon ein bryr seg om. Det var aktivitetane då 6. steget og 1. steget kosa seg saman fyrste dagen i julamånaden.

Tekst & foto: Toril S.Bruket

 

 

I går var det vinter
1.desember 2005

Onsdag 30. november hadde 1. og 2. årssteget ein kjekk tur i fint vintervêr. Me laga pinnebrød og leika i snøen.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 


Utedag for 1.og 2.steget
2.november 2005

Det vart ein fin tur i dag og. Me hadde stormkjøken med og koste oss med tomatsuppe.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 


Eplekakebakst

27.oktober 2005

Etter å ha hausta eple for nokre veker sidan, baka 1.steget eplekake saman med fedrane sine. I tillegglas fadrane til fadderborna, og dei spelte spel saman.
Ein kjekk dag!

Tekst & foto: Toril S. Bruket

 

 

 

Nokre glimt frå ein vanleg dag på 1.steget.
14.oktober 2005

1.steget arbeider med temaet haust. Bileta viser elevar som  er delte i grupper og lagar skogsmiljø med dyr og planter. Andre elevar er opptekne med Steg for steg. I det fine veret brukar me og mykje tid til å leika ute. Denne dagen har me også hatt gymnastikk og arbeidd i grupper med norskoppgåver.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

'Treet vårt'
22.september 2005

22.september var  1.årssteget på tur og fann seg sitt eige tre. Me vil sjå kva som skjer med treet i løpet av eit år. I gangstien bort til nye Sagvåg skule fann me ei lønn. No er treet pynta med blonde slik at me kan kjenna det att.

Tekst & foto : Aasne H. Vikanes & Brita Flatøy

 


 

 

Haust & frukt på 1.steget
21.september 2005

På 1.årssteg arbeider me med temaet haust. Tysdag 20.september laga me fruktsalat. Det var kjempegodt.
 

Tekst & foto : Aasne H. Vikanes & Brita Flatøy

Songstund i 1. og 2.steget
[15.september 2005]

1. og 2. steget har songstund saman ein gong i månaden. Denne gongen var me i rommet til 2. steget. Fleire bilete på sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst & foto : Kari Almås, Aasne H. Vikanes, Brita Flatøy

 

 


Koseleg start på ei ny veke
[12.september 2005]

I dag har 1.- og 6.årssteget hatt leikestund i lag. Det er alltid kjekt å vera saman med fadrane.
 

Tekst & foto : Aasne H. Vikanes

 

Stasjonsarbeid på 1.årssteg
[2.september 2005]

I dag har me teke nokre bilete  frå stasjonsarbeid og leikestund. Her er teksten du kan bruka.

1.steget vert delt i grupper fleire gonger i veka. Då har me ulike aktivitetar. Nokre elevar skriv på data, andre øver på rimord, spelar spel eller leikar med modellkitt. Her er nokre bilete frå stasjonsarbeidet 1.september. Etterpå leika elevane med leiker dei hadde med heimafrå. De finn nokre bilete frå denne leikestunda og.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

 

Ut på tur
[24.august 2005]

Onsdag 24.august var 1. og 2.årsstget på tur saman. Me leika og plukka blåbær. Mange vart våte og skitne, men me hadde det kjekt. Fleire bilete i albuma våre 1.steget og 2.steget

Tekst & foto: Asne H. Vikanes

 

Andre skuledag
[18.august 2005]

Endeleg kom den store dagen. 1.årssteget har allereie funne seg godt tilrette på skulen.