Plantefarging med lav

Framside

Generelt om plantefarging

Kjemikaliar

Oppskrifter med:

Bjørk

Røsslyng

Blåbærlyng

Einstape

Lav

Andre fargar

 

Avslutt

Garnfargen vert brun eller gulbrun.

 

Lav kan samlast heile året, og er enklast å  samla når dei er våte. Finn du grå lav, lik den vi brukar på kransar, kan du berre gå forbi. Denne gjev nesten ikkje farge.

 

·        Til 50 gram garn treng du 200 gram frisk lav.

·        Bland lav og garn i kokekaret.

·        Fyll opp med vatn slik at garn og lav flyt.

·        Ha i 20 gram alun.

·        Set kokekaret på plata og varm opp til 90 *C.

·        La fargebadet halda temperaturen i eit par timar.

·        Set kokekaret i varmeskap eller ta det med i klasserommet

          og pakk det inn i avispapir og eit teppe.

·        La det stå slik eit par dagar.

·        Ta garnet opp av kokekaret, skyll og vask det.

 

 

Ein lavart som heiter korkje kan gje raud farge dersom han vert fukta med urin. Dette er ikkje noko vi ønskjer å arbeide med saman med elevane. Men dersom du skulle få lyst på eiga hand, er dette mogeleg.

 

Sist oppdatert 20.11.04 av Toril Sandvik Bruket