Generelt om plantefarging

Framside

Generelt om plantefarging

Kjemikaliar

Oppskrifter med:

Bjørk

Røsslyng

Blåbærlyng

Einstape

Lav

Andre fargar

 

Avslutt

Bruk rein ny ull i naturkvitt, dette kan du kjøpa i garnbutikk. Også Klikk her for å sjå oppskrifta størreuspunnen ull kan brukast, men då må ho vera fri for feitt og smuss.

 

Dei fleste plantene vi gjev oppskrift på bør samlast før vi går inn i september månad. Då gjev dei best farge. Lyngplanter bør samlast like før dei blømer. Vi meiner det er viktig å samle plantene saman med elevane, slik får dei eit heilskapsinntrykk av fargeprosessen.

Dei plantene vi gjev oppskrift på gjev garnet  farge i ulike gulnyansar, bortsett frå lav, der fargen vert brun eller brungul.  Dersom du vil ha andre fargar, kan du klikka deg inn på ”linken” *Korleis få andre fargar?

 

Dette utstyret treng du:

Kokekar (emaljert eller stål, fig. 2) stort nok til at det er plass til garnet, planta og vatn.

Tresleiv eller rørepinne.

Plastbøtte til å vaske garnet i etter farging.

Plastskei til å måla opp kjemikalier.

Termometer som måler opp til 100 *C. (Dette er ikkje heilt naudsynt, men greit å ha)

 

Garnet, som skal vera bunde saman  i ei hespe (sjå fig.1), må på førehand bindast  saman, slik at det ikkje løyser seg opp under farginga. Vi ynskjer ikkje å ha etterarbeid med ein garnvase.

 

Sist oppdatert 20.11.04 av Aasne H. Vikanes

Illustrasjonen kan forstørrast ved å klikka på han.