Korleis få andre fargar?

Framside

Generelt om plantefarging

Kjemikaliar

Oppskrifter med:

Bjørk

Røsslyng

Blåbærlyng

Einstape

Lav

Andre fargar

 

Avslutt

VEL FARGE:

RAUDFARGE VED BRUK AV KRAPP

RAUDFARGE VED BRUK AV SKJOLDLUS

BLÅFARGE

GRØNGUL

GRÅTT/ GRØNT

 

RAUDFARGE VED BRUK AV KRAPP:

For å få raudfarge må du beisa garnet med alun på førehand. Røtene til ei plante som heiter krapp må nyttast til fargemiddel. Røtene må leggjast i vatn dagen før, og har du vørterøl i bløytevatnet får du ein fin raudfarge.

 *50 gram krapp til 50 gram garn.

·        Legg krappen og garnet i kokekaret.

·        Rør ofte i garnet.

·        Varm opp til 65-70 *C

·        Du bør røra i minst to timar for å få ein fin farge.

·        Skyl garnet godt i lunka vatn.

 

Krapp får du kjøpt i husflidbutikkar eller fargehandel, og det er dyrt.

 

 

RAUDFARGE VED BRUK AV SKJOLDLUS:

 Skjoldlusa blir importert frå Mexico og må knusast til fint pulver.

Garnet skal ikkje beisast på førehand.

 Skjodluspulveret må kokast i vatn i 10 min. saman med vinstein.

*.Ha i 5 gr. pulver til 50 gr. garn, samt 5 gr vinstein.

·        Legg 50 gr garn  i blandinga.

·        Varm opp til 90*C

 

·        La garnet liggje i fargeblandinga i ein time, rør ofte i blandinga.

·        Ta garnet opp av kokekaret og tilset 1 gr tinnsalt.

·        Legg garnet i på nytt, no vil fargen endra seg frå raudblå til klar raud.

·        La garnet tørka før det vert vaska.

 

Skjoldlus kan kjøpast på apotek, og er dyrt!

 

 

BLÅFARGE:

Her er fargeemna svært begrensa. Det finst berre eitt som gjev ekte blåfarge, og det er indigo. Det finst også nokre små lus som gjev garn båfarge. Å farga blått er krevande og vanskeleg. Ved bruk av indigo må farginga foregå i to avdelingar avdi indigo ikkje kan oppløysast i vatn. Vi anbefalar ikkje å farge garn blått.

Dersom du skulle falla for freistinga å bruka blåbær, vil du bli skuffa. Fargen vil ikkje halda meir enn ei veke i sola på ullgarn. Derimot kan du prøva å farga bomullsgarn med blåbær, bomullen trekkjer fargen mykje betre til seg enn ull.

 

 

GRØNGUL:

Dersom du brukar ei av oppskriftene som gjev gul farge, og tilset koparvitriol mot slutten av farginga, får du ein grøngul farge.

 

Koparvitriol  er giftig og kan kjøpast på apotek.

 

 

GRÅTT/ GRØNT:

Denne fargen oppnår du dersom garnet er beisa med kaliundikromat, og du gjer slik som ovanfor. Fargar du med burot vert fargen grøn, elles kan fargen fort bli grå. Jervitriol kan skada garnet.

 

Jervitriol kan kjøpast på apotek.

 

Sist oppdatert 20.11.04 av Egil Petterteig

Biletet er henta frå boka Farg ull med planter, av Ester Nilsen (Dreyer)