Arbeidet med museet
tok til hausten 2000, og er eit prosjekt som er blitt til med
"søyle- midlar" frå Stord kommune. Arbeidet med museet er
ikkje fullført, og utover våren 2001 vert det registrert fleire
gjenstandar.
Dette virituelle museet skal vera ein base som kan gje oversikt over kva
Sagvåg skule eig av skulehistorisk materiell. Tanken er også at noko av
dette kanskje kan vera med til den nye skulen i Rukjen. Det kan gje den
nye skulen identitet og visa at skulen har djupe røter i Sagvåg.
Ei
spesiell takk til Malvin Vikanes som har fotografert mange av gjenstandane
i samlinga!
Lars
Bakka
-rektor-
50
år etter.....
I oktober 2004 hadde me vitjing av
elevene som gjekk ut frå Sagvåg skule for 50 år sidan. Det vart eit
nostalgisk møte med gamleskulen. Du finn nokre bilete
her>>
|