|
Oversikt over arbeidet med vedlikehold og
ferdigstilling av Sagvåg skule med for tilsette, elevar og FAU |
|
Låssystemet20.06.06
Tysdag 20.juni har alt som gjeld låssystemet fungert som det skal. Då
lærarar og elevar går ut i sommarferie 21.juni vert systemet ikkje testa i
praktisk bruk før til hausten.
15.06.06
Alt fungerer ikkje som det skal no ei veke før skuleferien tek til. Dette
gjer meg noko uroleg fordi eg då er redd fo at me heller ikkje ved
skulestart i august 2006 vil ha eit system som fungerer slik det skal.
(Elevar og lærarar tek ferie onsdag 21.juni.)
(I dag 15.juni kom ikkje SFO tilsette seg inn på skulen kl 07.00. Heller
ikkje lærarane kom seg inn i huset. Først då eg kom kl 07.45 kunne skulen
opnast. Pr. 15/6 er det nok berre rektor og dei to reinhaldarane som har
nøkkelkort som fungerer som dei skal ved opning av huset om morgonen.
Årsaka til dette er at Hovland Elektro måtte legge inn nye rutinar med
tasting av kode ved opning av skulen i førre veke for at systemet skulle
vera FG-godkjent. ) |
Reperasjon etter
vass-skade>>
15.06.06
Eg vonar at Hovland Elektro snart får klarsignal til å ordna dei lysa som
vart øydelagt då sprinkleranlegget vart utløyst.
Det same gjeld nytt amfi inne og gymsalgolvet. Alt dette bør gjerast i
samband med legging av golv i inngangspartiet.
Det er også vass-skade på golvet i gymsalen etter den andre gongen
sprinkleranlegget hadde lekkasje. |
Golv i inngangspartiet
20.06.06
Fekk i dag melding frå Engevik & Tislevoll A/S om at govet ikkje vert lagt i
sommarferien då dei endå ikkje har fått melding om kva type golv som skal
leggast.
15.06.06
Eg vonar at golvet i inngangspartiet vert lagt før skulestart i august,
noko anna ville vore svært upraktisk både for Engevik & Tislevoll og oss.
|
Glasdørene
15.06.06
Dei tre store glasdørene stenger seg diverre ikkje automatisk kl 15.30 slik
dei gjorde før. Dette er svært upraktisk m.a. fordi nøkkellåsane nok ikkje
er meint for dagleg bruk då dei er momtert ganske høgt oppe på veggen. Den
tredje glasdøra fungerer heller ikkje og må no trekkast igjen med
handamakt, ho låser seg ikkje og det er ganske tungt og upraktisk. |
Innetemperatur
15.06.06
Når det er sol viser det eg at det i snitt er 6 til 7 grader varmare inne
enn ute. På dagar med over 23 grader er det med andre ord 30 grader inne
sjølv om me set opp dei få vindauga som kan opnast. Eg har bede Terje
Barane sjå nærare på temperaturane på bygget for å sjå om noko kan gjarest
med det eksisterande anlegget for å betre inneklimaet. |
Innbu
15.06.06
Her det meste på plass. Dert manglar framleis nokre gardiner m.a. på
personalrommet. Dette er eg i dialog med Terje Koløen om.
|
|
|