Historieprosjektet
|
Klikk på bileta
for å sjå større versjon. |
|||||
|
Vervadagen Tysdag 2.september kl 09:50 Skule på ein laurdag! 7. steget hadde to kjekke timar på Jensaneset under vervadagen. Dei fleste kunne stilla til ein noko uvanleg, men lærerik dag. Dei filma, tok bilete og noterte fakta, om alt frå bekgryta til gamle båtar. Det var kan henda alle lydane og luktene som gjorde sterkast inntrykk. Lukta av bek var ny for mange. Kva er det? Kva blei det brukt til? Kvar kjem det i frå og korleis blei det laga? Desse og mange andre spørsmål skal elevane prøva å finna svar på.... Tekst: Kjell Byrknes Foto: Elevane |
|||||
|
'Eg byggjer ein båt' Tysdag 2.september kl 12:10
7.steget fekk i dag koma til Verven på Jensaneset og vera med på opplegget "Eg byggjer ein båt". Me fekk sjå teater om ein båtbyggjar med stort pågangsmot, og me fekk vera med på praktiske oppgåver, som å byggja ein færing i halv målestokk, og smi og klinka ein nøkkelhaldar. Elevane var veldig engasjerte og fekk skryt for at dei var nevanyttige :-) Tekst: Egil Petterteig Foto: Egil Petterteig & Kjell Byrknes |
|||||
|
|||||
|
||||