og
 LESELYST

Under finn du revidert plan for arbeidet med skrive- og leseopplæringa ved Sagvåg skule.

Sagvåg skule 10.mars 2006

Lars Bakka
- rektor-

Lokal plan for arbeid med leseopplæringa ved Sagvåg skule
  • Det er laga målark for norskfaget for alle årsstega. I desse målarka er det også laga detaljert oppsett for måla knytt til leseopplæringa Les meir>>
    (Målarka vart reviderte i juni 2004)

  • Skulebiblioteket har vore eit satsingsområde. Les meir her>>

  • Det vert gjennomført leseveke på mellomsteget kvart år. Les meir>>

Oversikt over lesestimulerande tiltak på dei ulike årsstega
1.årssteg: "Eg lærar å lesa"
  • Alfabetarket
    Ein av dei første dagane på skulen får alle elevane utdelt sitt eige ”alfabetark”

  • Språkverkstaden
    Språkverkstaden dannar grunnpilaren i dei skriftspråk- stimulerande aktivitetane saman med ”Å skriva seg til lesing”.

  • Skriva seg til lesing
    Elevane arbeider frå første dag med å skriva seg til lesing parallelt med språkverkstaden.
    Les meir i BT>>

  • ABC Hokus Bokus
    ABC Hokus Bokus består av en kassett med 18 forskjellige små lesebøker med de enkleste øvingstekster for den som holder på å lære seg kunsten å lese.


Etter at me fekk god tilgan til berbare datamaskinar skjer all digital tekstskaping i Fronter. Her er det elevane på første årssteget som er i arbeid.

2.årssteg: "Eg kan lesa"
  • Språkverkstad
    Språkverkstaden dannar grunnpilaren i dei skriftspråk- stimulerande aktivitetane saman med ”Å skriva seg til lesing”.
  • Tekst frå turdagen og andre sjølvlaga tekstar
  • Mange lettlestbøker med varierande vanskegrad
  • Leselekse 2 dagar i veka
  • Stillelesing 2 dagar i veka
  • Høgtlesing for elevane kvar dag
  • Me har vore på skulebiblioteket kvar veke, der har me sett i bøker og lånt bøker med heim. 
  • Vore på bibliotekbesøk (Litlabø)
3.årssteg: "Eg er flink til å lesa"
  • Elevane har leselekse heime 3 gonger i veka. Elevane les denne leksa høgt for ein vaksen eller ein medelev. (Dette greier me ikkje å få gjort kvar dag).
  • Låning av stillelesings- og heimebøker kvar veke på skulen.
  • Stillelesingsøkter.
  • Besøk på biblioteket på Litlabø.
  • Spesielle bokveker, eller leseveker, på skulen.
  • Skriva korte bokmeldingar.
  • Lesa bøker, skriva lengre bokmeldingar som elevane les for resten av klassen.
  • Læraren les høgt for elevane


Bruk av 'Smartboard' i leseopplæringa på 3.steget

4.årssteg: "Eg les kvar dag"
  • Elevane har ulike lesebøker. Dei les frå desse til kvarandre i mindre grupper.
  • Daglege høgtlesingsstunder.
  • Tema om barnelitteratur i hausthalvåret.
  • Elevane brukar stillelesingsbøker. Dei har samtale om bøkene med visse mellomrom, og fortel då om bøker dei likar.
  • Går til biblioteket på Litlabø to gonger i året.
  • Fast lånedag på skulen sitt bibliotek.
5.årssteg:
  • Fast lånedag på skulen sitt bibliotek, og fast lesetime minst ein gong i veka.
  • Me går til biblioteket på Litlabø ein til to gonger i året.
  • Tek tid til høgtlesing i klassen (lærar les til klassen).
  • Me har leseveker to gonger i året, der elevane les mykje, skriv bokmeldingar og lærer om forfattarar.
  • Me har tinga "Leselyst"-prosjektet frå PPT. Dette ventar me på, då det for tida er på ein annan skule.(Juni 04)
6.årssteg:
  • 6. årssteg har ein periode på 3 -4 veker der me ikkje har vanlige leselekser. Elevane fekk lese omtrent kva de ville, men skulle føre opp kor mange sider dei las på arbeidsplanen. Me førte fellesstatistikk i klasserommet. Elevane leste svært myke, og var godt motiverte. Me hadde ein lesetest før og ein etter.  Den viste at elevene hadde auka lesefarten.
7.årssteg:
  • Fast lånedag på skulen sitt bibliotek
  • Me går til biblioteket på Litlabø ein til to gonger i året.
  • Tek tid til høgtlesing i klassen (lærar les til klassen).
  • Ein til to ggr. for året har me ei leseveke. Elevane les sjølve, og skriv bokmeldingar.
  • Elevane les for kvarandre i mindre gupper.
  • Kopla film til bøker og motsett om mogleg.


Det er 'tilsette' elevar på 7.steget som har ansvaret for drifta av skulebiblioteket.

Vedlegg:
Individuell progresjon skrive- og leseopplæringa

Utstyr & læremiddel grunnleggjande skrive- og leseopplæring

Grunnleggjande lese og skrive opplæring

Alfabetarket

Ein av dei første dagane på skulen får alle elevane utdelt sitt eige ”alfabetark”

 

Språkverkstaden

Språkverkstaden dannar grunnpilaren i dei skriftspråk- stimulerande aktivitetane saman med ”Å skriva seg til lesing”.

Skriva seg til lesing

Elevane arbeider frå første dag med å skriva seg til lesing parallelt med språkverkstaden.
Les meir i BT>>

ABC Hokus Bokus

Gulbrandsen, Jorun | ISBN: 82-496-0318-4

ABC Hokus Bokus består av en kassett med 18 forskjellige små lesebøker med de enkleste øvingstekster for den som holder på å lære seg kunsten å lese.

Pris kr 458,00

Leseverkstedet/Leseverkstaden

Tingleff, Heidi

Til Leseboka for 2. klasse er det utarbeidet en egen boks med 18 ulike lettlesbøker. Alle bøkene er på 16 sider. De er rikt illustrert og tekstene følger tema i bokstavplakatene.

Pris kr 458,00

Leseopplæring for deg som kan lese

Lesebroa bm

Lesebroa/Lesebrua

Tingleff, Heidi

Lesebroa består av ei lesebok med arbeidsbok. Lesebroa er ment å bygge bro over gapet mellom begynneropplæringa i lesing og de mer avanserte norskverkene som finnes for 3. klasse.

Pris kr 159,00

Gullhoj seriar ”Eg kan lesa”

Fleire seriar med lettleshefte

 

Diverse leseverk,bøker frå biblioteket og faglitteratur

Fleire seriar med lettleshefte