| Nyaste elevrådsmøte | |
| Tidlegare saker i elevrådet 2011/12>> | |
| | Læreplan for elevrådsarbeid >> | Tilbakeblikk på elevrådet>> | Klasseråd! NY! | |
|
Dette året vert elevrådsmøta tysdagar kl. 10.00 på Bleikjo.
Her er datoane: |
|
|
1.klasse (sag10) 2.klasse (sag09)
Alle må halda det fint. Ingen må grisa det til. 3.klasse (sag08) 4.klasse (sag07) 4. klasse har hatt klasseråd, og elevane kom med eitt forslag til elevrådsmøtet. Klassen har ønskje om ein trampett til innebruk i kroppsøving. Det er plass til ein elev om gongen på denne, og ein hoppar/dett ned på tjukkassen. Elevrådet meiner det hadde vore kjekt med trampett. Det må vera vaksne med under bruk.
Svar frå rektor: Det er
strenge reglar for bruk av trampett i skulen. Lærarane som skal vera
instruktørar skal m.a. ha eige kurs. Det har vore rettsakar der skular har
blitt dømt for å vera uakstomme i samband med at elevar er blitt skadd på
trampett: Det vert nok ikkje trampett på Sagvåg skule før ein lærar har teke kurset. 5.klasse (sag06) 6.klasse Kan me få nye sjongleringsballar? Dei somme hadde er øydelagt, ein del tulla med ballane. Fint om me kan få nye. Svar frå rektor: Ja, eg skal snakka med aktivitetsleiarane om det! Mange hiver frukt ute. Det er most banan på vindauget til gym.salen. Elevrådet meiner at dei som gjer det må slutta med det.
Kan me få ny brentballkølle? Den er øydelagt. Me har sett elevar bruke brentballkølla til å leikeslost med. Elevrådet meiner at dei som øydelegg utstyret ikkje bør få låna det. Fint om me kan få ny kølle. Svar frå rektor: Ja, eg skal snakka med aktivitetsleiarane om det! Me inviterte Lars Bakka på klasseråd for å diskutere akvarie, pokal og ballbinge.
Svar
frå rektor: Eg har hatt møte med 6.klasse: Akvarie: Me kan ha akvarie på kjøkenbenken på mellomst. 6. kl må ha ansvar for fiskane. Akvariet er på plass og vil snart bli tatt i bruk. 7.klasse (sag04)
- Me ynskjer at me skal gå gjennom elevrådsreferatet felles i amfieet. Elevrådet meiner det ikkje er så lurt. Det er ikkje alle som vil sei noko høgt de .Det vil og bli mykje lyd..
- Me ynskjer å vera i gymsalen istadenfor å gå på tur. - Dersom me må gå på tur, ynskjer me å gå i løypa. Det var kjekt då me la lapp i postkassen.
Elevrådet: Dette er blitt ordna av dei som har ansvaret for turane. Desse sakene må Lars svara på :
- Kan skulen opna kl. 8 om morgonen? - Me ynskjer å vera igjen på skulen etter skuletid for å gjera lekser. Svar frå rektor: Her gjeld det same som over. Før har mellomsteget hatt ei ordning der lærarane på mellomsteget har vore greie og sett etter at det har gått fint. Dette kan de ta opp med Kjell som også etr teamleiar for lærarane i 5.-7.klasse. Elevrådet vil nemna at skulen har kjøpt inn rumpeakebrett. Trivselsleiarane kan føra liste over dei som låner.
|
|
|
Skrivar: Kjell Byrknes -elevrådskontakt.- kjell.byrknes@stord.kommune.no |
Svar frå: Lars Bakka -rektor- lars.bakka@stord.kommune.no |