Elevråd 2006/07
Siste sak i elevråd finn du alltid her>>
|
Siste elevrådsmøte
Alle møta på Stokknebben kl
08.35
|
|
|
ELEVRÅD 12. juni 2007
Desse var tilstades:
Sak 1 Referatet frå sist elevråd: Me leste gjennom referatet frå sist elevråd. Sak 2: Saker frå årsstet 6 steg:
a.
Me kan framleis
sjå dei som røykjer.
b.
Kan me få sove
på skulen ei natt? Sak 3: Elevrådsstipend Me blei
einige om å søke Sparebankstiftelsen om 10 000,- til ein klatrevegg. Me trur
at det er noko som både store og små elevar kan ha glede av. God sommar, og takk til dei som har vore i elevrådet i år!
|
|
|
Skrivar: Anne Elisabeth Trevland -elevrådskontakt.- anne.elisabeth.trevalnd@stord.kommune.no |
Svar frå: Lars Bakka -rektor- lars.bakka@stord.kommune.no |
|
ELEVRÅD 15.mai 2007
Sak 1 Referatet frå sist elevråd:
Sak 2: Saker frå årssteg 3. steg
a.
Taua i
hinderløypa lause. 4. steg
a.
Me ynskjer meir
leiker i skogen t.d. slengjer. b. Hinderløypa treng reperasjon.
c.
Me vil ha reglar
for oppførsel i hinderløypa.
6. steg a. Det er veldig mørkt på skuleplassen om kvelden (om vinteren). Me ynskjer at lysa skal vere om kvelden til haus
b. Det er ofte tomt i tørkepapiret. Dette gjeld spesielt på kjøkenet. Kan me få vite kor papiret er og korleis me kan skifte det?
7. steg a. Me ynskjer at alle skal ha fotballdag på banen med handballmåla.
Neste elevråd vert tysdag, 12. juni.
|
|
| ELEVRÅD 24. april 2007 |
|
Desse var tilstades:
Sak 1 Referatet frå sist elevråd: No er handballmåla komne. FLOTT! Det er
laga liste over kven som skal ha handballbanen. Sak 2: Saker frå årssteg 1 steg
a.
Me ynskjer
reiler, klatrestativ, klatrevegg og taubane. 2 steg
a.
Me ynskjer oss benkjer til å sitje på ute på plassen og i trimløypa.
b.
Me har lyst på
noko å klatra i.
c.
Kan me leike i lavvoen i skuletida?
d.
Kan me ha
fleksitid? Me har lyst til å vere på skulen etter skuletid.
e.
Kan me få blomar
ute?
f.
Kan me få
strekar til strektikken og til paradis?
g.
Kan me få ei
slengje?
h.
Kan me få
hinderløype i skogen?
i.
Kan me få ei
skute som me kan leike i?
j.
Skal den store
banen brukes til handball eller fotball? Kommentar frå
elevrådet: Me ynskjer at det vert merka opp til handballbane. Me meiner at
dei som skal ha banen, må få bestemme om dei skal spele fotball eller
handball. 3 steg og 4 steg:
a.
Kan me få
hinderløype i skogen?
b.
Kan me ha ein dyredag der dei som vil tek med dyr?
c.
Kan me få kjøpe
sjokolademjølk. Det har dei på andre skular.
d.
Kan me få
slengje?
e.
Kan me få
karusell? 5 steg :
a.
Kan me få fleire
ballar til å ha ute? 5, 6 og 7 ynskjer å ha sin eigen ball. Kanskje ein
handball til handballen også?
b.
Det er hull i
nettet på ballbingen.
c.
Kor tid kjem
klatreveggen?
d.
Me ynskjer
fleksitid for det er kjekt å kunne kome seinare på skulen. Det er også kjekt
å gjere forskjellige ting på skulen.
e. Kan
me få noko som st
f.
Kor tid kjem det
store sjakkspelet som skal vere ute?
g.
Me treng
verneutstyr for å kunne sykle på einhjulingane. Noko er vekke, og noko er utslitt.
h.
Kan me på
mellomsteget få prøve bilane til småskulen?
i.
Kva tid vert det
laga veg over til busstoppen? 6 steg:
a.
Det er ekkelt
når me ser at dei vaksne går ned til tunnelen og røyker. Det luktar også
vondt når dei skal hjelpe oss etterpå.
Sak 4 Grand prix Det vert Grand prix 31. mai. Neste elevråd vert: Tysdag, 15. mai. |
|
Skrivar: Anne Elisabeth Trevland -elevrådskontakt.- anne.elisabeth.trevalnd@stord.kommune.no |
Svar frå: Lars Bakka -rektor- lars.bakka@stord.kommune.no |
| ELEVRÅD 6. februar 2007 | |
|
Desse var tilstades:
Sak 1 Referatet frå sist elevråd: Me leste gjennom referatet frå sist elevrådsmøte og snakka om kva som var skjedd sidan sist. Handballmåla er ikkje komne heilt endå, men rektor seier at dei kan vere her kva dag som helst. ;-) Hoppetau til mellomsteget: Emilie og Jens Amit har laga til 6 hoppetau som er ved vasken på Vikanes. Dei som vil låne hoppetau, skriv namnet sitt på lista. Når dei leverer tilbake hoppetauet, så stryk dei namnet sitt. Hoppetaua vert telt kvar dag når skulen er slutt. Sak 2: Saker frå årsstega: 4 steg:
a. Me har lite å gjere på i friminutta. Kan me få lov til å
bruke bilane? b. Kan me
bruke mobil i friminutta, og kva er eigenleg reglane for bruk av mobil? (
sak 3) c. Me har lyst til å vere meir saman med dei andre elevane, både resten av småskulen og dei som går i storskulen. Elevrådet ynskjer at 4 steget kjem med forslag til kva me kan gjere saman.
Sak 3 Bruk av mobil Det er mange som er usikre på kva reglar me har når det gjeld mobiltelefon. Her kjem dei: Det er foreldra dine som som bestemmer om du kan ha mobiltelefonen med på skulen. Dersom du har mobiltelefon med på skulen , så skal den i timane liggje avslått i ranselen eller i skuffa di. Du kan ha den på ute i friminutta, men du skal ikkje bruke den til å ta bilete eller filme med. Dersom du bryt desse reglane, så vert telefonen levert inn til rektor. Du får den att etter avtale med den vaksne som tok telefonen. Det kan vere spesielle grunnar til at telefonen må vere på ein dag, men då skal du ha avtale med læraren din. Neste elevråd vert 6. mars.
|
|
| ELEVRÅD 9. januar 2007 |
|
Desse var tilstades:
Sak 1 Referatet frå sist elevråd: Me leste gjennom referatet frå sist elevrådsmøte og snakka om kva som var skjedd sidan sist. Festa til handballmåla er komne. Dei ligg ute og venter på å verte sett opp. Handballmåla er på Heiane. Rektor seier at me kanskje får dei på plass i løpet av veka. Eit anna spørsmål som har dukka opp mange gonger i haust, er spørsmålet om bosspann ute. Dei er no på plass, og me håper at alle elevane kjem til å bruke dei J Sak 2: Saker frå årsstega: 4 steg: a. Me ønsker slengje i skogen.Svar frå rektor: Det vert ikkje slenge i første omgang, men 6.steget skal vara med på å setet opp ein lavvu i skogen. b. Me venter på klatreveggen. Veit du noko meir?Svar frå rektor: Ein klatrevegg må vera sikra og trygg, men det kan godt hende at me får til noko i løpet av våren. Kan 4.steget komma med framlegg til kor han bør vera? c. Me ynskjer klatrestativ.Svar frå rektor: Ja, det hadde vore kjekt, men eg trur nok at klatreveggen kjem først d. Me har lyst til å vere med på kantineordninga.Svar frå rektor: Kanskje etter påske....? Me treng litt meir testing av opplegget for 5.-6.- og 7.steget først e. Me vil ha meir frukt, og me har lyst på fleire frukttypar.Svar frå rektor: De kan tinga så mykje frukt som de orkar å ete. Meld frå til meg om kva typar de saknar. 6 steg: a. Forslag til korleis mellomsteget kan ta vare på hoppetaua: På slutten av dagen kan ordenselevane telja opp hoppetaua og sjekka at alle taua er på plass. Dersom dei ikkje er det, så må dei gå ut og leita.(Liknande opplegg som me har på datamaskinane på mellomsteget.)
Eller me kan ha ei liste som ein skriv seg på når ein
låner eit tau. Den som har skrive seg på, er ansvarleg for tauet. Når
tauet vert levert inn, så stryk han /ho namnet sitt. b. Me ønsker at smashballane skal vere ute i alle pausane.Svar frå rektor: Ja, det er meininga det. SFO skal henge dei ut kl 07.00 og ta dei inn kl 16.00 c. Kan me få grus på snarvegen til bussen? Me glir og dett.Svar frå rektor: Ja, det kjem. Eg har allereie snakka med kommunen om det. Me må også få vekk dammen ved denne stien. 7 steg: a. Me ynskjer oss klokke på veggen ved ballbingen.Svar frå rektor: Den får neppe henge i fred i helgene. Det er vel nokon som har klokke på handa!? b. Det er hull i ballbingenettet att. Stripsa er vekke.Svar frå rektor: Kjempedumt! Kan nokon frå 7.steget komma til meg så skal dei få strips til reparere dette? Neste elevråd vert 6. februar.
|
| ELEVRÅD 12. DESEMBER 2006 |
|
|
|
Desse var tilstades:
4 steg: Ivana Pejcic 5 steg: Jens Amit Vikanes Sørheim 6 steg: Emilie Zaneski 7 steg: Kjetil Arnevik Sak 1 Referatet frå sist elevråd: Me leste gjennom referatet frå sist elevrådsmøte og snakka om kva som var skjedd sidan sist Sak 2: Saker frå årsstega: 4 steg:
5 Steg:
Me treng lengre tid på å
kome oss tilbake til skulen frå bading. 6 steg:
Kan me få fleire klokker?
Det hadde vore fint med ei klokke i kvar base. 7 steg:
Kan me få fleire gym.timar i
veka? God jul og godt nyttår! Helsing oss i elevrådet Neste elevråd vert 9. januar 2007. |