Elevråd Sagvåg skule 2004/05

Siste sak i elevråd finn du alltid her>>

REFERAT FRÅ ELEVRÅD

   Møte nr 8

onsdag 8.juni 2005

2004/05 

Referat frå elevråd

 

Det vert møte i elevråd onsdag 8 juni, klokka 08.45
Møte vert på biblioteket

 

Sakliste:

  1. Grand Prix
  2. Sommarfest
  3. Saker frå klassane
  4. Eventuelt

Saker frå årsstega

4.steget:
På Grand Prix må scenen heilt inn til veggen. Me er redde for å dette ned.
 - Svar frå rektor: Det står bord bak scenen dette året.


Mange frå storskulen plaga, riv i sekkene, kastar luer og sko. Uro i trapp og gong.

 - Svar frå rektor: Den einaste måten å få slutt på dette på er at kontatlærar eller rektor får melding om kven dette gjeld.

 

6.steget går på fotballbanen når 4.stget er det. Dei bannar og forstyrrar.

 - Svar frå rektor: Her er det sikkert også snakk om enkelte elevar. Ta kontakt med kontaktlærar eller rektor så må me snakke med dei i 6. dette gjeld.

 

5.steget

Nytt nett på fotballmålet. Ingen må henge i netta!

 - Svar frå rektor: Eg trur at me får lappa på dei netta me har fram til ny skule.

 

Får me stor klokke ute på den nye skulen?

 - Svar frå rektor: Det trur eg ikkje. Eg har ikkje sett planar om det.

 

Kan basketballkorgene verta litt lågare?

 - Svar frå rektor: Nei, når dei heng der dei er no så må dei vere så høge. Sorry.

 

Spørsmål frå Andreas i 7.:

Kan Øyvind i 7.steget styra CD-spelaren på Grand prix.

Svar frå rektor: Heil greitt for meg!
 

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 7 

onsdag 4.mai 2005

2004/05 

Referat frå  møte i elevråd

Me gjekk gjennom referat frå førre møte.

Saker frå årsstega:

2 årssteg:

  • I skogen må plankane med ryddast. Det er farlege spikrar i dei.
    Svar frå rektor: Det skal eg sjå til at vert gjort

  • Hytta er ikkje så kjekk å leika i no. Me kunne tenkt oss at vart bygt meir på ho.
    Svar frå rektor:
    Kanskje ho bør rivast slik at me kan bygge ei ny? Kom på kontoret til rektor ein dag så går me bort i skogen og ser.

  • Den eine reila ”klyp” oss mykje, den andre litt.
    Svar frå rektor: Ja, det er bildekka som beveger seg litt. Det er ikkje farleg, men sikkert litt vondt.

  • Det er ein del banning ute på skulen.Det hadde vore bra om det vart slutt på dette.
    Svar frå rektor: Eg har merka det ja. Bra at 2.steget tek dette opp!! Mitt framlegg er dette:
    Kampanje mot stygg språkbruk denne våren.
    Når dei vaksne høyre stygg språkbruk, gir lærarane beskjed til kontaktlærarane som igjen sender lapp med eleven heim. Dette gjeld frå måndag 9 mai.

3.årssteg

  • Framleis klunger utaføre rektor sitt kontor.
    Svar frå rektor: Ja, med denne berghylla er eigentleg ikkje leikeplass.....

  • Det er ekkelt å gå over fotballbanen om morgonen, særleg 5 steg tek ikkje omsyn til oss når dei sparkar fotball.
    Svar frå rektor: Ja, det kan godt 5.steget slutte med!

  • Kan takrenna utaføre SFO ordnast ?
    Svar frå rektor: Ja, den har stått slik alt for lenge no. Eg skal legge lapp til dei som må ordne med lift.

  • På måndag 9 mai skal 3 steg planta blomar i kassane .Ingen må springa på benkene og hoppa over kassane !  Me vil gjera det fint til 17 mai !
    Svar frå rektor: BRA!

4 årssteg:

  • 5 steg må slutta å ta 4 sin fotball!
    Svar frå rektor: I haust var det slik at kvart årssteg fekk sin eigen fotball, handball og basketball. No er det nytt system.
    Eg veit ikkje sikkert korleis det er organisert no. Det hadde vore fint om det vart betre system. (Det er til og med slik no at enkelte elevar må på mitt kontor fo å låne ball frå dag til dag.)

  • Mange heng på gjerdet ved grinda, då vert det øydelagd.
    Svar frå rektor: Ja, eg har sett det. Ikkje gje det. Grinda vert også stygg når målinga forsvinn.

  • Det er for mange dammar på fotballbanen.
    Svar frå rektor: Ja,det vert nok ein runde med ny sand denne våren også.

  • 5 – 7 steg krev at 4 skal ta hensyn til dei, men dei tek ikkje hensyn til elevane i 4.Når dei er i gongen saman er det mange store som skubbar på oss.
    Svar frå rektor: Er det i timen, når den eine gruppa har pause? Fint om de tek eit møte om dette mellom årsstega. Kva med eitt felles årsstegmøte?

 

5.årssteg:

  • Trinn i stegen i sandkassen er øydelagd.
    Svar frå rektor: Eg skal få han reparert

  • Elevane må vera i sine eigne klasserom når det er matpause, særleg dei i 7 steget.
    Svar frå rektor: OK 7.!

  • Kan me få nye slåballkøller ?
    Svar frå rektor: Ja, dersom dei me har er øydelagt....

 

7.årssteg:

  • Kan me få ny slenga i skogen ?
    Svar frå rektor: Nei, no plukkar me berre ned det som vert øydelagt.

  • Få vekk brenneneslene på fotballbanen ?
    Svar frå rektor: Er det brennenesle allereie no. Skal sjå på det.

  • Smøra reilene, dei knirkar ?
    Svar frå rektor: Eg trur at det er stokkane som knirkar. Det er ikkje noko å gjere med det. Det er ikkje farleg at desse beveger seg litt.

 

Sak frå lærarane:

Når klokka er 11.15 må alle elevane  i 5 – 7 steg  gå ut !

Det er unødvendig at ein må gå vakt og jaga folk ut !

Det er av og til mykje uro i gongane, det må gå an å forflytta seg utan å laga så mykje bråk.

 

 

Minner om at det nærmar seg Grand Prix og Sommarfest.

Dei ynskjer å delta med innslag må byrja å øva !

 

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 6 

onsdag 16.mars 2005

2004/05 

Referat frå  møte i elevråd

Me gjekk gjennom referat frå førre møte.

Saker frå årsstega:

5 årssteg

  • Kan me få toastjern på skulen. Då kan kvar klasse låna det kvar sin dag. (Berre på mellomtrinnet.) Dei tek med ostesmørbrød heimefrå.
    Svar frå rektor : Nei, det vert mykje steiking.... Eg trur heller me skal planlegge elevkantine på den nye skulen!

  • Kan me få ny fotball ?
    Svar frå rektor : Ja, berre lever inn den gamle så får de ny dersom den gamle er
    øydelagt. De kan få nye handballar også!....MEN: Ta med den gamle i retur!

 

6 årssteg

  • Kan me få fleksitid, slik at me kan gjera lekser på skulen ?
    Svar frå rektor : Det er positivt at de ynskjer å prøve nye ting. Me hadde jo fleksitid i
     to år. Saken er den at dersom me skulle hatt fleksitid slik me hadde før så må jo også lærarane vera med. Det kan kanskje bli eit tilbod om leksetid mellom for dei elevane som ynskjer det... Kan dei av elevane på 6.steget som er interesserte i dette ta kontakt
    med meg!?

  • Få ein eigen plass i skogen der me kan ha snøballkrig ?
    Svar frå rektor :
    Nix ;-)

  • NB ! Småskulen må ikkje øydeleggja hytta i skogen !
    Svar frå rektor : Det må det bli slutt på!!

  • Benken i garderoben oppe er skeiv og laus.
    Svar frå rektor : Ja, dei vert ikkje med til ny skule....

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 5 

onsdag 26.januar

2004/05 

Referat frå  møte i elevråd

  • Referat frå førre møte.

  • Rektor kom og snakka med  dei einskilde årsstega om  bruk av 1000 kroner, som er ei gåve frå FAU.
    Dei fleste klassane vil nytta 1000-lappen til ekskursjon med leige av buss. T.d. skidag i februar/mars.

 Saker frå årsstega:

3 årssteg

  • Vil det bli springar som ein kan drikka av rundt om på nye skulen ?
    - Svar frå rektor: Ja, det vert nok ein del vaskar med drikkekran

4 årssteg

  • Grinda på fotballbanen opnar seg med ein gong det bles litt.
    - Svar frå rektor: Ja, eg veit det. Trur ikkje me kjem til å gjere meir med det.

  • Me i 4 likar ikkje at det er spenning på døra, roping og skriking i gongane oppe.
    - Svar frå rektor: Det forstår eg godt. Det er nok når storskulen har pause dette skjer. No les alle i 5.-6.- og 7.steget dette!

  • Me synest også det er dumt at klærne på knaggane vert rivne ned og skoa våre sparka rundt.
    - Svar frå rektor: Sjå svaret over. Eg trur også dette skjer i pausetida til dei store. Flott om det snakkar om dette i 5.-6.- og 7.steget!

7 årssteg

  • Går det an å få Lan i gym.salen ?
    - Svar frå rektor: Nei. (Dersom de meiner W-lan, trådlaust nettverk)

  • Det er framleis uro utaføre vindaugo våre.
    - Svar frå rektor: Då er det småskulen som bør lese dette nøye! OK!?

  • Kan småskulen vera ein annan stad i friminuttane, me har mykje prøvar framover.
    - Svar frå rektor: Ja, kanskje det. Snakk om det i 1.-2.-3.- og 4.steget!

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 4 

onsdag 1.desember

2004/05 

Referat frå  møte i elevråd

Elevråd si liste prioriteringsliste over utstyr dei meinar bør vera på den nye skulen:

 

1.     Ballbinge

2.     Handballbane

3.     Terrengsklie

4.     Taubane

5.     Mobilus

6.     Terrengløype til sykkel

7.     Klatrehus

8.     Huskestativ med ”birdnett”

9.     Klatrevegg

10. Skulehage

11. Lite reilestativ til dei små

12. Ballvegg

13. Terrengsklie

14. Skateboardrampe

15. Basketballkorger

16. Balansebom

17. Bordtennisbord

18. Sandleik

19. Sandkasse i beleggningsstein

 

Saker frå årsstega

2 årssteg

Reila nærast leikehuset ”klyp” oss når me reilar, kanskje me treng nytt dekk ?
Svar frå rektor:
Dekket er ganske nytt. Eg skal sjå på det. Kanskje finn me på noko lurt slik at dekket ikkje

klyp.

 

7 årssteg

Kan ein klasse om gongen få bruke gym.sal i friminuttet ?
Svar frå rektor:
Det kan de godt. Dersom dette vert gjort gjeldande frå januar så må 5.-6. og

7.årssteget laga ein plan for bruken av gymsalen + aktivitetsplan.
De må også ta omsyn til om småskulen hatr gym. Dette kan vera ei prøveordning ut

januar 2005
 

Kan me få ny sand på fotballbanen, det er så store dammar ! ?
Svar frå rektor:
Ja, det vert orden på forballbanen no. Det vert ikkje ny sand, men banen skal skrapast

 slik at han vert fin og slett. Dette skal bygg og eigedomsavdelinga ordne med.

 

Dei minste brukar spade på fotballbanen.
Svar frå rektor:
Det kan dei godt slutte med.

Kan elevane som er ute når 7. årssteg har time vera litt rolege !
Svar frå rektor:
Ja, småskulen treng ikkje ha uteleik under vindauga til 7.steget.

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 3 

onsdag 3.november

2004/05 

Referat frå møte i elevråd onsdag 3 november

Gjennomgang av saker på forrige møte:

  • I saken om stygt snakk/banning på skulen må ein hugsa at kvar elev må passa på seg sjølv og si eiga oppførsel. Lærarane kan ikkje gå rundt og vakta på kva alle seier.

  • Ingen skal til rektor utan at læraren gir melding om det.

Saker frå årsstega:

1 årssteg

  • Reilene i sandkassen er lause.
    Svar frå rektor: Det gjer ingenting om stokken som ligg på tvers beveger seg litt. Det er ikkje farleg.

3 årssteg

  • Det er så mykje halvspist frukt og mat som ligg slengt rundt på skuleområde.
    Svar frå rektor: Ja, eg har til og med funne mjølkekartong og frukt på fortauet på utsida av skuleområdet. ALLE bør sjå til at søppel vert kasta i bosset!

  • Mange melkekartongar ligg utaføre inngangsdøra.
    Svar frå rektor: Ja, så svarte over!!

  • Ein trur at det kan vera nokon i 7 årssteg som kastar desse ut vindaugaet.
    Svar frå rektor: Høyrte de det 7.steget!   :-(

  • Det er stikkebuskar ved fotballbanen og utaføre rektor sitt vindauga.
    Svar frå rektor: Dei kjem vaktmeisteren til å fjerna.

  • Det er så gjørmete ved rutsjebanen i skogen.
    Svar frå rektor: Det kjem litt sand der snart.

  • Kan me få den store slenga tilbake ?
    Svar frå rektor: Nei, no får me sjå framover. Bør det vere slenge på den nye skulen? Det er ikkje teikna inn dette til no! Kva meiner 3.årssteget om dette?

4 årssteg

  • Det er hol i gjerdet ved grinda.
    Svar frå rektor: Trudde dette var fiksa, dersom de meiner fotballbanen så skal eg sjå på dette.

5 årssteg

  • Kan me få sand på fotballbanen ?
    Svar frå rektor: Ja, eg skal ta kontakt med Bygg & Eigedomsavdelinga i Stord kommune. Elevar på 4.steget har prøvd å rake utover den sanden me har, men det var ikkje så lett.

Rektor var med på møtet:

Han snakka først litt om stygt snakk på skulen. Fleire elevrådsrepresentantar sa at dei syntes det hadde blitt noko betre.

Alle fekk sjå på teikningane av den nye skulen. Elevråd har fått i oppdrag å komma med prioritert liste over kva leikeapparat ein ynskjer.

Me skal få ei liste over kva  for leiker som er aktuelle, så får me sjå i ulike katalogar til neste gong.

Her er ei liste over kva som er teikna inn på uteområdet til no, og kva som ikkje er med:
(Er er det teke med både leikeapparat og anna utstyr)

Er med i teikniningane: Er ikkje med:

Amfi (Eventyrkollen)

Huskestativ med ”birdnet”

Amfi med bålplass

Klatrehus
 Balansebom Lite reilestativ til dei små

Ballbinge (13*21m)

Terrengløype

Ballvegg

Klatrenett

Bondesjakkmønster i belegningsstein

Basketballkorger

Bord (ute 2 stk)

Klatrevegg (feste ) på naturleg fjellvegg

Handballbane (20*40m)

Vippe

Reiler (6-kantreile)

 

Lavvu 6 stk

 

Mobilus

 

Sandkasse (i belegningssteinen)

 

Sandleik

 

Sitjebenk 3 stk

 

Sjakkmønster i belegningsstein

 

Skateboardrampe

 

Skulehage

 

Taubane toveis

 

Terrengsklie 1

 

Terrengsklie 2

 

Terrengtribune tre

 

Tribune v/ handballbane (Ikkje med i anbodet)

 

Sjølv om det er teikna inn svært mykje flott utstyr,  kan det godt hende at ein må prioritere. Kva er elevrådet si 10-på-topp liste?
Dette bør årsstega uttale seg om før neste elevrådsmøte!
Årsstega kan låne teikningane på kontoret til rektor.

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 2 

onsdag 13.oktober

2004/05 

Referat frå møte i elevråd

Stygt snakk/banning på skulen.

  • I 3 årssteget ynskjer ein kampanje i mot banning og dårleg oppførsel både på skulen, i busskøen og på skulebussen.

  • Det er nokre elevar i 4 årssteg som vil ha  kampanje, ikkje alle ser behov for det.

  • 5 årssteget seier at noko bør gjerast med  styggasnakket på fotballbanen, særleg når alle har fotballdag i saman.

  • Dei fleste elevane i 6 årssteget er for ein kampanje og alle i 7 årssteget er positive.

Forslag til reglar:

  • Ved banning bør dei vaksne som høyrer det, skriva det ned.

  • Ved  nedskriving 2 gonger må rektor få melding.

  • På fotballbanen bør ein få utvisning etter ein advarsel. Utvisning ei veke ?

  • Ved banning i busskø/skulebuss bør dei som opplever det gi melding til læraren sin.

Svar frå rektor:
Det er flott at de kjem med så mange gode framlegg til tiltak mot dårleg oppførsel og stygg språkbruk. Dersom de som er medlemmer i elevrådet no informerer på alle årsstega om dette så vert reglane de har laga gjort gjeldande frå og med måndag 25.oktober og fram til jul. Etter dette får me sjå om det er blitt betre.
Sjølv om de seier at det er dei vaksne som skal notere seg dette med banning så er det aller viktigaste at alle passer på seg sjølv!!

Saker frå klassane:

3 årssteg:

  • Knuten er gått opp på slenga i skogen.
    Svar frå rektor:  Eg har sett på dette. Det er ingen fare, men vaktmeisteren skal ta ein ekstra kontroll.

4 årssteg:

  • Kan ein reparera nettet i fotballmålet nærast skulen.
    Svar frå rektor:  Ja, me skal ordna litt på det.

  • Inngangsdøra på skulen vil ikkje stå igjen.
    Svar frå rektor:  Ja, slik er det. Me får leve med det til me får ny skule.

  • Det er så mykje brennenesle ved fotballmålet, dumt når fotballen havnar oppi der.
    Svar frå rektor:  Dei forsvinn snart av seg sjølv, men vaktmeisteren skal sjå på det.

7 årssteg:

  • Har ein lov til å ha med seg liten juice og milkshake til nistematen
    Svar frå rektor:  Ja, juice utan sukker (ikkje nektar) går greitt.
    MEN:Milkshake er sjokolademjølk med mykje sukker. SORRY!

 

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 1  

onsdag 1.september

2004/05 

Referat frå møte i elevråd onsdag 1 sept.

Desse er valt til å sitja i elevråd skuleåret 04/05

  • 7. steg – Andreas Østerlid

  • 6. steg – Tonje Dørum Rafdal (leiar)

  • 5. steg – Olav Gundersen (nestleiar)

  • 4. steg – Stine Brandsdal

  • 3. steg – Endre Larsen

  • 2. steg – Lena Vesterheim

  • 1. steg – Robert Hauge Havn

Saker frå årsstege:

4.steget

  • Skal klatrestativet i sandkassen vera så laust ?
    Svar frå rektor:Vaktmeisteren og eg har sett på dette før. Klatrestativet er stødig nok, men elevane bør ikkje grava gangar i sanden under stativet. (Har de lagt merke til at vaktmeisteren har pussa opp klatrestativet i sommar!?)

  • Går det an å strama hengslene i grinda ved fotballbanen ?
    Svar frå rektor: Ja kanskje, eg skal be vaktmeisteren sjå på det.

  • Det er mange hol i fotballbanen no.
    Svar frå rektor: Ja, kanskje me kan ta ein runde med jernriva! Det kjem kanskje ny sand i løpet av hausten.....(Elevar i 4. som tek jobben!? Kom innom kontoret!)

  • Kan ein få fjerna nokre buskar ved trappa som går opp til brua ?
    Svar frå rektor: Ja, det kan me godt.

5.steget

  • Kan ein få nye mjuke ballar i gym.salen ?
    Svar frå rektor:Ja, kom innom kontoret ein dag så skal eg sjå kva me har!

  • I skogen er det ein benk utan bein. Nokon kar fjerna dei.
    Svar frå rektor:Ja, eg ser det. Eg lovar med dette ut kr 20,- i finnarløn pr bein de finn!

  • Kan ein sjekka dei gule ringane i sandkassen, det er olje på dei.
    Svar frå rektor: Det har eg gjort. Det er litt rustvatn inni dei. Dersom de løfter dei opp så renn vatnet ut.

  • Det er mykje banning ute i matpausen.
    Svar frå rektor: Ja, det har eg høyrt. Dersom elevrådet ynskjer det kan me godt ha ein kampanje på det. Det fungerte fint då me gjorde det våren 2003. Då skjerpa elevane seg. Ta dette opp på neste møte!

6.steget

  • Går det an å få slenga i skogen høgare opp ?
    Svar frå rektor: Ja, vaktmeisteren og eg har sett på det. Han skal ordna med ein knute høgt oppe på tauet.

 

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no