Elevråd Sagvåg skule 2003/04

Siste sak i elevråd finn du alltid her>>

REFERAT FRÅ ELEVRÅD 2003/04

   Møte nr 7  

onsdag 26.mai 2004

2003/04  

Referat frå møte i elevråd

Saker frå klassane:

2 årssteg

  • Kan me få ballpumpe som passar til ballane ? (det manglar spiss på den som står i gangen)
    Svar frå rektor: Eg kan legga ned den som eg har på kontoret.

3 årssteg

  • Kan me få gummi rundt kjettingen på den eldste reila i sandkassen ?
    Svar frå rektor: Det vert ny reile.
  • NB ! Det stikk taggar ut inni hjulet på reila, kanskje me treng heilt ny reile.
    Svar frå rektor: Ja, det vert ny reile.
  • Ringane  i klatrestativet er litt låge, går det an å få dei litt høgare opp ?
    Svar frå rektor: Nei, det trur eg kan bli vanskeleg. Har de forslag til korleis det kan gjerast?
  • Det manglar nokre plankar i klatrestativet.
    Svar frå rektor: Det skal me fiksa

4 årssteg

  • Kroken på døra ved trappa i gym.salen er vekk.
    Svar frå rektor: Det skal me sjå på.
  • Det manglar ein stokk (pinne ) på ribbeveggen i gym.salen
    Svar frå rektor: Det får me leve med.
  • Det hadde vore fint om alle basket, hand og fotballar var godt merka.
    Svar frå rektor: De kan få låne tusj av meg!
  • Kvifor er det tape rundt berre to av ringane i klatrestativet, me kunne tenkt oss at det var tape på alle ringane. Det er betre å halda då.
    Svar frå rektor: Det er gamle, men varer nok eitt år til.....

5 årssteg

  • Kan 5 klasse få sykla til bading ?
    Svar frå rektor: Snakk med Egil & Kjell om dette.

6 årssteg

  • Slenga i skogen kjem av og til nedi bakken når me slenger oss.
    Svar frå rektor: Kanskje dei største ikkje bør hoppa frå treet med denne slenga...

7 årssteg

  • Småskulen forstyrrar oss når dei er ute og me sit inne og jobbar, særleg når me har prøve.
    Svar frå rektor: Småskulen skal ikkje spela basket bak skulen, men dei må vel få lov til å leika bak skulen! Kanskje ikkje de bør lufta når småskulen har pause.

Grand Prix

3 årssteg:

  • Kan me ha lyskastar eller discolys under framføringa ?
    Svar frå rektor: Ja, men me har hatt litt problem med at sikringane har gått då. Me får sjå.
  • Er det lov å framføra vitsar ?
    Svar frå rektor: Greitt for meg, men det er jo også fint med song og liknande. (Ta dette opp med læraren)
  • Kan scenen vera heilt inntil veggen bak ?
    Svar frå rektor: Ja. Me må berre passa på at me ikkje dunkar oss i basketballkorga.

4 årssteg:

  • Kan me ha sketsjar med mjøl og andre ting ?
    Svar frå rektor: Det som griser får vaska opp....

6 årssteg:

  • Har me lov å ha henteleikar ? (to stk. får beskjed om å hente ein ting i salen, så må dei skaffa det på tid.)
    Svar frå rektor: Dersom det vert underhaldning av det så kan de godt gjera det. Hugs at de unnsett må prioritera til slutt. Ein har ikkje så mykje tid på kvar framføring.

Sommarfest

3 årssteg:

  • Kan me selja vafler på sommarfesten ?
    Svar frå rektor: Ja, me har nokre tradisjonar for sommarfesten, og vaflar er vel ein av desse.

 

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 6  

onsdag 21.april 2004

2003/04  

Referat frå møte i elevråd

Saker frå klassane:

2 klasse

  • Kan me passa på slik at me får drikkefontene ute på den nye skulen?
    Svar frå rektor: Nei, eg trur ikkje det. Dette at det står og renn vatn i ein fontene er nok for mykje sløsing med vatn.

  • Få trampoline på den nye skulen.
    Svar frå rektor: Det er lovleg å bruka trampoling i kroppsøvingsundervisninga, men då må læraren som har opplæringa ha eige kurs. Det vert ikkje trampoline ute.

  • Få taubanen tilbake i skogen.
    Svar frå rektor: Mange negative svar i dag. Me kjem nok ikkje til å setje opp taubanen igjen for det neste skuleåret. Me vil vedlikehalde dei apparata me har.

3 klasse

  • Går det an å bruka bordtennisbordet ?
    Svar frå rektor: Ja, dersom de finn tid til det. Dette må avtalast med læraren din

  • Gjer rein vifta i garderoben nede.
    Svar frå rektor: Det skal eg sjå til at vert gjort!
    29.04.04: Reinhaldarane har gjort det no!

  • Spegelen i garderoben nede er laus.
    Svar frå rektor: Det har allereie vaktmeisteren fått melding om. Fint at det minner om det!
    29.04.04: Vaktmeisteren har gjort det no!

  • Rekkverket der me går inn til rektor sitt kontor er laust.
    Svar frå rektor: Ja, kanskje skal me festa det. Eg skal melde frå til vaktmeisteren.

4 klasse

  • Få saga vekk ei grein i det treet der den store slenga er
    Svar frå rektor: kan de klare det sjølve? De kan få låne sag av skulen!

  • Det er eit  hol i gjerdet på fotballbanen, der fotballen kan gå ut.
    Svar frå rektor: Det skal me tette!
    29.04.04: Vaktmeisteren har gjort det no!

  • Fotballen kan også gå ut under grinda.
    Svar frå rektor: Det skal eg også sjå på.

  • Dolokket på jentedoen er framleis laust.
    Svar frå rektor: Eg trudde det var fiksa. Me skal sjå på det igjen!
    29.04.04: Vaktmeisteren kjøpt nytt!

  • Det er sølepyttar på fotballbanen, me treng sand til å tetta dei.
    Svar frå rektor: Ja, det kjem nok sand utpå våren.

5 klasse

  • Kummen på fotballbanen er full i sand, slik at vatnet ikkje kan renna ned.
    Svar frå rektor: en går tett etter nokre få veker. Vaktmeisteren reinskar han med jamne mellomrom. Det skjer nok snart igjen.

6 klasse

  • Går det an å bruka bordtennisbordet i friminuttet. Dersom ja, kan me få nytt nett og reckettar ?
    Svar frå rektor: Me har utstyret, men de må gjere avtale med læraren. Har de tid til å spele bordtennis i skuletida?

  • Kan me få vera inne i gym.salen i friminutta. ?
    Svar frå rektor: Kjære 6.klasse: DET ER VÅR!.......

7 klasse

  • Kan me få nye mjuke ballar i gym.salen ?
    Svar frå rektor: Ja, dersom det er til gymtimane melder lærarane frå til meg dersom det er utstyr som manglar.

  • Den manglande døra på gutedoen ?
    Svar frå rektor: Det er vel dører til alle dei vanlege toaletta!?

  • Få opp plakatar på do om at ein må tissa oppi.
    Svar frå rektor: Det skulle vera unødvendig. Kanskje dei som ikkje treff bør setja seg og tissa på toalettet!

Takk til elevrådet for mange fine innspel.
Ein god del av sakene er det nok ordna opp i til neste møte!

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

   Møte nr 5  

onsdag 18.februar 2004

2003/04  

Saker frå klassane:

4 klasse

  • Doringen på det midterste jentedoen er laus.
    Svar frå rektor: Eg skal melde frå til vaktmeisteren om dette

  • NB ! Det er så mange som kastar papir og plast og andre ting i bioen.
    Svar frå rektor: Flott at de melder ifrå! Dette må kvar klasse ta opp!!

6 klasse.

  • Kan mellomtrinnet få lov til å sykla på bading ?
    Svar frå rektor: Ja, me kan godt prøva. Dersom me no har ei prøveordning fram til påske så kan me vurdera om det kan halde fram etter dette. Alle MÅ sjølvsagt nytta hjelm og følga trefikkreglane. Ingen får ta med elevar bak på sykkelen.   Alle skal då sykla gangvegen (Ikkje vegen forbi Rindane)Dersom det vert mykje tull så vert ordninga avblåst før påske! NB! Dette gjeld sjølvsagt berre mellomsteget!

  • Småskulen må slutta å grava på fotballbanen.
    Svar frå rektor: Det har de klaga på før. No bør det bli slutt på gravinga i fotballbanen!!

 

KARNEVAL:

  • 1, 2 og 4 klasse synest forslaget frå lærarane var greitt.

  • Ein må ha heimelaga instrument og cd-spelar med musikk i toget.

  • 3 klasse  har lyst til å dansa og ha musikk etterpå også.

  • 5 klasse synest at dei som spelar instrument, skal spela i toget.

  • 6 klasse vil ha premiering av beste kostyme i klassen.

  • Har lyst til å ha koldtbord og kakebord i gym.salen.

  • Underhaldning med sketsjar etterpå.
    Svar frå rektor: Mange gode forslag. Eg trur nok at mange er gjennomførbare, men ikkje alle.

 

7 klasse

  • Nokon i 7 klasse ville vera på skuleplassen, ikkje gå i tog,andre ville gå i tog til Sagvåg og forbi Buneset eldresenter på tilbakevegen.
    Svar frå rektor: Alle blir med i toget. (Me skal ikkje til ungdomsskulen)

  • Dei vil at ein kan få ta med noko ekstra godt å eta denne dagen.
    Svar frå rektor: Litt ekstra godt vert det. Dette må de drøfta i klassane

  • Ha ulike leikar i klassen etterpå.
    Svar frå rektor: God ide.

  • Ha Pinjata  (sekk med snop i)
    Svar frå rektor: kanskje det ja..... :-)

 

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

 

   Møte nr 4  

onsdag 28.januar 2004

2003/04  

Saker frå klassane:

2 klasse

  • Bark på gjørma under den store slenga i skogen ?
    Svar frå rektor: Ja, det kjem. Eg har gjort avtale med vaktmeisteren og nokre elever i 4.klasse som skal hjelpa hen med det. No ventar me på mildver. No er barken knallhard.

  • Ordna gjerde bak biodunkane.
    Svar frå rektor: Me kan kanskje ta bort heile gjerdet? Det er ikkje så mykje trafikk på den vegen, og elevane veit at dei ikkje skal gå ut i den vegen.

 

3 klasse

  • Ordna den eine utedøra, ho er så treg.
    Svar frå rektor: Ja, den vert reparert ganske ofte. Me skal sjå på det igjen.

  • Det er ein hump på ei plate i brua.
    Svar frå rektor: Eg har sett det, men det trur eg me kan leve med.

  • Gutane må hugsa å trekka i snora etter toalettbesøk !!
    Svar frå rektor: YESSS!

  • Kan me få dør på det toalettet som ikkje har ?
    Svar frå rektor: Eg visste ikkje at det var eit toalett som ikkje hadde dør. Eg skal snakka med vaktmeisteren.

  • Ein del elevar på mellomtrinnet kjem inn og uroar i 3 klasse om morgonen.
    Svar frå rektor: Det skal det bli slutt på. Når me er greie og let alle elevane få gå inn i skulen kvart over åtte, MÅ alle gå til eigne klasserom. Der kan de lese lekser, eller prate. Det skal ikkje vera herjing, eller besøk til andre klasserom i denne tida!

  • Det er hol i gjerdet på fotballbanen, av og til fer fotballen ut der.
    Svar frå rektor: Det skal bli ordna ganske raskt. Bra at eg fekk beskjed!

  • Kan ein fiksa springen på jentetoalettet.
    Svar frå rektor: Ja!

 

5 klasse

  • 1.klassingane ertar og irriterar, etterpå spring dei bak fadrane sine i 6 klasse og gøymer seg.
    Svar frå rektor: Det er for dumt. Dette tek 1.klassingane om i eigen klasse når dei gjennomgår dette referatet!

6 klasse

  • Korleis er reglane for snøballkasting no ?
    Svar frå rektor: INGEN skal kasta på medelevar! Det er berre lov til å kasta på blink på fjellveggen bak skulen (Ved biodunkane) og i handballmålet. (Ingen ska då stå i mål!)

 

Nytt frå Barne & Ungdomsrådet

  • Tonje og Ole Christian fortalte.

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

 

   Møte nr 3  

onsdag 19.november  2003

2003/04  

REFERAT FRÅ MØTE I ELEVRÅD
Rektor var med og gjekk gjennom referat frå sist møte.

Sak 1

Samarbeidsutvalet
Sigrid Skogseide er vara for Ole Christian Tolås og Ørjan Sørensen er vara for Tonje P Hovland i Samarbeidsutvalet ved Sagvåg skule.

 

Sak 2:
Ny visjon - ny skule

Elevrådet har nokre tankar om kva som er viktig å ha med:

Alle skal ha det bra og ha venner på skulen.
Det skal vera gøy og ein skal læra mange forskjellige ting.

 - Kommentar frå rektor:
Det hadde vore flott om alle klassane snakka om kva ein visjon er, og kva ein ny visjon for skulen bør innehalda. Slik ser visjonen vår ut no. Denne er snart 10 år gamal!

Saker frå klassane:

2 klasse.

  • Få ny reila, det manglar ei.
    - Svar frå rektor:
    Eg har tinga to nye reiler for over ei veke sidan. Dei kjem nok snart.

  • Få fleire småbilar i sandkassen.
    - Svar frå rektor:
    Snakk med Arild Båtsvik om dette. Han er leiar i SFO og de er SFO som har kjøpt desse bilane til no....

  • Få bark i gjørma under den store slenga.
    - Svar frå rektor:
    Ja, det foreslo 4.klasse sist gong. 4.klasse har fått i oppdrag å drøfta om dei vil vera med på dette arbeidet. (Sjå det førre referatet i elevråd>>)

7 klasse.

  • Det er dårleg trykk i dusjane oppe.
    - Svar frå rektor:
    Å? Det var nytt for meg. Skal snakka med vaktmeisteren om det. Dersom det er sparedusj så er det kanskje slik det skal vera??

  • Dusjane i kvar ende nede kjem det mest ikkje vatn ut av.
    - Svar frå rektor:
    Skal ta dette opp med vaktmeisteren også.

  • Fitjarbussen kjem for seint måndag og onsdag.
    - Svar frå rektor:
    Hugs at Vikanesbussen skal gå 14.15 og Fitjarbussen 14.00. Er det slik at de trur at Vikansebussen alltid er sein fordi han kjem eitt kvarter etter Fitjarbussen? Han skal det.
    Elles hadde det vore fint om eg fekk nøyaktige klokkeslett av 7.klasse når bussen kjem seint.

  • Er det mogleg å få bruka datarom og gymsal i nokre matfriminutt ?
    - Svar frå rektor:
    Ja, greitt for meg, men det må også vera greitt for lærarane. De treng jo litt frisk luft også....

NB!

Det er viktig at alle klassane tek seg tid til å finna ut om der er saker til elevrådsmøta og til å lesa referata etterpå. (Gro)

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

 

   Møte nr 2  

onsdag 15.oktober  2003

2003/04  

REFERAT FRÅ MØTE I ELEVRÅD 

Saker frå klassane:

2 klasse

  • Dei største elevane snike så i busskøen på Vikanes bussen om morgonen.
    Kommentar frå rektor: 
    Eg er einig. Dersom dette vert eit stort problem bør de ta det opp med læraren din. (Fint om me vår vite kva klasse dei som snik går i.)

4 klasse

  • Det er ikkje bra at dei minste elevane grev kanalar for vatnet på fotballbanen (Dette hadde 6 klasse også oppe som sak.)
    Kommentar frå rektor: 
    Ja, eg ser at dei små av og til nyttar grusbanen til sandkasse. På den eine sida må det jo vera flott dersom desse kanalane kan føra overflatevatn vekk frå fotballbanen. På den andre sida er det nok best om gravearbeidet går før seg i sandbassenget rundt reilene. Hugs at me også har ein flott sandkasse i skogen. Denne er aldri i bruk! Vil dei små ha hjelp til å rydde barnåler ut av denne?
  • Kummen ved grinda på fotballbanen er tett.
    Kommentar frå rektor: 
    Ja, den går tett heile tida. Eg skal melde frå til vaktmeisteren.
  • Går det an å gjera noko med gjørma på bakken ved den største slenga i skogen ?
    Kommentar frå rektor: 
    Ja, me kan køyra på meir bark. Eg skal sjå til å få det gjort. Kanskje treng eg hjelp av nokre elevar......(Vil nokon i 4.klasse vera med?)

6 klasse

  • Det er mange som kastar sand ut av sandkassen.
    Kommentar frå rektor: 
    Det må det bli slutt på!
  • Etterlyser basketball.
    Kommentar frå rektor: 
    Ja, det ligg 7 basketballar og ventar på oss på Sykkel & Sport. (Eg får dei ikkje med på sykkelen). Kari Almås skal hente dei i neste veke.
  • 6 klasse har lyst til å vera meir i saman med dei elevane som dei er fadrar til. Dei ynskjer minst eitt friminutt saman med dei minste.
    Kommentar frå rektor: 
    GODT FORSLAG!. Snakk med lærarane, så kan de sikkert ha "fadderfriminutt" av og til. 
  • Går det an at 6 klasse har felles friminutt med dei minste, sjølv om 5 og 7 ikkje har ?
    Kommentar frå rektor: 
    Ja, kanskje..... Men då vert det 5 klassar ute i dei små sitt friminutt...Kanskje forslaget i saka over er ei betre løysing....?
  • Det er nokre elevar i 6 klasse som held på å laga film. Dei har byrja å filma heime, men treng og å filma på skulen. Går det an at dei får filma med sitt eige videokamera ein gong på skulen ?
    Kommentar frå rektor: 
    Ja, dersom det er greitt for mamma og pappa. MEN: Sagvåg skule har to gode videokamera! Dersom de vil gjera dette litt proft skal de vita at me også har digitalt videokamera og utstyr til redigering av film digitalt! (Snakk med rektor om dette!) 
  • Det er så mange dammar på fotballbanen, går det an å få meir grus ?
    Kommentar frå rektor: 
    Eller kanskje me skal be småskulen om å grava fleire grøfter?? ;-)
    Det er bra med grus no, kanskje kan de få låna ei rive og grave brusen til dei stadene det trengs?
  • Få meir luft i blåsene i skogen.
    Kommentar frå rektor: 
    Det skal me ordne!
  • Kor mange og kor lange luftepausar skal elevane ha på ein skuledag?
    Kommentar frå rektor: 
    Det er Opplæringslova §2-2 som seier noko om organiseringa av skuledagen. Her står det ingenting om pausetid, men i forskrifta til lova står det: 
    "Når det gjelder daglig undervisningstid, skal hver time telle 45 minutter. Det er viktig å presisere at de faktiske timene kan være kortere eller lengre enn 45 minutter under forutsetning av at summen for en undervisningsdag på 6 time er lik 6 x 45 minutter. Regelverket regulerer ikke pauser. Det er derfor skolen som bestemmer hvor mange og hvor lange pauser en skal ha."

    Dersom elevrådet ynskjer fleire, eller lengre pausar kan de ta dette opp. Vert det meir pausetid, så må de vera lengre på skulen. Hugs at me også må ta omsyn til busstransporten. Forskrifta seier også at skuledagen ikkje bør byrja før kl 08.00, og ikkje slutta etter kl 15.30

7 klasse

  • Går det an å få høyra på musikk når me et ?
    Kommentar frå rektor: 
    Det må det snakka med læraren om.

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro-hal@online.no   

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

 

   Møte nr 1  

onsdag 3.september  2003

2003/04  

REFERAT FRÅ MØTE I ELEVRÅD ONSDAG 3 SEPT.

REPRESENTANTAR I ELEVRÅD SKULEÅRET 03-04

  • 7 KLASSE OLE CHRISTIAN TOLÅS LEIAR
  • 7 KLASSE TONJE P. HOVLAND NESTLEIAR OG MEDLEM I BARNE OG UNGDOMSRÅDET.
  • 6 KLASSE SIGRID SKOGSEIDE
  • 5 KLASSE ØRJAN SØRENSEN
  • 4 KLASSE REBEKKA MJÅNES
  • 3 KLASSE TORE H. EDVARDSEN
  • 2 KLASSE KRISTIN STEINSLAND
  • 1 KLASSE JØRGEN ÅRVIK

SAKER FRÅ KLASSANE:

7 KLASSE

  • ER DET MOGLEG Å SLUTTA 5 MINUTT TIDLEGARE MÅNDAG OG ONSDAG ?
    DÅ NÅR ME DEN BUSSEN SOM GÅR KLOKKA 13.50.
    Svar frå rektor: 
    Ja, men då forsvinn 10 minutt av undervisninga. Det er i orden for meg dersom elevrådet kjem med framlegg om kva dag (dagar) dei vil ta inn desse 10 minutta. Skuledagen må då forlengast med 10 minutt ein dag, eller 5 minutt 2 dagar. Det vert ikkje aktuelt å t.d. kutta eit friminutt.  Dette gjeld berre 5.-6 og 7.klasse, så levevrådsrepresentantane kan ta eit  eit møte med meg, og Kari Almås for å drøfte saka.
  • DUSJANE I GARDEROBEN NEDE VERKAR IKKJE.
    Svar frå rektor: 
    Me har tinga røyrleggjar. Det har vore alt for lang ventetid. Han har lova å komma i morgon (4.sept)
    Han ventar på ein del som han har tinga.

 

 


INNKALLING:
Det vert møte i elevråd onsdag 3 september klokka 08.45.

Møte vert på stillerommet.
Klassane må sjølve velja elevrådsrepresentant med varamann til då.
Representantane skal sitja heile skuleåret.

7 klasse   gut*  
6 klasse   jente
5 klasse   gut
4 klasse   jente
3 klasse   gut
2 klasse   jente
1 klasse   gut

*NB! 
(Tonje skal vera Sagvåg skule sin representant i Barne og Ungdomsrådet dette skuleåret, difor bør ho møta på elevrådsmøta.)

Sakliste:
- Val av elevrådsleiar og varamann.
- Saker frå klassane.

Skrivar:
Gro Akselsen Halvorsen 
-elevrådskontakt.- 
gro.akselsen.halvorsen@stord.kommune.no

Svar frå: (Etter at møtet er halde)
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no