Elevrådet 2000/01

Sjå også siste møte i elevrådet»

 

Møte nr 8

2000/01

 

Referat frå møte i elevrådet fredag 11.mai
Talentiaden:
Klassane må starta planlegginga av kva dei vil opptre med.
Frist påmelding er 6.juni. - To jenter i 6.klasse vil ha leikar i talentiaden.
Elevråd synest det er OK, men ein leik er nok.

Sommarfesten:
Det vert scene med nokre innslag frå talentiaden. 
Leiar i elevrådet er med å leiarfesten. (Simen)

Saker frå klassane:
4.klasse: 
Korleis går det med kontakt til fønar i garderoben ?
  Svar frå rektor: Det vert kanskje for dyrt. Me får sjå.... ;-)
Kan me få ny handballar og fotballar? (Fotballane må vera ekstra gode,ønske frå 6.klasse)
  Svar frå rektor: Ja, eg har kjøpt nye, dei ligg heime i garasjen. Eg skal ta dei med ein dag er køyrer.

6.klasse:
Ha vatnkrig ein gong i året ?
  Svar frå rektor: Sorry, nei !
Kan me pussa opp garderobane? Kanskje 5.-7klasse kan vera med og dekorera ?
  Svar frå rektor: Korleis vil de ha det ? Kom med forslag. 
Kjem det skulekino?
  Svar frå rektor: Eg veit ikkje, eg trur ikkje det....
Kan me få nytt tennisbordnett og bordtennisracket ?
  Svar frå rektor: Ja, eg skal kjøpa.
Få grind til fotballbanen i frå skuleplassen?
   Svar frå rektor: Nei, eg trur me har det slik det er. Det vert ganske dyrt.
Ny sofa på biblioteket?
  Svar frå rektor: Nei, også dette vert litt for dyrt.
Få kjøpa yoghurt, sjokolademelk, ekstra lettmelk og juice.
   Svar frå rektor: Kanskje yoghurt og lettmelk dersom elevrådet tek seg av det.... Vil de det ?
Ny grus på fotballbanen (sand/grus - slik som dei har bak Nysæter ungdomsskule)
  Svar frå rektor: Kanskje det vert ordna i sommarferien.
Brusautomat (Har dei det på Tjødnalio skule?)
  Svar frå rektor: Nei, det har dei ikkje på Tjødnalio. Det vert heller ikkje på Sagvåg skule. -Sorry ;-)

Nytt frå barne og ungdomsrådet:
Lene fortalte litt om den gruppa ho var på mot rasisme.

15.mai skal det vera ungdomskonferanse "Ung på Stord". Trude Røstbø er påmeldt frå Sagvåg skule
.


Simen Hatlevik
leiar i elevråd

Gro A. Halvorsen
kontaktlærar
Lars Bakka
rektor

Møte nr 7

2000/01

 

Referat frå møte i elevrådet fredag 23. mars

Saker frå klassane:
7.klasse:
I) Skal me ha Grand Prix på sommarfesten?-
II) Går det an å få kjøpa inn utstyr til "band" eller orkester ?-
III) Kan me få ha "dyredag" i 7.klasse, eller i andre klassar ?-

Svar frå rektor:
I) Ja, det er planar om Grand Prix fredag 15.juni og sommarfest onsdag 20.juni. Kanskje kan Grand Prix dette året bli framsyning med meir levande musikk og teaterframføringar m.m. ? (Ikkje "berre" Space Girls...)

II) Ja, kven vil vera med ?- Kva treng de ?-

III) Ja, men kanskje kan det vera lurt å ha dyredagen utanfor skulen. Kva med besøk til nokon som har dyr ?-
Dersom de i 7.klasse eller andre skal ha dyredag er de klassen og læraren som avgjer det. Men på grunn av allergi o.a. er det kanskje ikkje så lurt å ta med dyr på skulen.

Nytt frå Barne - og ungdomsrådet: 
På det siste møtet vart det laga veggavis og alle fekk pizza og brus!

Ymse:
Bruk av datarommet:
Kan dei eldste elevane få bruka datarommet i midttimen di dagane dei yngre elevane ikkje nyttar det?
Når elevane brukar datarommet bør ein få til ei ordning som er slik at ikkje dei same sit med datamaskinane heile tida.
Kanskje kan dei som skal bruka maskinane bestilla dei dagen før. Kanskje bør ein ha ei liste. Dei som har hatt datamaskinane tre gonger ei veke bør ta ein pause. Dersom dei skal ha t.d. 15 minutt på kvar vert det vanskeleg å få elevane vekk frå maskinane.
NB! Ved bruk av datarommet må ein ta av ytterklede og sko før ein går inn. Dette gjeld også om morgonen!

Svar frå rektor:
No er det slik at elevane får bruka datarommet i midttimen frå kl 11:00-11:25, og før skuletid frå kl 07:45-08:30.
Når me kjem i gang med fleksitid vert det meir orden på dette. Kva om me i mellomtida gjer det det så enkelt at me byter etter 10 minutt !? Eg skal ta med klokke som ringer etter 10 min. I midttimen har me det som no fram til fleksitida tek til.

Det vert kjøpt inn basketballkorg:
Basketballplate (652 843)                   kr  1500,-
Basketball korg (652 841)                   kr    295,-
Basketball nett stal (652 830)             kr    165,-
                                SUM                          kr  1960,-   + moms


Simen Hatlevik
leiar i elevråd

Gro A. Halvorsen
kontaktlærar
Lars Bakka
rektor

 

Møte nr 6

2000/01

 

Referat frå møte i elevrådet fredag 9. februar

Sak frå rektor:
Prøveordninga med sukkerfri tyggis og bruk av mobiltelefon vert forlenga  ut skuleåret, men ikkje alle får lov til å ha med mobiltelefon på skulen.
Når det gjeld tyggis har det gått fint. Eg har ikkje fått klager frå reihaldarane, eller andre om tyggis undre pultane e.l. Men huks at det  må vera sukkerfri tyggis.
Også ordninga med at det ikkje er ulovleg å ta med mobiltelefonen på skulen har gått fint. Det er berre i 7.klasse det vart sendte SMS-meldingar i timane. Elevane i 7.klasse får no ikkje ha med mobiltelefon på skulen.
[LES MEIR] [LES MEIR]

Saker frå klassane:
5, 6 og 7 klasse vil ha felles fotballdag 3 dagar i veka.
Svar frå rektor:
Når me tek til med flekitid kan me også sjå på ei ny organisering av bruken av fotballbanen.

Dei lurar også på korleis det går med fotballdagane når midttimen fell vekk ?
Svar
frå rektor:
Det kan godt henda at me bør ha dei faste fotballdagane, men eg trur at me også får meir fleksibel bruk av uteområdet når me tek til med fleksitid.

4 klasse vil ha karneval kvart år ?
Svar
frå rektor:
Ja, kvifor ikkje. Kanskje kan dei klassane som vil ha karneval kan arrangera det, så kan me ha det store "skule-karnevalet" kvar skotår.

Dei lurar og på kva tid blåsene i skogen får luft ?
Svar
frå rektor:
Det skal eg sjå til at det vert orden på. Korleis hadde det vore å erstatta blåsene med bildekk?- (Det er ikkje så lenge sidan dei fekk luft.)

6 klasse har stort ynskje om å få vera meir i saman med fadderungane sine, og meinar at dette er elevrådssak fordi 6 klasse til neste år vil ha nytte av svaret.
Svar
frå rektor:
Ja, det er positivt at de ynskjer å vera meir saman med fadderungane. Dette er ei sak de kan avgjera i klassen. De kan også laga ein liten plan for tida de nyttar. Kanskje kan 6.klasse til neste år nytta den same planen!

Innkjøp av basketballkorger vart forandra til innkjøp av basketballkorg. Det vart dyrt og kjem på minst 2500 kroner for ei.
Svar
frå rektor:
Dersom de skal ha korg med oppheng som den på baksida av skulen kjem dette på over kr 5000,- (inkl. moms)
Kva gjer de då?....


Simen Hatlevik
leiar i elevråd

Gro A. Halvorsen
kontaktlærar
Lars Bakka
rektor

 

Møte nr 5 

 2000/01

 

Referat frå møte i elevråd fredag 5. januar 2001 + kommentarar frå rektor.

Søknad om pengar til innkjøp av basketballkorger.
Det vart sendt søknad til barne og ungdomsrådet om å få 2500 kroner til å kjøpa to nye basketballkorger.
Dersom det vert penger att, vil me kjøpa nye ballar til bruk inne og ute.

 

Nyttårsball 19 januar.
6 og 7 klasse har ansvar for å skaffa vakter, musikk og henga opp plakatar på Litlabø og Tjødnalio skular.

Saker frå klassane:

  • Kjøpa inn fleire cd- plater med musikk.
    Rektor: Skulen har først og fremst CD-plater til musikkundervisninga. Dersom de saknar plater der så meld ifrå.

  • Kjøpa stor trampoline til bruk i gym.salen
    Rektor: Det er svært strenge reglar for bruk av trampoline, lærarane som skal ha ansvaret for dette bør ha eigne kurs. Ingen av lærarane ved Sagvåg skule har etter det eg veit ikkje eit slikt kurs.

  • Få nye knaggar i gongane.
    Rektor: Ja, dersom me skulle hatt denne skulen i mange år til ville me kjøpa nye knaggar, dei me har er ganske spisse og farlege. Men i 2004 flyttar me inn i ny fin skule med nye knaggar, eller kva med eigne garderobeskap til kvar elev ?....

  • Få hårfønar i garderobane
    Rektor: Det burde i såfall vore ein sik som heng fast på veggen. Eg skal kontrollera kva ein slik kostar..

  • Få kontakt til fønarar.
    Rektor: OK! Dersom det er slik at elevane vil ha med seg eigen fønar så skal eg ordna med det

  • Ordna dusjane nede, dei er for varme.
    Rektor:Det er vel fiksa no, dei oppe skal og justerast.

  • Få nye handtak på grinda på fotballbanen.
    Rektor: Når grida går igjen utan handtak er vel det godt nok ? -eller ?

  • Få fleire handballmål.
    Rektor:Har me plass til det da ? Kor skulle det vore? (Kom med forslag!)

  • Teikna blink på snøballveggen.
    Rektor: Ja, når det kjem snøballsnø!

  • Har me lov til å ha sparkesykkel og skateboard på skulen?
    Rektor: Nei, sorry. Det er for liten plass på skulen til slike aktivitetar på skuleplassen.

  • Få ei vippa med hjul.
    Rektor: Ja, men så var det dette med plasseringa då? Ei slik veppe må ha godt fallunderlag. Kom med forslag.

  • Fleire reiler.
    Rektor: (Sjå svaret over)

  • Slengtau.
    Rektor: Er ikkje dei slengtaua me har i skogen bra?

  • Hoppetau til utebruk.
    Rektor: Ja, det er det lurt om klassane kjøper! Snakk med klassestyraren din.


Simen Hatlevik
Leiar

Gro A.Halvorsen
kontaktlærar

Svar frå:

Lars Bakka
-rektor-

Møte nr 4

2000/01

 

Referat frå møte i elevråd fredag 8 desember 2000.

 

Berre 5,6 og 7 klasse møtte denne gong.
Me sendte ny søknad til barne og ungdomsrådet om å få overført pengar til å arrangera diskotek.
Det vart bestemt å prøva å få til eit nyttårsball fredag 19 januar, der ein inviterer Tjødnalio og Litlabø skular. Fint antrekk.
6 og 7 klasse har ansvar for å finna vakter, senda invitasjon og skaffa det ein vil selja om kvelden, samt musikk.
Ein vart einig i å invitera berre 6 og 7 klassane. Skulle ein invitera 5 klassane, ville det ikkje bli plass.
Dersom 5 klasse vil, kan dei ha eit diskotek i mars, då må dei skaffa vakter sjølv.
Det har no kome eit nytt tilbod til elevråda frå barne og ungdomsrådet.
Ein kan få 2500 ,- for å gjera det kjekkare/betre på skulen.
For å få desse pengane må der vera ein demokratisk prosess, der flest mogleg av elevane vert aktivisert for å finna tiltak.

 Alle klassar er med dette bedt om å komma med idear!

 Kommunen må ha svar seinast 9 januar og Elevrådet må leggje fram saka i barne og ungdomsrådet 24 januar.

 

Møte nr 3                          

 2000/01

 

Referat frå møte i elevråd fredag 17 november 2000+ svar frå rektor

Elevrådet var samd i nye reglar for midttimen, som vart lest opp.
Reglane  vil bli sett opp rundt på skulen, slik at alle kan lesa dei.
Det vart fatta vedtak om ei prøveordning om å ha tyggis på skulen.
(sjå eige skriv.)
Det er og kome nye reglar om bruken av mobiltelefon. (sjå eige skriv.)
Saker frå klassane:

2 klasse.
Vil ha fleire reiler, slenger og blåser i skogen.

Svar frå r
ektor: Det er ikkje så lett å finna gode tre til dette. Kom med forslag!....
Nytt klatrestativ og ny fotball.
Svar frå rektor: Ny fotball skal me ordna, men det er neppe plass til fleire klatrestativ.
Ei sjørøverskute og leikefly.
Svar frå rektor: Det hadde vore kjekt, men det er ikkje plass til meir i sandbassenget.

6 klasse
Nye gardiner i gym.salen.
Svar frå rektor: Ja, det hadde vore fint. Me bør i alle høve ordna dei som heng der no.

7 klasse.
Ynskjer å arrangera juleball. Det vil bli for mellomsteget.
Det er høve å søka barne og ungdomsrådet om pengar til å ha diskotek på skulen.
Trude, Simen og Lene vil skriva søknad.
Dersom klassane vil kan dei komma med ønske om ting som kan gjera det kjekkare/betre for elevane på skulen.
Svar frå rektor: Flott! God idè !


Simen Hatlevik
Leiar

Gro A.Halvorsen
kontaktlærar


Lars Bakka
-rektor-

Møte nr 2 

              2000/01

 

Referat frå møte i elevråd fredag 20 oktober.
+ svar/kommentar frå rektor.

Val av elevråd:
Leiar:
Simen Hatlevik 6 klasse
Simen Hatlevik 6 klasse
Nestleiar:Trude Røstbø 7 klasse
Mari   T. Skram       5 klasse
Katharina M. Dahle 4 klasse
Harald  Vedøy         3 klasse
Tarald Nordfonn     2 klasse
Elise Petterteig        1 klasse
Lene Sætrevik 6 klasse medlem i barne og ungdomsrådet.

  • Bruk av midttimen:
    Ein var einig i at det burde bli slutt på springinga i gongane i midttimen.
    Rektor: Det er flott!

  • Dei som spring bør få gult og raudt kort.
    Rektor: Einig!

  • Dei som læraren ser springa og herja kan få gult kort to gonger, etterpå raudt.  Rektor: Einig!

  • Då bør ein vera utvist i ein månad. Rektor: Einig!

  • Ved 3 raude kort bør ein bli innkalla til rektor og få melding med heim.
    Rektor: Kanskje det ja....

  • Elevråd har og lyst til å byta ut bordtennisbordet med eit biljardbord.
    Rektor: Har elevrådet tankar om kor me skal få eit biljardbord frå....

  • Det bør vera musikk i midttimen alle dagane.
    Rektor: Det vert det neppe. Det er så mykje herjing med CD-spelarane i enkelte klasserom at me kanskje må ta vekk dei to musikkdagane me har dersom det ikkje vert betre !!

  • Elles kunne ein seia seg einig i reglane for midttimen som står i tryggleik og trivsel planen.
    Rektor: OK!

 

  • Saker frå klassane:
    Dersom ein bryt reglane for henting av ballen på fotballbanen, må den som gjer det bli utvist, ikkje heile klassen.
    Rektor: Ja, men då må klassen også vera med på å sjå til at denne regelen vert fylgt. Eg skal diskutera det med lærarane.

  • Slutta å banka på dørene i timane når ein går forbi.
    Rektor: Ja, det må det bli slutt på.

  • Slutta å klatra opp å kikka inn vindauga på SFO.
    Rektor: Ja!!! Me såg korleis det gjekk med utebordet !

  • Helsesøster må sjekka alle i klassen sitt hår når det er lus.
    Rektor: Det har ikkje helsesøster tid til, det er viktig at defår mamme eller pappa til å sjå etter. De kan sjølv ta kontakt med helsesøster dersom de er i tvil....

  • Diskotek for 6 og 7 klasse.
    Rektor: Ja, det er opp til 6.- og 7.klasse å arrangera det.....

  • Få kantine på skulen.
    Rektor: Ja, det hadde vore flott om me kunne fått til det i ny skule i Rukjen.....

  • Det bør bli lov til å ha tyggis på skulen.
    Rektor: Ja, kanskje det..... Det måtte i såfall berre ha vore sukkerfri tyggis, og trur elevrådet at me ville klart å fått alle til å kasta tyggisen i søppelet når dei var lei av han. Ville tyggisen havna under pulten, eller i skulegarden?-  Kva med dei som sit og drar i tyggisen i heile timen, kor kjekt vil det så ut...
    Her bør elevrådet arbeida vidare med saka...

  • Det er urettferdig at ein har TV og video i 1 klasserommet, når ikkje dei andre klassane har det.
    Rektor: Alle klassane kan få låna videokanona. Då får de kino i klasserommet :-)

  • Ein bør få lov til å sjå på video minst to gonger i veka.
    Rektor: Det vert nok ikkje ein av reglane ved Sagvåg skule. Men kanskje kan ei kjekk veke av og til avsluttast med ein god film.... Snakk med læraren din....


Simen Hatlevik
Leiar

Gro A.Halvorsen
kontaktlærar

Svar frå:

Lars Bakka
-rektor-

 

Møte nr 1  

             2000/01

 

Referat frå møte i elevråd fredag 8 september.
Det møtte representantar frå 2 – 6 klasse.
7 klasse var på leirskule, difor vart det berre halde val av Sagvåg skule sin vararepresentant til barne og ungdomsrådet.
Val av elevrådsleiar vil bli i neste møte.

REPRESENTANTAR FRÅ SAGVÅG SKULE TIL BARNE OG UNGDOMSRÅDET SKULE ÅRET 2000/2001

Lene Sætrevik er fast representant.
Simen Hatlevik er vararepresentant, (skal vera med på møta.)
Erlend Tverborgvik er andre vararepresentant.

 Gro A. Halvorsen
kontaktlærar