OVERGANGSPLAN BARNEHAGE – SKULE
(Med tilpassing for Sagvåg skule)

Revidert kommunal plan for overgang Barnehage-Skule pr. oktober 2010>>

Trykk på 'Søk etter flere' i kalenderen nokre gonger for å sjå meir innhald.

 

 

OVERGANGSPLAN BARNEHAGE – SKULE  STORD KOMMUNE

Utviklingsgruppa 07.10.07

TID

FASTLAGDE RAMMER SOM ALLE SKAL GJERA

ANSVAR

VÅR 1

   

Januar

1,5 år før skulestart

Skulane får melding om barn med nedsett funksjonsevne i tråd med spesialpedagogisk handbok.

Barnehagestyrar

Helsesøster der barnet ikkje går i barnehage

HAUST

   

August

Foreldremøte i barnehage.

-Informera om samarbeid med skulen

Styrar

September

Innskrivingsmøte for føresette

  • - orientera om overgangsplan barnehage-skule

  • - tema om språkutvikling og korleis heimen kan bidra til ein god lese/skivestart.

  • -helsestasjon orienterar om sitt arbeid.

Rektor

Oktober

Foreldresamtale b.hg. med foreldre til barn som mottar §5 ressursar. (Sjå vedlegg)

PPT

Oktober

Pedagogisk forum mellom pedagogar i barnehage og pedagogar på 1.trinn.

  • - avtala hospitering på skulane.

  • - skulen orienterer om kunnskapsløft og arbeidet på 1.trinn.

Rektor

Innan 1. november

Skulen får informasjon om barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen, og andre som har behov for hjelp og støtte.

PPT

Barnevern

VÅR 2

   

Januar

Invitasjon til skulebesøk vert sendt ut til alle barn som skal ta til på skulen.

Rektor

Januar/

april

5 åringane besøkjer skulen to gonger etter oppsett plan. Sjå framlegg til enkelt opplegg

Rektor

Januar

Drøftingsmøte for barn med §5 ressursar

(sjå vedlegg)

Styrar

Februar

Barnehagen melder inn endringar og evt. nye barn til dei ulike skulane

Styrar

Februar

Pedagogar i barnehage hospiterar i skulen

 

Feburar

Føresette søkjer om §5 ressursar

(sjå vedlegg).

Pedagogisk leiar/føresette

Mars/April

Barnesamtale – mappe utveljing, sjå retningslinjer.

Styrar

April

Foreldresamtale

- underskrift om informasjon til skulen vert underteikna.

Styrar

Mai

Pedagogisk forum mellom pedagogar i barnehage og lærarar for nye 1.trinn.

  • - orientering om rammeplan, og arbeidet i barnehagen det siste året.

  • -overlevering av mapper

  • -avtala hospitering i barnehagen

  • -samtalar om gruppesamansetjing

Rektor

Mai/juni

"Bli kjend" – dag, nye 1.trinn elevar besøkjer skulen i saman med foreldra.

-nye 1.trinn lærarar hospiterar i barnehage

Rektor

Juni

Overgangsamtale for barn med §5 ressursar.

Rektor

RUTINAR FOR ELEVAR MED § 5-VEDTAK VED OVERGANG BARNEHAGE – GRUNNSKULE

Utviklingsgruppa 07.10.07.

Tid

Rutinar

Ansvar

Januar 1.5 år før skulestart.

Informasjon om elevar med store og samansette problem som krev spesiell tilrettelegging(rom, utstyr, kompetanse, o.a) vert gjeve til mottakande skule.

Deltakarar:Foreldre, PPT, rektor og barnehagestyrarar.

PPT

Oktober

 

 

 

Samtale i barnehage med tema, kva opplysningar bør ein gje skulen?

-kva er viktig å informera om?

- kva for skriftleg dokumentasjon skal fylgja eleven til skulen?

Deltakarar:

PPT, kontaktlærar, spesialpedagog, føresette.

PPT

Innan 1.nov.

Skulen får informasjon om barn som har vedtak og spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.(Gjeven pr.brev til skulen)

PPT

Januar

Drøftingsmøte der følgjande må avklarast:

-barnet sine behov

-målområde

-behov for tillegsressursar og eventuell organisering av tiltak

Deltakarar: føresette, barnehage, pedagogisk leiar, skule og PPT.

Styrar

Februar

Føresette søkjer om §5 ressursar for elevar.

-Søknad vert send til barnehage, som vidaresender til kundetorg.

-kopi av søknader, rapportar, IOP plan, vert send til skulen.

Pedagogisk leiar/føresette

Juni

Overgangssamtale m/tema:

-eleven sine sterke sider

-kva er utfordringar

Deltakarar:1.trinnslærar,pedagogisk leiar i bhg, og føresette.

Rektor.

Om pedagogisk forum og hospitering....

Det har vore ein del uklarheter rundt måla med pedagogisk forum og hospitering, eg skal prøva å klargjer dette tydelegare for dykk.

Målet med pedagogisk forum og hospitering er å skapa samanheng i læringsløpet.

Meir konkret kan ein sei at skule og barnehage skal verta kjend med kvarandres arbeidsmåtar/metodar og målsetjingar.

Pedagogisk forum har som mål å verta kjend med kvandre sine mål og arbeidsmåter, og kunna ha pedagogiske drøftingar.

Meir konkret vil dettel sei at på pedagogisk forum om hausten, fortel pedagogane i barnehage om kunnskapsløftet og metoder som vert brukt i skulen. Pedagogane i barnehage vert såleis førebudd på kva som møter borna av mål og metodar når dei kjem til skulen.

På pedagogisk forum om våren, er det pedagogar i barnehage som informerar om rammeplanen, mål og metodar der, og korleis dei har jobba med 5.åringane i året som gjekk. Dette vert ei utgangspunkt for planlegging av haustsemesteret.

Drøfting mellom pedagogar i barnehage og skule er og ein viktig del av dette arbeidet.

Hospitering har og som mål å verta kjend med kvarandres arbeidsmåtar, her får ein sjå og oppleva korleis ein skule/barnehagekvardag fungerar i praksis.

Desse to punkta på planen er generelle, det skal derfor ikkje bety noko kva skule/barnehage ein samarbeider med, det som er viktig er at alle barnehager har ein skule og samarbeida med.

Dette har me prøvd å kvalitetsikra, vedlagt fylgjer ein oversikt over kva skular og barnehagar som skal samarbeida om desse 2.punkta.

Det er viktig å merka seg at når det gjeld besøksordningar som borna er innvolvert , må det skje på den skulen barnet skal gå.

 

OVERSIKT OVER SKULAR OG BARNEHAGAR SOM SKAL SAMARBEIDA OM PEDAGOGISK FORUM OG HOSPITERING

Utviklingsgruppa 07.12.07

SKULAR

BARNEHAGAR

Sagvåg skule

  • Sagvåg og Litlabø barnehage

Litlabø skule

  • Neset kunst og natur barnehage

  • Monica og Maritas familiebarnehage

  • Stuastølen gardsbarnehage

Tjødnalio skule

  • Tjødnalio barnehage

  • Valvatna barnehage

Langeland skule

  • Kåreviksmarka barnehage

  • Olderdalen barnehage

  • Trodlahaugen barnehage

  • Frien private fam.bhg.

  • Heiane barnehage

Leirvik skule

  • Skogatufto barnehage

  • Naustvågen barnehage

  • Sæ barnehage

  • Bergly familiebarnehage

  • Bjella barnehage

  • Vikahaugane barnehage

  • Ås barnehage

Hystad skule

  • Dalen barnehage

  • Furuly barnehage

  • Vilvettene barnehage (avd.Hystad)

Rommetveit skule

  • Prestagardskogen barnehage

  • Sævarhagen barnehage.

  • Vilvettene (avd.Rommetveit)

Huglo skule

  • Huglo barnehage

HANDLINGSROM FOR DEN ENKELTE EINING

1.foreldremøte på skulen aug/sept:

Rom for å organisera møte slik det høver best.

Døme på Møteinnhald:

Felles møte/pedagogisk forum i oktober:

Info §5 innan 1.nov:

Forslag til møtedeltakarar:  Tverrfagleg team PPT/BV, ressurslag/-team på skulen.

Skulebesøk: (jan/april)

April forslag til ekstra aktivitet:

Barnesamtale i mars/april:

Foreldresamtale i barnehagen april:

Innhald i mappe/portefølje bestemmer kvar enkelt barn/barnehage/foreldre.

Barnet sine sterke sider skal koma fram, dette skal kunna dokumenterast.

Døme på innhald:

Tekst som barnet har laga, teikningar, bilete, songar som barnet kan o.s.v. , ei mappe som barnet har høve til  sjølv å  fortelje og samtale om.

Mappeoverlevering i mai/juni:

Lærarane besøkjer barnehage april/juni:

”Bli kjend”-dag mai/juni: