| . |
|
|
|
|
7. å
r s s
t e g
(sag01) 2 0 0 7/0 8
Tilbakeblikk![]() |
|
Våre
læringsmål etter 7.årssteg: |
![]() Fleire bilete frå aktivitetsdagar Publisert: 13.06.08 kl 13:30 No finn du nye bilete frå fredag den 13.juni på sidene til 5.st>>, 6.st>> og 7.st>> Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarane på 5. til 7.st Bilete frå Anne Elisabeth:
|
![]() Bekkevandring Publisert: 12.06.08 kl 21:15 Elevane som var på fjelltur fekk ei fin dag. Det var kjekt å prøva bekkevandring. Litt kaldt for dei som ikkje hadde byteklede i sekken... Tekst & foto: Kjell Byrknes & Nina Danmo
|
![]() Friluftsdagar Publisert: 12.06.08 kl 21:15 I dag er første friluftsdagen avvikla. Mellomsteget har vore delt inn i tre grupper som har gjennomført kvar sine aktivitetar. Nokre har vore på sykkeltur til Nautøy, andre på fjelltur med innlagt bekkevandring, og siste gruppa har padla i kano på Storavatnet.Dei neste dagane byter gruppene aktivitetar, og me håpar på like bra ver som i dag. Tekst & foto: Toril S. Bruket |
![]() Avslutningsfest for 7.steget Publisert: 11.06.08 kl 09:15 Måndag laga foreldra til avslutningsfest for elevane på 7 steg. Det var nokre trivelege timar med god mat og underhaldning frå flinke elevar. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
![]() 7.steget på utstilling Publisert: 06.06.08 kl 21:00
Fredag tok 7.steget turen til Leirvik og Kulturhuset for å sjå utstillinga "Scandinavian design ved millenniumsskiftet" Me fekk sjå forskjellige bruksgjenstandar i typisk "Scandinavian design", og fekk høyra litt om bakgrunnen for utforminga av desse. Elevane var så engasjerte og flinke tilhøyrarar, at i staden for å gjera oppgåver etter omvisinga, tok me oss heller ein is i varmen før me tok bussen "heim" til skulen. Fleire bilete>> Foto: Anne Elisabeth Trevland Tekst: Egil Petterteig |
![]() Fotballdag for dei store Publisert: 29.05.08 kl 15:10
Torsdag hadde Tjødnalio, Litlabø og Sagvåg fotballdag ilag. Mange gode fotballprestasjonar i det flotte, varme veret. Fleire bilete>> Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland
|
![]()
Ungdomsskuleelevane våre Onsdag fekk 7 steg møte dei nye klassekameratane og lærarane som dei skal ha til neste år. Dagen starta med frokost på Samfunnshuset. Etterpå gjekk me bort til idrettssenteret der det var pizza, brus og ulike aktivitetar. Fleire bilete>> Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland |
![]() Ut i sola! Publisert: 13.mai 2008 kl 12:40 På fredag tok mellomsteget siste time ute, der me leika, spela slåball, åt vaflar og kosa oss. Nokre få måtte skunda seg å få ferdig leksene før dei kom ut, men alle fekk vaflar til slutt. Me har veldig kjekke elevar, så dette hadde dei fortent :-) Tekst & foto: Egil Petterteig
![]()
|
![]() Det vart litt langt og vått.... Publisert: 29.april 2008 kl 15:00 Mellomstega på Sagvåg og Litlabø gjekk rundt Dalskarsvatnet siste dag før 1. mai helga. Nokon tok sitt første bad i vatnet, sjølvsagt utan løyve, medan andre heldt seg klokeleg på land. Talet på våte føter var høgt, og mange var svært trøytte etter turen. Neste gong skal me gå ein litt kortare tur. Fleire bilete>>
|
![]()
Bruksting av tre og leire Knivar, gaflar, sleiver , krukker og mugger ser dagens lys i kunst-og handverksfaget på 7. steget. Toril S. Bruket |
![]() Troll og korger Elevane på 7. steget har trylla fram flotte korger, trollmenn og trolldamer i kunst-og handverkstimane dei siste vekene. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
|
Til London!
Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
Ut i naturen
Tysdag var heile mellomsteget ute siste økta. Me spidda pølser på bål, spelte fotball og stikkball, laga stjerner av siv, og kosa oss i lag. Det var kaldt og godt, så den varme safta vart populær. Tekst & foto: Egil Petterteig |
| Eksempeloppgåver nasjonale prøvar>> Nasjonale prøvar>> |
|
Adventstund
I dag var det 2. og 7.steget som hadde ansvar for adventsstunda for alle elevane på skulen. Elevane på 7.steget spela, dansa og song. 2.steget song og tente lys i adventsstaken. Ei flott stund med flinke elevar. Etterpå åt elevane på 2. og 7.steget graut saman. Grauten var god, og Kristian og Andrea Maud fann mandlane og fekk kvar sin premie. Fleire bilete frå samlinga>> Tekst: Brita Flatøy & Foto: Lars Bakka
|
|
Reklame, teknologi og design
5. , 6., og 7. steget arbeider for tida i grupper på tvers av stega. I kunst og handverksrommet har elevane laga bilar og båtar som køyrer ved hjelp av lufttrykk og propellar. Tekst & Foto: Kjell Byrknes & Toril Sandvik Bruket |
|
Hjarte og lungeredning Publisert: 6.november 2007 kl 12:20
I dag har 2.steg lært hjarte og lungeredning av 7.steg. 7 steg var flinke lærarar, og 2 steg var motiverte elevar. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Livredning
I dag har vi på 7. steg fått opplæring i hjarte og lungeredning. No er me klar til å lære opp dei heime. Fleire bilete>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
|
2. og 7.steget
var saman 6.september kl 14:00
Idag var 7 og 2 steg saman. Det var stor aktivitet i ballbingen, mange teikna med kritt eller spela kubbespelet. Me hadde nokre kjekke timar. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
|
Sopptur Torsdag var 5, 6 og 7 steg var på tur. Me sykla til Nesskogen, og gjekk ein runde der. Me fann kantarellar og laga oss soppsuppe. Svært mange syntest at suppa var kjempegod! Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Elevar og lærarar ved Sagvåg skule |