7. å r s s t e g (sag02)  2 0 0 8/0 9  

Kontaktlærar>>

 

 

Litlabø og Sagvåg på tur
Publisert :Fredag 8.mai 2009 kl 13:20

Tradisjon tru, var mellomstega på dei to skulane på felles tur fredag.

Me starta ved crossbana, gjekk mot Rødkleiv og innover Stordalen, via Dale og Fiskarelva, og tilbake til utgangspunktet. Veret vart betre enn forventa, og dersom elevar var våte til oppunder armane, var det ikkje på grunn av sterke regnbyger. Ein sosial og kjekk tur. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket

 


Puter
Publisert :Onsdag 30.april 2009 kl
15:00

I dag tok 7.steget fram symaskinar og laga puter.

Tekst & foto: Toril S.Bruket


Publisert :
Torsdag 2.april kl 15:10

Påske på 7. steget

Studentane planla kunst og handverkstimane dagen før påskeferien, og me koste oss med aktiviteten. Kyllingar med shorts, bikini, bukser og skjerf vart trylla fram og alle elevane gjekk heim med ein kylling i handa. Fleire bilete>>

Tekst: & foto: Kjell Byrknes

 


 


 

Publisert : Onsdag 1.april 2009 kl 10:20

Spenning i kvardagen!

Studentane på 7.steget har jobba med elektrisitet i naturfagtimane. Gjennom forsøk har elevane blitt kjent med kopling av krinsar. Seriekopling og parallellkoplingar, koplingsskjema og batteri er no kjente omgrep. Stor aktivitet og iver har prega timane. Nyttig kunnskap vidare i livet!

Tekst: & foto: Kjell Byrknes


Publisert : Onsdag 25.mars 2009 kl 15:00

Matematikkdagar

Det var masse hjernetrim for elevane på mellomsteget i dag. Elevane vart delt inn i 5 grupper og arbeida med ulike oppgåver både ute og inne. At matematikk kan vere så kjekt. Fleire bilete>>   Ein liten film>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Publisert : Torsdag 12.februar kl 15:40

Det gjekk så det kvein....

Ski, akrbrett, kjelkar, andre brett og store plastdukar. Alt dette vart brukt i Dalebakkane då mellomsteget nytta dagen i snøen. Me steikte pinnabrød, og elevane hadde med seg pølser, brød med kvitost og karbonadar. Ein kjekk dag i snøbakkane. Fleire bilete her>>

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Lærarar og assistentar på mellomsteget.

 


Publisert : Onsdag 4.februar kl 14:40

Skeisemesterskap

Onsdag 4. februar var dei som hadde lyst frå 4. - 7. steg med på skeisemesterskap på Vikahaugane! Det var nok ikkje tenkt at snøen skulle lave ned heile dagen, men trass i mykje snø, forseinkingar og litt våte kler var det ein sporty gjeng som var med frå Sagvåg skule. Distansen dei gjekk var 50 m og dei gjekk mot medelevar. Etterpå vanka det fine medaljar til alle som var med.  Her er også ein liten film>>. Her er fleire bilete>>

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Publisert : Fredag 30.januar kl 13:30

Flinke instruktørar på 7.st

Me på 6.steget har hatt linedance i gymtimen i dag. Me hadde tre greie og flinke instruktørar frå 7.steget, som tok ansvar for dette på ein framifrå måte. Tusen takk skal dei ha. Me hadde ein kjempekjekk time :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

 

Publisert fredag 23.januar kl 13:45

Kunst og handverk

Elevane på 7.steget har hatt kunst og handverk med måling og teikning med studentane i veka som me har lagt bak oss.

Tekst Lars Bakka Foto: Studentane


Onsdag 17.desember 2008 kl 12:30

Utedag med 6.og 7.steg

6. og 7. steg hadde nokre koselege timar ute i skogen onsdag 17.desember. Me spidda pølser på bål, drakk varm saft, leika "50-leik" og slo ball. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Myhre

 


Torsdag  11
.desember 2008 kl 15:40

Kjekt å vera saman!

Elevane på andre og sjuende steget har hatt fleire kjekke aktivitetar saman denne veka. Baking og leikar på tysdag. På onsdag viste nokre på 7. steget at dei kunne laga "firkantbål". Dei fleste fekk likevel varmen i seg når dei var med på fotballbanen, leika ringleikar eller var med på andre aktivitetar. Til slutt koste både små og store seg med graut inne. Torsdagen var det nissemarsj!

Tekst og foto: Kjell Byrknes

 

 
 Nissemarsj
Torsdag  11.desember 2008 kl 09:30

Bladet Sunnhordland var til stades og laga reportasje då elevrådet arrangerte nissemarsj i nydeleg vintervér i dag tidleg.

 Fleire bilete frå nissemarsjen finn du her>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Spel og kos
Måndag  8.desember 2008 kl 13:16

Av og til treng me litt tid til berre å vera sosiale.

Tekst: Toril Sandvik Bruket  Foto: Elisabeth Magnussen

 
Mange van Gogh`ar i kunst og handverk!
Torsdag 4.desember 2008 kl 18:45

7. steget målar for tida, og Vincent van Gogh er målaren me skal læra om. Mange ivrege målarar, og etterkvart mange flotte resultat. Målet vårt er at elevane skal kunna forklara kva måleteknikk van Gogh nytta, og sei noko om kva motiv han måla.

Tekst: Toril Sandvik Bruket  Foto: Elisabeth Trevaland

 

"Hopp og sprett og tjo og hei!"

Onsdagane har heile 7. steget og halve 6. steget kroppsøving saman. Denne onsdagen hadde me seks ulike stasjonar. Mange spreke elevar, og ei klatra høgt opp i taua. Synd at fotoapparatet svikta når dette skulle forevigast.

Helsing Toril

 

 

Publisert: Fredag 31.oktober kl 12:30

Etter to økter har gruppe 1 og 2 laga kvar sin musefellebil. Nokre bilar tok ein sving, medan andre gjekk rett fram. Stor friksjon og spinning gjekk ikkje bra.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 


Publisert: Tysdag 28.oktober 2008 kl 16:15

Mellomsteget har hatt teknologi og design på timeplanen i dag. Me skal ha dette kvar tysdag og torsdag i tre veker no. Elevane lagar musefellebil, papirhelikopter, mekaniske kort, og flaskerakettar. Det vart laga mange fine og kreative kort, og mange modellar av papirhelikopter vart testa ut. Med rakettane vart det futt og fart på skuleplassen, men alle bilane var like heile etterpå.........
To filmar: Film 1 og film 2 

Tekst & foto: Egil Petterieg m.f

.

 


Tysdag
28.oktober 2008

Elevane på 7. steget har fått opplæring i livreddande førstehjelp ved hjelp av "Mini-Anne" Dei var flinke til å følgja instruksane som var i opplæringsfilmen.Flott innsats! "Mini-Anne" har dei fått, saman med resten av pakken. Elevane skal kunna læra opp familiemedlemer over 12 år.

Tekst & foto: Kjell Byrknes


Full fart i gymsalen
Tysdag 16.september 2008 kl 10:10
(oppdatert kl 14:30)

Heile mellomsteget var med då Mariann Steinsland frå Nysæter barnehage kom ned til oss og hadde aerobic-time i gymsalen. Det var mange blide fjes å sjå blant elevane.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

'Eg byggjer ein båt'
Tysdag 2.september kl 12:10

7.steget fekk i dag koma til Verven på Jensaneset og vera med på opplegget "Eg byggjer ein båt". Me fekk sjå teater om ein båtbyggjar med stort pågangsmot, og me fekk vera med på praktiske oppgåver, som å byggja ein færing i halv målestokk, og smi og klinka ein nøkkelhaldar. Elevane var veldig engasjerte og fekk skryt for at dei var nevanyttige :-)
Sjå også historieprosjektet vårt>>

Tekst: Egil Petterteig Foto: Egil Petterteig & Kjell Byrknes

 

Heile skulen er på tur
Fredag 29.august kl 11:00

I dag er heile skulen på tur til Mjelkevikjo. Her er eit mobilbilete direkte frå turen. Fleire bilete kjem når elevar og lærarar er tilbake frå turen.
Oppdatert kl 14:00! Her finn du bileta frå turen>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Storskulen på sopptur til Nesskogen
Onsdag 22.august kl 14:30

Sidan me har hatt ein solfylt sommar i år, var det vanskeleg å finna sopp. Men me fann likevel både kjuker, kantarell og steinsopp. Kantarellen hadde me i suppa, og dei fleste syntest soppsuppa var god. Me hadde ein fin dag i skogen med eksemplariske elevar.

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Lærarar og elevar på mellomsteget