7.klasse (sag05)  2 0 1 1/1 2  

SFO  |   1.klasse(sag11)  |     2.klasse(sag10)   |     3.klasse (sag09)    |     4.klasse(sag08)     |     5.klasse(sag07)     |     6.klasse(sag06)    |   7.klasse(sag05) Tilbakeblikk 

         Tilbakeblikk


 

Farvel til studentane
Fredag 17.februar 2012

På fredag var det siste dagen med studentane i 7.klasse. Me koste oss med kjempegode muffins som nokre av elevane hadde baka saman med dei kjekke studentane.

Tekst & foto: Kari Myhre

 

Dokkemakarar i 7.klasse
Fredag 2.februar 2012

Elevane i 7.klasse er flinke handverkarar og kunstnarar. Du kan sjå utstillinga i 'Stokksunder' på Sagvåg skule i desse dagar.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 


 

Ei snømus, ei havfrue, eit menneskehovud og dyr....

Deler av 7. klasse laga i dag snøskulpturar, den andre delen av klassen kosa seg med teikning inne i klasseromsvarmen.
Fleire bilete
 

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 


 

BlimE-dagar
Fredag 20.januar 2012

Tysdag og torsdag gjennomførte mellomsteget BlimE-dagar. Elevane vart delt i grupper på tvers og målet med aktivitetane var samhald og gjera noko kjekt og fint for andre. Me hadde ein kjøkkenstasjon der elevane steikte vaflar, laga hjerteserviettar, dekka bord og gjorde det koseleg for alle, to stasjonar der elevane skulle leika saman og spela spel og ein stasjon der elevane skulle laga eit fint kort til ein hemmeleg venn. Det vart to kjekke dagar og elevane var gode BlimE-ambassadørar :-)

Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Beate Føyen, Hildegunn Heimro, Lars Bakka

 

                                    
 
 


Baking og graut saman med 2. klasse
Tysdag 13.desember 2011

Elevane i 2. og 7. klasse hadde bakedag på måndag. Dei laga mange peparnøtter, dei var kjempegode! Nokre smakte nok litt på deigen og ..
I dag, tysdag, var 7. klasse på grautfest hjå 2. Det smakte med graut. Nokre fekk påfylling for 3. gong, så grauten var god! Nokre heldige fann mandlar. Dei fekk premie, men det rare var at ein mandel var borte. Kan henda nokre var skikkeleg svoltne??

     

Foto: Jonas, Kari og Brita. Tekst: Kjell Byrknes

 

 
 
 

Snart jul!
Torsdag 24.november 2011

Juleforberedelsane er starta i 7.klasse. Idag laga alle elevane kvar sitt pepperkakehjerta som me skal ha til adventskalenderen vår. Håpar dei smakar godt!

Tekst & foto: Kari Myhre

   

 

 

Verdsdelane
Torsdag 3.november 2011

Studentane i 7. klasse har mellom anna undervist om verdsdelane i dei tre vekene dei har vore her. Elevane har jobba i grupper.
Dei har mellom anna laga plakatar og har hatt, eller skal ha, framføring for dei andre i klassen. Eit kjekt opplegg der elevane har lært mykje!
Det har sikkert studentane og

Tekst & foto: Kari Myre & Kjell Byrknes

 

 

Luftig tur til Dalskarsvatnet!
Onsdag 26.oktober 2011

Det blåste "nordavind frå alle kantar" i dag, noko som gjorde at båla brant godt. Elevane frå Sagvåg og Litlabø steikte pinnabrød og pølser, sjølv om røyken for alle slags vegar. I bekken fann elevane aurar som det ikkje var liv i. Dei hadde nok gytt i den vesle bekken, og var tome for krefter. Elevane hadde masse krefter etter maten og la i veg heimover.Nokre bada nesten i elva på heimvegen.. Ein kjekk tur for elevane, assistentane, lærarane og studentane.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Forskingstorg
Fredag 30.september 2011

Onsdag 28. september fekk 6. klasse vera med på forskingstorg på HSH saman med fleire hundre sjetteklassingar. Dagen starta med eit innslag frå Vilvite-senteret. Etterpå fekk elevane vera med på ulike aktivitetar. Ein kjekk dag!
Fleire bilete

Tekst: Aasne H Vikanes Foto: Aasne og Anne Elisabeth Trevland

 
 

Les for meg!
Onsdag 7.september 2011

I dag har 2. klasse vore saman med 7.klasse. Det var kjekt å møta fadrane att. Fadrane las bøker for andreklassingane, og elevane i 2.klasse er blitt så flinke at dei las kvar si lita bok til fadrane sine. Etter lesestunda vart det tid til å leika saman. Til slutt koste alla seg og åt nista i lag. 2.klasse er heldige som har så flinke fadrar.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 
 

Zumba
Onsdag 7.september 2011

Flott Zumba time for 7.klassen i dag og. Alle er kjempe flinke og me har da veldig gøy :)
Siste gangen blir 14.09. Då skal me prøve å lage oss en zumba dans og filme dette, Det blir gøy!
Fleire bilete

Tekst & foto: Kristine Wiersen

     

 

 

Sopp er topp:-)
Tysdag 23.august 2011

I kjempefint vèr hadde mellomsteget i dag sin årlege sopptur til Nesskogen. Me såg etter sopp, leika og drøsa. Etterpå laga me suppe og køen for å smaka var lang. Sjå bileta om du lurar på om det vart soppsuppe med eller utan sjølvplukka sopp ;-)

Fleire bilete på sidene til 5.kl>>  6.kl>> og 7.kl>>

Foto: Åshild Giving og Hildegunn Heimro

 

               

 

 

 Dans og drama i 1. og 7.
  Måndag 22.august 2011

I dag har 1. klasse vore på besøk hos dei største elevane på skulen. 7. klasse framførte eit par songar. 1. klasse fekk prøva rytmeinstrument, rørsle til musikk og dansa. Me har også øvd på å gå stille i gongane.

 

Tekst & foto: Åshild Giving