7.klasse (sag04)  2 0 1 0/1 1  

SFO  |   1.klasse(sag10)  |     2.klasse(sag09)   |     3.klasse (sag08)    |     4.klasse(sag07)     |     5.klasse(sag06)     |     6.klasse(sag05)    |   7.klasse(sag04) Tilbakeblikk 

           Tilbakeblikk

Bilete frå leirskuleopphaldet mai 2011
 

Avslutningsfest for 7. klasse!

Onsdag 15. juni laga klassekontaktane til avslutningsfest i Solidhuset. Me hadde ei fin stund saman med masse god mat og prat. Tusen takk til alle elevane for fine år saman og tusen takk for samarbeidet til alle foreldra.

Foto: Kristine Vikanes Tekst: Hildegunn Heimro


 


7.klasse til Sætrevik

Publisert:
8.juni 2011 kl 17.45

7. klasse har vore i Sætrevik og hatt ein fantastisk dag med padling i kano, fisking med stong, me har kokt fiskesuppe på bål og laga krabbeteiner. Takk til dei to kjekke menne frå Friluftsrådet som var med oss:-)
 

Tekst & bilde: Anne Elisabeth Trevland

 



 

Tentamen i 7.klasse
Publisert: 24.mai 2011 kl 23.45

Idag hadde 7. klasse tentamen i norsk. Tentamen var ei førebuing til elevane skal på ungdomsskulen og både oppgåver og rutinar var slik som dei vil møta der. Tentamen vara frå kl. 08.30 - 13.30. Dei som vart tidlegare ferdig fekk lov å gå frå kl. 11.30. Me hadde med oss 3 kjekke menn som stilte opp som tentamensvakter. Dei fulgte elevane ut dersom dei ville lufta seg. Elevane var kjempeflinke og alle bestod gjennomføringa med glans.....innhaldet gjenstår å sjå:-)

Tusen takk til John Gerhard, Bjarte og Øystein som positivt stilte opp som tentamensvakter - sjokolade til dei
 
Fleire bilete

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 



 

Dei nye 8. klassingane på NUS
Publisert: 24.mai 2011 kl 23.45

I dag vrimla det av grønkledde, raudkledde og oransjekledde elevar på Solidbanen. Dette var dagen då det vart avslørt kven som skal gå i same klasse til hausten. Dei fekk T-skjorter med farge etter kva klasse dei skulle gå i. Mange nøgde, spente og blide elevar :-) Mykje god prat, leikar og kjekke aktivitetar i tillegg til god frokost og lunsj :-) Takk til Utekontakten m fl., MOT, Fitjar vgs og NUS for eit kjekt opplegg i litt ruskete vèr!

Elevane går ein spanande og kjekk haust i møte

Tekst & foto: Hildegunn Heimro



 


Reisebrev 2 frå Gullingen!
Publisert:
Torsdag 12.mai 2011 kl 08.30

I dag vart me kåra til den desidert finaste og ryddigaste fløyen!!!Det er også svært lenge sidan det har vore så flott fangst av aure i vatnet. Jentene hala innpå med fisk på djupt og fint vatn, medan gutane tok inn 7-8 fiskar på grunt vatn. Halvparten leirskuleelevane har i dag vore ved vatnet. Me har vore ute i kano og padla, trukke garn, laga bål, sløydd fisk og steikt fisken på bålet. Dette smaka kjempegodt
Andre halvpart av elevgruppa har vore i oppe i skogen/fjellet. Der såg me fuglar, lytta til fuglesong, hadde bålkonkurranse, laga kullstiftar og hadde teiknekonkurranse, orienteringsbingo, "fjellklatring", fyrstehjelp og bom 50. Til mat hadde me god niste og "steikte skillingsboller".  skrivande stund sit glade gutar og varmar seg i stampen

Tekst: Lars Andreas og reisande Mc

 


Reisebrev frå Gullingen!
Publisert:
Onsdag 11.mai 2011 kl 08.20

Me er komen vel på plass og har i dag hatt ein super dag oppe i heia. Me har vore gjennom steinalderen, bronsealderen, mellomalderen,gardsdrift, dyr, pakking, klede, mat, bål, førstehjelp, stival, snøaking, bading (vatn og gjørme), matematikk, smil, glede og latter :-)

Som de ser har det vore ein svært innhaldsrik og kjekk dag!
Nå ventar fotballkamp og discotek!
Sjå heile biletet

Helsing "7.klasse reisande Mac"

Folkemusikk
Publisert:
Onsdag 4.mai kl 12.00

Jane Jünger frå museet var hos mellomsteget i dag. Ho hadde eit opplegg om folkemusikk frå Sunnhordland. Det var veldig kjekt og elevane fekk ei lita lekse: Dersom nokon veit om folkesongar frå Sagvåg,  må Jane få vite det.  

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


  

MOT
Publisert: Onsdag 4.mai kl 12.00

Ingvild og Synne var på MOTbesøk hos 7. klasse for tredje og siste gong. 7. klasse  hadde mange spørsmål om korleis det er på ungdomsskulen, og MOT- jentene svarte ivrig.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
 
 

 

7.klasse i Bergen
Publisert:
Tysdag 12.april 2011

Tekst og fleire bilete kjemDet var 25 trøytte, men spente elevar som tok Kysbussen til Bergen kl. 07.00 i går.  Vi var på Vilvite senteret og på McDonalds. Litt shopping vart det også tid til.  10 elevar hadde seg  ein tur opp på Fløien.  Elevane var utruleg kjekke å ha med seg:-) Tusen takk til dei 3 mammaene som arrangerte tur og var med oss til Bergen.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



 

Kjekk gym!
Publisert: Onsdag 6.april 2011 kl 13.25

Det var stor aktivitet då 7. klasse hadde nye, flinke gymlærar i dag:-)

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



 
 

6 minutt og 8 sekund!
Publisert:
Tysdag 5.april kl 18.30

Mellomsteget har hatt matematikkdag. Det har vore stor aktivitet på huset. Volum, tid og kombinatorikk var tema i år.
6 minutt og 8 sekund var  rockeringrekorden til Magnus!

 Fleire bilete   

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Lærarane i 5.-7.kl

 
 



 

Humoristisk MGP innslag frå 7. kl
Publisert: Torsdag 24.mars 2011 kl 11.00

Det er ikkje gjort på eit blunk å gjera seg klar til å parodiera dei tilsette ved skulen. Både krølltang, skum, spray, neglelakk og marcara måtte til..... Og om me lærarane  - me fekk oss ein god latter:-)

Du finn ein haug med bilete frå MGP 2011 her Ein presentasjon av lærarane

Teks & foto: Hildegunn Heimro

 


 

Retro  og re-design i 7. klasse
Publisert:  Tysdag 22.februar 2011 kl 08.50

Elevane i 7. klasse held på med å omskapa klede i K & H. Etterkvart som dei kom i gong auka kreativiteten og me gler oss til å sjå dei ferdige resultata

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro



 

Flott i sari!
Torsdag 17.februar 2011

7. klasse har jobba med hinduismen i RLE. Me har m.a. lært om mange ulike skikkar, gudane deira, reinkarnasjon, høgtider og korleis det er å leva som hindu. I dag hadde ein av elevane med seg ein sari som ho viste oss. Det var eit langt, rektangelforma stoff som ho surra rundt på ein spesiell måte. Det var ein fint antrekk og ein av kommentarane var "Kvifor tok du av deg dei kleda, du var jo så fin"?

Takk for mannekengoppvisninga :-)

Tekst: Hildgunn Heimro

Woezel frå Antwerpen
Publisert: Tysdag 25.januar 2011 kl 17.30

Woezel frå Antwerpen skal snart ut på tur igjen i Commenius-prosjektet. Denne gongen går ferda til Dublin. Nå har han budd ei tid inne hjå 7. klasse der han m.a. har vore til hjelp i engelsktimane når me har hatt om adjektiv. I dag fekk han prøva seg på skating saman med nokre av gutane i klassen:-) Me takkar for besøket og ynskjer han god tur til Dublin:-)

Tekst: Hildegunn Sæbø Heimro Foto: Kjartan m.fl

 



 


Sitteunderlag
Publisert: Fredag 2
1.januar 2011 kl 14.10

Halve 7.klasse er no godt i gong med å strikke seg sitteunderlag. Me skal seinare tove dei, og gler oss til å sjå resultatet. Det er god gammaldags "skravling" medan stikket veks ;-)

Tekst og foto: Turid Tvedt Gjellestad


 
 

Smak, refleks, reaksjon....
Publisert: Onsdag 5.januar 2011 kl 1240

Alle veit korleis sukker smakar. Er det like lett å vite om det er sukker ein har på tunga dersom ein har bind framføre auga og heldt seg for nasa? Dette var noko av det 7. klasse arbeida med i dag.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


 
 
Tekst kjem(sikkert) seinare!



Utedag i vinterver
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

Onsdag 15. desember hadde 5. - 7. klasse uteaktivitetar siste del av dagen. Elevane vart delte i lag på tvers av klassane og me hadde 50-leiken. Etterpå smaka det godt med varm saft og spidda pølser.
5.kl  6.kl 7.kl

Tekst: Aasne H Vikanes  Foto: Kjell Byrkenes



 


TEAM ATHLETIC GAMES 2010 -
"Friidrett i skulen"

Publisert: Tysdag 30.november 2010 kl 21.00

Tysdag 30.november deltok elevar frå 6. og 7.klasse på Team Athletic Games på Vikahaugane.  Elevane var delt inn i lag, og dei konkurrerte i lengde, tresteg, innkast, kule, frekveshopp, sprintstafett og hinderstafett. Elevane var ivrige og flinke, så det var ein flott dag!

Tekst & foto: Kari Myhre

Leseveker for mellomsteget
Publisert: Torsdag 25.november 2010 kl 09.00

5.,6. og 7. klasse har hatt leseveker i 2 veker. Me har hatt stasjonar på tvers av klassane, og elevane har lese mykje, dramatisert, lytta på lydbøker, laga eigne bøker og sett filmen "Pitbull Terje". 

Tekst & foto: Kari Myhre

             
 
 


2. og 7.klasse i kunst og handverk
Publisert: Torsdag 4.november 2010 kl 16.00

2. klasse hadde ei kjekk stund saman med fadrane sine i dag. Medan halvparten spela spel i 7. klasse sin base, var resten på K&H og laga fine ting som me skal selja på open dag. Elevane er flinke til å hjelpa kvarandre og det er tydeleg at dei set pris på å få vera saman. Me gler oss til neste gong :-) 

Tekst og foto: Jenny Skjønberg


 

 

Tur med Litlabø

Onsdag 29.9 var mellomsteget på tur med  elevane frå Litlabø skule. Me gjekk frå Litlabø skule, forbi Ulvatjørno og vidare mot Vatna. Nokre blei litt våte på beina, sjølv om det stort sett var fin skogsveg. Nistepakken åt me ikkje så langt frå Vatna. Dei fleste elevane fann seg ein plass i granskogen. Der var det mose og fint å sitja. Etter at tursjokoladen var fortært, var det mange som hadde mykje energi som måtte ut. Nokre leika, medan andre brukte krefter på grankvistane. Me kom litt tidleg attende til Litlabø skule, men elevane nytta tida til leikar og til å spela fotball. Ein flott hausttur !
 

Tekst & foto: Kjell Byrknes


   

Ei stor konsertoppleving
Publisert: Tysdag 28.september 2010

På tysdag var 4, 5 og 7 klasse var på konsert. Me fekk vere med og  delta nesten heile tida. Me song, klappa og laga bobler.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


 
Storskulesamling i amfiet!
Publisert: Måndag 27.september 2010 kl 06:30

5. - 7. klasse skal i haust ha 3 fellessamlingar, der kvar klasse skal ha ansvar for program og plukka ut nokre felles songar. Fyrste klasse ut var 7 klasse som underheldt med rap, dans, korsong og solosong. På slutten av samlinga kom rektor og snakka litt om den kjekke skaterampen me har fått. Han fortalte korleis ein skal nytta rampen og kva som er lov å bruka på der - ingen syklar! Og så minna han om at alle må ha på beskyttelseutstyr når dei skater

Tekst & foto: Hildegunn Heimro



 

Faddersamvær
Publisert: Torsdag 9.september 2010 kl 17:50

I siste økt på torsdag hadde 2. og 7. klasse faddersamvær. Me hadde ein dyreleik, sporløype i skogen og så fann me fram fallskjermen. 2. klassingane var visst litt redde for at dei ikkje hadde fadrar dette året sidan dei no ikkje er 1. klassigar lenger, men fadderordninga varer heilt til fadrane reiser opp på ungdomsskulen:-) Me skal ha fleire kjekke stunder saman utetter året!

Tekst og foto: Hildegunn Heimro



 

Mjelkevikjo
Publisert: Tysdag 7.september 2010 kl 21:55

7. har vore på tur til Mjelkevikjo i dag. Me hadde nydeleg ver og  fann både planter og dyr i fjøra.
7.kl

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


 
 

 
Pølseteknikk og kjevling
Publisert: Måndag 6.september 2010 kl 19:00

7. klasse har byrja med leira i K&H, og elevane har fått i oppgåve å laga ein kopp eller ei skål ved å bruka pølseteknikk eller kjelve. Dei var ivrige i arbeidet og det vart forma mange fine gjenstandar. Prosessen frå leirklump til ferdig produkt er lang, og det er alltid spennande å sjå korleis leira toler tørking og brenning. Me gler oss til å sjå dei fedige resultata:-)

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 



 

 

SOPP ER TOPP!
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Me hadde ein kjekk sopptur med fantastisk kjekke ungar. Soppsuppa smakte veldig bra i år også. Comeniusbamsen fekk også vere med på tur.


5.kl  6.kl  7.kl

Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarane på mellomsteget