| 7.klasse (sag03) 2 0 0 9/10 | |
|
SFO | 1.klasse(sag09) | 2.klasse(sag08) | 3.klasse (sag07) | 4.klasse(sag06) | 5.klasse(sag05) | 6.klasse(sag04) | 7.klasse(sag03) | Tilbakeblikk |
|
|
Kreative 7.klassingar Ved hjelp av Cernit lagar elevane i 7.klasse flotte dokker. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
Utedag i
fint vintervêr Det var stor aktivitet då elevane på mellomsteget var på tur til Dalebakkane. Det var nydeleg ver og føret ga kjempefart i bakken. Me koste oss med pølser, sjokolade og varm drikke. Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland & Aasne Vikanes |
|
|
I storslått vintervêr med kulde og sol, var mellomsteget i dag på Storavatnet og skeisa. Litt knudrete is og ein del snø, men det sette ikkje ein stoppar for skeisegleda. Ein flott dag :-) Fleire bilete>> Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Mange av elevane |
|
|
I dag var heile mellomsteget ute og hadde 50 leiken. Det var ganske kaldt, men me varma oss på varm saft og pølser. Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Aasne Vikanes |
|
|
Publisert: Fredag 11.desember kl 13:30 I dag inviterte 2.klasse fadrane på graut og saft. I grauten gøymde det seg og tre mandlar, som kanskje gjorde grauten ekstra god. Dei tre heldige fekk ein sjokoladenisse kvar. Etter måltidet leika alle saman, ute eller inne. Me hadde det veldig koselig og takkar for besøket. Tekst & foto: Ann Karin Ystevik |
|
|
Stemningsfull adventsamling Klokka halv ni møtte alle elevane til adventsamling i amfiet. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga og det vart ein fin samling med mange flinke elevar på scenen. Du finn fleire bilete her>> Tekst og foto: Lars Bakka |
|
![]() Teknologi og design Publisert: Tysdag 17.november kl 17:45 Mellomsteget har teknologi og design/leseveker dei to neste vekene. Me ser på film, dramatiserer, les, høyrer lydbok, lager bøker, vasshjul. Me har det veldig kjekt. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
|
Lenkjer til
Kvitebjørnprosjektet:
|
|
På
turPublisert: Tysdag 15.september kl 18:40 2.klasse og 7.klasse var på tur til utslettefjellet. Me grilla pølser og koste oss. Det var ein fin tur sjølv om me fekk litt duskregn på oss. Tekst og foto: Ann Karin Ystevik |
|
![]()
2. og 7.klasse I dag har elevane i 2. klasse fått vore saman med fadrane sine. Dei har spelt spel og leika saman. Fleire bilete på sidene til 2.klasse>> og 7.klasse>> Tekst og foto: Kari Almås |
|
|
Sommar-varme Heile mellomsteget var på sopptur til Nesskogen i dag. Me fann ikkje mykje sopp, men me kokte god kantarellsuppe frå pose. Elevane leika og koste seg i det fine, varme veret. Nokre elevar fann eit ekorn utan kropp og. Lurer på kva som har skjedd?
|
|