.



Sjå tilbake på skuletida:

 

6. å r s s t e g (sag01) 2 0 0 6/0 7

 Kontaktlærar>> Anne Elisabeth Trevland anne.elisabeth.trevland@stord.kommune.no  

Våre læringsmål etter 7.årssteg:

 
Ut i naturen
Publisert: 12.06.07 15:45

Halve storskulen var til Dyvikesåta i dag, tysdag. Me hadde ein fin tur, det var fint å gå og god utsikt frå toppen! Me hadde nærleiksgøymsle og koste oss med mat og drikke.
Den andre halvparten av storskulen var på sykkeltur til Trekantsambandet.

Tekst: Kjell Byrknes
Foto: Kjell Byrknes og Anne Elisabeth Trevland

 

 

 

 
Vikingfestival
Publisert: 09.06.07 08:15

Torsdag, 7. juni var 6.steget på Vikingfestivalen på Avaldsnes. Fire kjekke mødre var sjåfør for oss. Det var mykje spennande å sjå på marknaden. Me lærte leikar frå vikingtida, var ute på rotur, smakte på snop frå vikingtida, såg på gjøglarar........... Sola skein og skein, og alle var fornøgde.
Du finn våre eigne bilete frå turen her>> og innslag frå NRK-Rogalend her>>

Takk til foreldra som køyrde oss!

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Til Bømlo med 6.steget
Publisert: 29.05.07 11.45

Fredag 25.mai var elevane på 6.steget på Mostraspelet på Bømlo. 7.juni skal dette årssteget også til Vikingefestival på Karmøy. Etter fullført 6.årssteg bør dessse elevane ha god kunnaskap om norsk historie frå vikingetida. Fleire bilete>> (Takk til Sigve for flott bilete!)

Tekst: Lars Bakka Foto: Sigve Moss

 

 
Tinestafett
Publisert: 23.05.07 20.00

Foto: Egil Petterteig

 
Fjelltur
Publisert: 26.04.07 kl 13.20

I dag var 6 og 1 steg på tur til Utslettefjellet. Me hadde ein flott tur. "Det har vore ein kjempekjekk dag," var ein av kommentarane me høyrte då me var på veg nedover.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
Pizza til alle
Publisert: 28.03.07 kl 15:00

Onsdag 28.mars vart alle elevane på 5.-6. og 7.steget overraska med pizza til lunch!
Dette var ein bonus til alle elevane på storskulesteget for at dei er kjekke og greie og hjelper til med å gjere Sagvåg skule til ein kjekk stad å vera for elevar, studentar og lærarar. Ei spesiell takk til Kari Myhre som saman med 5.og 6.steget var kokkar!

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

 
'Endelig hjemme'
Publisert: 16.02.07 kl 10:30

Idag var vi på 6 steget så heldige at vi fekk reise med buss til Leirvik for å gå på kunstutstilling. Utstilla var kalla "Endelig hjemme".
Me fekk prøve ulike teknikkar sjøl, og det var kjempegøy. Tida gjekk altfor fort.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Brannøving 
Publisert: 08.02.07 kl 11:30

I dag vart det gjennomført brannøving ved Sagvåg skule. Elevane på 6.steget hadde også  . 

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Digital tekst med studentane
Publisert: 24.01.07 kl 12:00

I dag var studentane på plass att. Elevane på 5-7 steg blei delt inn i grupper. Dei fekk arbeide på Smart boarden, laga film, syngje Singstar, spele Buzz og sett på film. Kjempekjekt.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Les, høyr, sjå..
Publisert: 15.12.06 kl 14.30

Denne veka har vi hatt leseveke for 5-7 steg. Elevane har hatt tilbod om dramatisering, høyre høyrespel, sjå film, høyre lydbok og sjølvsagt lese bøker.

 Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Les for meg!
Publisert: 15.12.06 kl 14.30

1. og 6. steg har hatt ei koselig bakestund saman. 6 steget har også lest bøker for fadderungane sine.

 Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
Her er Munchbileta våre:

1   2    3   4   5 6   7     9   10 11 12 13 14 15 16 17 18

 

 
I platestudio!
Publisert: 30.11.06 kl 10:15

 

I dag hadde 4.steg og 6.steg musikktime saman. Egil tok opp den fine songen, og det var akkurat som å vere i platestudio. 6 steg lærte også vekk Fugledansen til 4. steg.

Tekst & foto: Egil Petterteig og Anne Elisabeth Trevland

 

 
Julebakst!
Publisert: 29.11.06 kl 15:00

 

Det er snart jul, og på kjøkenet er me i gong med julebaksten! Ei gruppe elevar frå 5. og 6. steget hadde Mat og helse på onsdag, og då baka dei kakemenn. Dei blei kjempegode!

Foto: Solveig Sleen /Tekst: Kari Myhre

 
Til biblioteket på Litlabø
Publisert: 15.11.06 kl 14:02

I dag var 6 steg på biblioteket på Litlabø. Kari Bolette leste til oss frå ei ny barnebok. Det er så kjekt når Kari Bolette les for oss. Me ser for oss bilete inne i hovudet då, seier elevane.

Tekst & foto:  Anne Elisabeth Trevland

 
Til 'Sunnhordland'
Publisert: 25.10.06 kl 10:35


 

6 steget var hos Bladet Sunnhordland på Heiane i går. Dei fekk sjå og høyre korleis avisa vert til.

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Vafler og blåbær
Publisert: 21.september 2006 kl 20:15

 

I dag  har 6. og 1.steget steikt vafl3r saman. 6.steget laga vaffelrøre og har vore i skogen og plukka blåbær. Det blei til deileg blåbærsyltety. Me fekk også tid til å leika samen

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevaland

 
 

Til Botnavatnet
14.september 2006 kl 15:35

 

Me hadde ein flott tur til Botnavatnet, med god stemning og harmoniske elevar. Alle kom heilt opp i år!!

Tekst: & foto Egil Petterteig

 

 
Meir om tema: Vatn
14.september 2006

Me var ved Fiskarelva og leita etter smådyr. Det var ikkje mange me fann. Me fiska og fekk 3 små aure som me steikte på stormkjøken. Dei smakte nydeleg.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
Vatn
12.september 2006

I tre veker framover er mellomsteget delt i aldersblanda grupper. Nokon undersøkjer liver i fjøra, andre finn småkryp og anna i ferskvatn, og tredje gruppa driv forsøk på skulen.

Her er bilete frå "Forskargruppa"

 

Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket

 

 
Tur til Bleikjevikjo
12.september 2006

Ei gruppe frå 5.6. og 7. steget var i Bleikjevikjo i dag, for å sjå på livet i fjøra. Elevane fann mykje spanande. Det meste fann dei og namn på, etter å ha studert bestemmelsesdukar og plastra ark. Nokre fiska og fekk nok til middag for heile familien! Me laga og bål og koste oss med ostesmørbrød m.m.( Hadde fått lov til å laga bål!) På skulen blir det vidare arbeid i morgon.

Tekst og foto: Kjell Byrknes

 
Store og små
15.august 2006

Elevane på 6.steget er fadrar for elevane i første.