| . |
|
|
|
6. å
r s s
t e g
(sag02) 2 0 0 7/0 8 |
![]() Fleire bilete frå aktivitetsdagar Publisert: 13.06.08 kl 13:30 No finn du nye bilete frå fredag den 13.juni på sidene til 5.st>>, 6.st>> og 7.st>> Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarane på 5. til 7.st Bilete frå Anne Elisabeth:
|
![]() Bekkevandring Publisert: 12.06.08 kl 21:15 Elevane som var på fjelltur fekk ei fin dag. Det var kjekt å prøva bekkevandring. Litt kaldt for dei som ikkje hadde byteklede i sekken... Tekst & foto: Kjell Byrknes & Nina Danmo
|
![]() Friluftsdagar Publisert: 12.06.08 kl 21:15 I dag er første friluftsdagen avvikla. Mellomsteget har vore delt inn i tre grupper som har gjennomført kvar sine aktivitetar. Nokre har vore på sykkeltur til Nautøy, andre på fjelltur med innlagt bekkevandring, og siste gruppa har padla i kano på Storavatnet.Dei neste dagane byter gruppene aktivitetar, og me håpar på like bra ver som i dag. Tekst & foto: Toril S. Bruket |
![]() Til vikingane Publisert: 06.06.08 kl 21:00 Sjette steget hadde ein flott dag på vikingfestivalen på Karmøy på torsdag. På Karmøy fekk dei mellom anna sjå ulike handverkarar. Dei viste korleis dei jobba. Det var og sal av det dei laga. Dei som ville, kunne vera med på ulike aktivitetar: Skyta med pil og boge, ro i vikingskip,vera med i ulike konkurransar, eller rett og slett sjå på. Det var mange flott bygningar på området. Mange lærte nok ein god del om livet i vikingtida den dagen! I tillegg grilla me og koste oss i det flotte veret. Takk til foreldra som hadde stilte med bilar og som stod bak turen! Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
![]() Utslettefjellet - her kjem me! Publisert: 03.06.08 kl 14:15
I dag har 1. og 6. steget vore på tur til utslettefjellet. Alle var ivrige etter å koma seg til topps og det gjekk fort oppover bakkane. På toppen skreiv me oss inn i boka, me koste oss med nista og me fekk tid til å leika saman. Både små og store hadde ein kjekk tur i fin sommartemperatur. Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne Brit Holm og Gro A. Halvorsen.
|
![]() Mostraspelet Publisert: 03.06.08 kl 08:15
Elevane på 6. steget fekk oppleva både dramatikk og kjærleik i Mostraspelet. Brytningstida mellom den gamle trua og "Kvitekrist" fekk nok eit nytt innhald for elevane, etter at dei fekk sjå vikingar, kongar, prestar og andre i dette flotte spelet. Takk til foreldra som stilt opp og ordna transport! Fleire bilete>> Tekst og foto: Kjell Byrknes |
![]() Fotballdag for dei store Publisert: 29.05.08 kl 15:10
Torsdag hadde Tjødnalio, Litlabø og Sagvåg fotballdag ilag. Mange gode fotballprestasjonar i det flotte, varme veret. Fleire bilete>> Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland
|
![]() Tinestafett for 6.steget Publisert: 23.05.08 kl 13:30
Elevane gjorde ein flott innsats, både på og utanfor bana. Heiagjengen hadde plakat, var utkledde og var flinke til å vera med på å laga stemning. Laget fekk juice og ei T-skjorte. Elles koste dei fleste seg veldig i sola.. Tekst & foto: Kjell Byrknes |
![]() Aktive timar på Nysæterbanen Publisert: 22.05.08 kl 22:50
Mellomsteget nytta dei tre siste timane onsdag på Nysæterbanen. Me sprang stafett, 60 meteren, hoppa lengde, spela fotball og slåball. Trivelege og aktive timar, og kjekke elevar! Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
![]() Ut i sola! Publisert: 13.mai 2008 kl 12:40 På fredag tok mellomsteget siste time ute, der me leika, spela slåball, åt vaflar og kosa oss. Nokre få måtte skunda seg å få ferdig leksene før dei kom ut, men alle fekk vaflar til slutt. Me har veldig kjekke elevar, så dette hadde dei fortent :-) Tekst & foto: Egil Petterteig
![]()
|
![]() Det vart litt langt og vått.... Publisert: 29.april 2008 kl 15:00 Mellomstega på Sagvåg og Litlabø gjekk rundt Dalskarsvatnet siste dag før 1. mai helga. Nokon tok sitt første bad i vatnet, sjølvsagt utan løyve, medan andre heldt seg klokeleg på land. Talet på våte føter var høgt, og mange var svært trøytte etter turen. Neste gong skal me gå ein litt kortare tur. Fleire bilete>>
|
|
Brannvern
på 6.steget Publisert: 5.februar 2008 kl 15:30
noko heilt anna å få brannvesenet og ein frå SKL på besøk. Ikkje minst å få prøva på ein "verkeleg" brann! Dei fekk prøva seg med pulverapparat og alle fekk det til. No skal dei berre heim og sjekka opp alt det brannmennene og SKL sin mann tipsa dei om. Det blir ein grundig sjekk i heimen! Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Korleis blir ei
avis trykt? Publisert: 4.februar 2008 kl 16:00
6. steget er inne i avisprosjektet sitt. Difor køyrde me til bladet "Sunnhordland" på Heiane, for å sjå korleis ei avis vert til. Me fekk høyra om "Sunnhordland", som i år er 107 år gammal, og me fekk sjå avispressa i gang. Takk til Håkon, Ingunn og Eivind som køyrde begge vegar . Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket |
![]() ![]() ![]() ![]() |
|
Første og 6. steget hadde ei koseleg stund rundt bålet i dag. Dei fekk god graut og saft. Etterpå var det leik i skogen og ballspel i ballbingen. Det var litt kaldt, så det var godt å kunna varma seg litt ved bålet når det blei kaldt. Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Ut i naturen
Tysdag var heile mellomsteget ute siste økta. Me spidda pølser på bål, spelte fotball og stikkball, laga stjerner av siv, og kosa oss i lag. Det var kaldt og godt, så den varme safta vart populær. Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
Luciadagen
Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
|
Baking av
julemenn
Første og sjette steget har hatt nokre kjekke timar samen i dag, på Luciadagen. Først gjekk 1. steget rundt og song Lucia songen og delte ut pepperkaker. Deretter var det baking av julemenn og leik som var på programmet.Til slutt fekk alle eta litt av det dei hadde bakt.Ein kjempekjekk dag! Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Tenn lys! To lys skal skina.... I dag var heile skulen samla til ei fin adventstund
i amfiet. Denne gongen var det 1. og 6. steget som hadde ansvaret.
Tekst: Anne Brit Holm Foto: Aasne H. Vikanes og Kjell Byrknes
|
|
Reklame, teknologi og design
5. , 6., og 7. steget arbeider for tida i grupper på tvers av stega. I kunst og handverksrommet har elevane laga bilar og båtar som køyrer ved hjelp av lufttrykk og propellar. Tekst & Foto: Kjell Byrknes & Toril Sandvik Bruket |
|
Har du høyrt om Tigli? Publisert: 24.oktober 2007 kl 16:30
Me er inne i "Leselystprosjektet", og 6. steget har øvd ei veke i forkant for å lesa høgt til fadderborna sine. "Eg skjelv i beina" var ein av kommentarane frå 6. steget før dei gjekk i gang med lesinga, men det gjekk kjempefint! Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
|
1. og
6.steget 11.september 2007
I dag var det 1. og 6.steget som hadde det kjekt ilag. Elevane på .steget er fadrar for elevane på 1.
Tekst & foto: Toril S. Bruket
|
|
Ny arkitektur
Sjette steget var på ei utstilling om norsk samtidsarkitektur på Kulturhuset. Der fekk dei sjå bilete og modellar av ulike moderne bygg. Dei fekk og sjå korleis moderne arkitektur var med på knyta eldre bygg saman med nye. Gjenbruk av materialar fekk dei og sjå eksempel på. Etter all denne inspirasjonen fekk dei prøva seg som arkitektar ved å bygga hus i papir og ulike materialar. Arbeida blei til slutt stilt ut. Mange flotte og kreative bygg! Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Sopptur Torsdag var 5, 6 og 7 steg var på tur. Me sykla til Nesskogen, og gjekk ein runde der. Me fann kantarellar og laga oss soppsuppe. Svært mange syntest at suppa var kjempegod! Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Elevar og lærarar ved Sagvåg skule |
|
1.+6.steget= SANT! Elevane på 6.steget har vore samane med "fadderungane" dvs. elevane på 1.steget. Dei kosa eg saman, både i og utanfor sandkassen. Tekst & foto: Kjell Byrknes |