.



Sjå tilbake på skuletida:

 
5. å r s s t e g (sag02) 2 0 0 6/0 7

Kontaktlærar>> Kjell Byrknes  kjell.byrknes@stord.kommune.no Egil Petterteig  egil.petterteig@stord.kommune.no

Våre læringsmål etter 7.årssteg:
     
 
Ut i naturen
Publisert: 12.06.07 15:45

Halve storskulen var til Dyvikesåta i dag, tysdag. Me hadde ein fin tur, det var fint å gå og god utsikt frå toppen! Me hadde nærleiksgøymsle og koste oss med mat og drikke.
Den andre halvparten av storskulen var på sykkeltur til Trekantsambandet.

Tekst: Kjell Byrknes
Foto: Kjell Byrknes og Anne Elisabeth Trevland

 

 

 

 
Førskuledagar
Publisert: 25.05.07 13.30

Torsdag og fredag har det vore førskuledagar for elevane som tek til på 1.steget hausten 2007 (sag07). I dag fekk den nye elevane også møta fadrane frå 5.steget.

Tekst & foto: Lars Bakka

Pizza til alle
Publisert: 28.03.07 kl 15:00

Onsdag 28.mars vart alle elevane på 5.-6. og 7.steget overraska med pizza til lunch!
Dette var ein bonus til alle elevane på storskulesteget for at dei er kjekke og greie og hjelper til med å gjere Sagvåg skule til ein kjekk stad å vera for elevar, studentar og lærarar. Ei spesiell takk til Kari Myhre som saman med 5.og 6.steget var kokkar!

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

 
Troll med personlegdom
Publisert: 07.03.07 kl
15:50

5. steget har arbeidd med troll i leira. Ikkje eitt av trolla var like, dei hadde fått sin eigne personlegdom.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket & Kjell Byrknes

 
Digital tekst med studentane
Publisert: 24.01.07 kl 12:00

I dag var studentane på plass att. Elevane på 5-7 steg blei delt inn i grupper. Dei fekk arbeide på Smart boarden, laga film, syngje Singstar, spele Buzz og sett på film. Kjempekjekt.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Vinterby
Publisert: 20.12.06 kl 14.30

5. steget har jobba med å teikna hus i formingstimane. Dei har og jobba med målestokk og med på laga hus i papp. Til slutt laga me ei utstilling der julesnøen kom på plass. I tilegg fekk husa lys! Utstillinga har vore med på å få alle i julestemning!

 Tekst & foto: Kjell Byrknes

 
Les, høyr, sjå..
Publisert: 15.12.06 kl 14.30

Denne veka har vi hatt leseveke for 5-7 steg. Elevane har hatt tilbod om dramatisering, høyre høyrespel, sjå film, høyre lydbok og sjølvsagt lese bøker.

 Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
'Musikk fra en blå brønn'
Publisert: 14.11.06 kl 13:02

5. steget henta inspirasjon og kunnskap på Galleri Giga i dag. Dei fekk læra om Torborg Nederaas og høyra på opptak av ho. Dei fekk og høyra på musikk og sjå på kunst.

Til slutt fekk dei kvart sitt lerret som dei laga ei skisse av eit av kunstverka på. Dei skal seinare måla bilete ut frå skissa og laga utstilling.

Tekst & foto:  Kjell Byrknes

 
 
Til Botnavatnet
14.september 2006 kl 15:35

 

Me hadde ein flott tur til Botnavatnet, med god stemning og harmoniske elevar. Alle kom heilt opp i år!!

Tekst: & foto Egil Petterteig

 

 
Meir om tema: Vatn
14.september 2006

Me var ved Fiskarelva og leita etter smådyr. Det var ikkje mange me fann. Me fiska og fekk 3 små aure som me steikte på stormkjøken. Dei smakte nydeleg.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
Vatn
12.september 2006

I tre veker framover er mellomsteget delt i aldersblanda grupper. Nokon undersøkjer liver i fjøra, andre finn småkryp og anna i ferskvatn, og tredje gruppa driv forsøk på skulen.

Her er bilete frå "Forskargruppa"

 

Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket

 

Tur til Bleikjevikjo
12.september 2006

Ei gruppe frå 5.6. og 7. steget var i Bleikjevikjo i dag, for å sjå på livet i fjøra. Elevane fann mykje spanande. Det meste fann dei og namn på, etter å ha studert bestemmelsesdukar og plastra ark. Nokre fiska og fekk nok til middag for heile familien! Me laga og bål og koste oss med ostesmørbrød m.m.( Hadde fått lov til å laga bål!) På skulen blir det vidare arbeid i morgon.

Tekst og foto: Kjell Byrknes

 
Fjelltur
22.august 2006

Elevane på 5.steget var på tur til Utslettefjellet i dag.
 

Tekst og foto: Egil Petterteig