.



Sjå tilbake på skuletida:

 
5. å r s s t e g (sag03) 2 0 0 7/0 8

Kontaktlærar>>

Våre læringsmål etter 7.årssteg:
     
 

Fleire bilete frå aktivitetsdagar
Publisert: 13.06.08 kl 13:30

No finn du nye bilete frå fredag den 13.juni på sidene til 5.st>>, 6.st>> og 7.st>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarane på 5. til 7.st

Bilete frå Anne Elisabeth:

     

 

Bekkevandring
Publisert: 12.06.08 kl 21:15

Elevane som var på fjelltur fekk ei fin dag. Det var kjekt å prøva bekkevandring. Litt kaldt for dei som ikkje hadde byteklede i sekken...

Tekst & foto: Kjell Byrknes & Nina Danmo


 


 

 

 

Friluftsdagar
Publisert: 12.06.08 kl 21:15

I dag er første friluftsdagen avvikla. Mellomsteget har vore delt inn i tre grupper som har gjennomført kvar sine aktivitetar. Nokre har vore på sykkeltur til Nautøy, andre på fjelltur med innlagt bekkevandring, og siste gruppa har padla i kano på Storavatnet.Dei neste dagane byter gruppene aktivitetar, og me håpar på like bra ver som i dag.

Tekst & foto: Toril S. Bruket

Nye bilete 16/6 Kari Myhre:
 

 

 

Det finst mange små fiskar i Fiskarelvo!
Publisert: 05.06.08 kl 15:15

4. og 5. har vore på tur til Fiskarelvo. Me kosa oss med mat og drikke, 50-leiken og elles utforska me både vatn og terreng. Me hadde med oss ein flott gjeng elevar!

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Jenny Sætre Skjønberg & Toril... og elevane

 

 

Fotballdag for dei store
Publisert: 29.05.08 kl 15:10

Torsdag hadde Tjødnalio, Litlabø og Sagvåg fotballdag ilag. Mange gode fotballprestasjonar i det flotte, varme veret. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

Førskuledag
Publisert: 28.05.08 kl 12:50

I dag var det førskuledag ved Sagvåg skule. Flinke elevar på 5.steget er fadrar og tok godt imot elevane på 1.steget.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

 

 

Aktive timar på Nysæterbanen
Publisert: 22.05.08 kl 22:50

Mellomsteget nytta dei tre siste timane onsdag på Nysæterbanen. Me sprang stafett, 60 meteren, hoppa lengde, spela fotball og slåball. Trivelege og aktive timar, og kjekke elevar!

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 


Ut i sola!
Publisert: 13.mai  2008 kl 12:40

På fredag tok mellomsteget siste time ute, der me leika, spela slåball, åt vaflar og kosa oss. Nokre få måtte skunda seg å få ferdig leksene før dei kom ut, men alle fekk vaflar til slutt. Me har veldig kjekke elevar, så dette hadde dei fortent :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

 

Det vart litt langt og vått....
Publisert: 29.april  2008 kl 15:00

Mellomstega på Sagvåg og Litlabø gjekk rundt Dalskarsvatnet siste dag før 1. mai helga.

Nokon tok sitt første bad i vatnet, sjølvsagt utan løyve, medan andre heldt seg klokeleg på land. Talet på våte føter var høgt, og mange var svært trøytte etter turen. Neste gong skal me gå ein litt kortare tur. Fleire bilete>>

 

 

Flott fjelltur
Publisert: 18.april  2008 kl 15:15

Torsdag 16.april  var 5.steget ver på UtslettefjelletI det flotte våreveret. Me grilla pølser, leika og laga adjekivforteljing. Fleire bilete>>

Tekst : Kari Myhre Foto: Kari Myhre og elevane på 5.steget

 

 

 
Kjemi
Publisert: 15.februar 2008 kl 12
:20

 

Me har hatt kjemi, og undersøkt ulike stoff på kjøkenet. Sukkeret smaka godt, men det var verre med hornsaltet.......

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

 

 
Inga hindring
Publisert: 15.februar 2008 kl 12:20

Elevane på 5.steget har i dag gjennomført undersøkjinga "Ingen Hindring" på skulen vår. Me har undersøkt korleis skulen er for synshemma, rørslehemma, hørslehemma, elevar med dysleksi og allergikarar. Stort sett er skulen vår bra, men ein finn alltid små hindringar som ein ikkje hadde trudd......... Me lærte iallefall ein del om korleis folk med ulike hemningar har det.

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

Ut i naturen
Publisert: 18.desember 2007 kl 15:30

Tysdag var heile mellomsteget ute siste økta. Me spidda pølser på bål, spelte fotball og stikkball, laga stjerner av siv, og kosa oss i lag. Det var kaldt og godt, så den varme safta vart populær.

Tekst & foto: Egil Petterteig

 
Baking
Publisert: 13.desember 2007 kl 16:30

 

Onsdag var det 5. steget sin tur til å baka. Elevane kjevla og stakk ut flotte pepperkakefigurar, som dei fekk med seg heim.

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 
 

Reklame, teknologi og design
Publisert: 26.november 2007 kl 14:15

5. , 6., og 7. steget arbeider for tida i grupper på tvers av stega. I kunst og handverksrommet har elevane laga bilar og båtar som køyrer ved hjelp av lufttrykk og propellar.

Tekst & Foto: Kjell  Byrknes & Toril Sandvik Bruket

 

 
 
'Nøkkelen på syndentur og alver på skateboard'
Publisert: 12.november 2007 kl 21:15

I samband med Barnelitteraturfestivalen, fekk 5.steg besøk av Nina Langeland og Jens Kristensen. Kristensen er illustratør og viste oss fleire barnebøker som han har illustrert. Elevane har førebudd seg ved å lesa tekstar av Oskar Stein Bjørlykke og Kråkevisa. Elevane fekk vera ekte kunstnarar, og malte kvar si kråke på lerret. Det var kjempekjekt, og kråkene blei veldig forskjellige og flotte! I helga kjem dei til å henge på utstilling i Kulturhuset slik at alle som vil kan sjå dei.

Tekst & foto: Kari Myhre

 
Leikestund
Publisert: 7.november 2007 kl 15:00

Tysdag på slutten av dagen hadde 3.- 4.- og 5. steget leikestund saman.

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Solveig Sleen

 

 

Sykkelprøve
17.september kl 18:00

Elevane ved Sagvåg skule får lov til å sykla til skulen frå det året dei tek til på 5.steget. Kvar elev skriv under ei personleg kontrakt mellom eleven, foreldra og rektor om kva reglar som gjeld for sykling. Bileta er frå sykkletest på 5.steget. Fleire bilete>>

Tekst: Lars Bakka

 

 

Dans på 5. og 6.steget
14.september kl 10:15

5. og 6. steget har i to veker hatt musikkstudentar på besøk. 5. har jobba med komponering og data, medan 6. steget har dansa jenka, linedans og kreativ dans. På fredag viste dei førstesteget kva dei hadde fått til, og det var ikkje lite. Dei var flinke!!

Tekst: : Egil Petterteig Foto: Lars Bakka

 

Sopptur
30.august kl 21:10

Torsdag var 5, 6 og 7 steg var på tur. Me sykla til Nesskogen, og gjekk ein runde der. Me fann kantarellar og laga oss soppsuppe. Svært mange syntest at suppa var kjempegod!

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Elevar og lærarar ved Sagvåg skule

 

Smådyr
24.august 2007 12:00

5.steg var ute i naturfagtimen torsdag 23.8. Me fann mange ulike smådyr som me undersøkte etterpå.

Tekst & foto: Kari Myhre