5.klasse (sag07)  2 0 1 1/1 2  

SFO  |   1.klasse(sag11)  |     2.klasse(sag10)   |     3.klasse (sag09)    |     4.klasse(sag08)     |     5.klasse(sag07)     |     6.klasse(sag06)    |   7.klasse(sag05) Tilbakeblikk 

 
Matematikk Norsk         Tilbakeblikk
 

 

Dei siste dagen saman med studentane
Fredag 17.februar 2012

Dagen starta med K&H. Elevane har jobba med å teikna kjende landemerke til tema Noreg. Dei som vart ferdig viste teikninga si for resten av klassen og fortalde om det dei hadde teikna. Sjå kor fine teikningane vart! Me jobbar mykje med munnlege ferdighetar og elevane er ofte framme og presenterer/les opp for dei andre i klassen. Etterpå var det kos med kake frå studentane og mimeleik. Ei kjekk stund!
Etter friminutt var det RLE der tema var "forfylging". Elevane fekk høyra om korleis kristne vart forfylgde i Romarriket og kva som skjedde med dei. Dei fekk sjå spennande bilete og lese den groteske forteljinga om Den heilage Agnes. Så var det tid for fredagssamling i amfiet. I dag vart det treningkast 6 til elevane for god handhygiene. God handhygiene har vore vekeoppdraget dei to siste vekene.Fredagssamlinga er eit fint samlingspunkt for elevane på skulen om viktige sosiale tema. Den er kvar fredag frå kl. 10.30 - 10.45.Etter samling var det mat og matpause.
Då elevane kom inn att, hadde dei engelsk med Kari. Då fekk studentane ein fritime der dei retta lekser. I siste time hadde me norsk der målet var å vita korleis me kan skriva ulike ord som tek til med j-lyden. Kjekk presentasjon av stoffet gjorde at elevane var både ivrige og arbeidslystne. Heilt på tampen fekk me også tid til at nokre elevar var framme og fortalde frå leseleksa denne veka, ved hjelp av nøkkelord dei hadde skrive opp. Me avslutta med å ta gruppebilete av studentar og elevar og takka for no!

Tusen takk til studentane for 3 kjekke praksisveker!

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

 


 

Gruppearbeid i 5.klasse
Torsdag 16.februar 2012

I dag har 5.klasse hatt framføring i musikkrommet om dei ulike landsdelane i Noreg. Me har jobba med dette dei tre vekene studentane har vore her. Det var flinke elevar som framførte, og dei har jobba godt med plakatane! Me studentar er stolte, og kjem til å savne den flotte klassen!
 

Helsing studentane: Katharina, Eirin, Heidi og Thomas


 

BlimE-dagar
Fredag 20.januar 2012

Tysdag og torsdag gjennomførte mellomsteget BlimE-dagar. Elevane vart delt i grupper på tvers og målet med aktivitetane var samhald og gjera noko kjekt og fint for andre. Me hadde ein kjøkkenstasjon der elevane steikte vaflar, laga hjerteserviettar, dekka bord og gjorde det koseleg for alle, to stasjonar der elevane skulle leika saman og spela spel og ein stasjon der elevane skulle laga eit fint kort til ein hemmeleg venn. Det vart to kjekke dagar og elevane var gode BlimE-ambassadørar :-)

Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Beate Føyen, Hildegunn Heimro, Lars Bakka

 

                   


Mjuke og harde pakkar i 5. klasse

Tysdag 20.desember 2011

Kanskje nokon av desse hamnar under juletreet ditt? Mykje godt handverk bak desse fine snømennene og juletrea som 5. klasse har jobba med i K&H-timane.

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 

Baking i 5. klasse
Onsdag 7.desember 2011

Etter at me hadde ete graut saman med 3. og 4.klasse, baka 5.klasse peparkaker. Ein kjekk førjulsdag, der elevane og fekk leika i snøen.
 

Tekst: Annbjørg Luggenes Foto: Elisabeth Magnussen

 
Det er ikkje berre nissen som et graut ute i snøen...........
Onsdag 7.desember 2011

.....det gjer 3., 4. og 5. klasse også! Fleire av elevane våre åt meir graut enn vanleg fordi dei leita i porsjonane sine etter dei seks mandlane me hadde hatt oppi grytene. Då grautgrytene var nesten tomme, var alle seks mandlane funne, og fem elevar og ein vaksen vart lukkelege eigarar av kvar sin "mandelpremie". I tillegg til å eta graut, brente me bål og leika i snøen.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket  

 

Resultatet av arbeidet studentane har halde på med i K&H!
Onsdag 9.november 2011

Studentane har jobba med å laga eit veggmiljø der dei skulle gjenskapa historia om Troja. Dei har nytta ulike material og resultatet vart flotte plakatar. Me har kreative og flinke elevar som var ivrige i arbeidet. Dei synes dette var veldig kjekt!! Då dei var ferdig presenterte dei arbeidet sitt for klassen der dei fortalde kva dei hadde laga, litt om materialbruk og om samarbeid. Plakatane heng utstilt i klasserommet til 5. klasse.

Takk for nå til studentane! Velkommen attende etter jul:-)

Tekst og foto: Hildegunn S Heimro

 

Luftig tur til Dalskarsvatnet!
Onsdag 26.oktober 2011

Det blåste "nordavind frå alle kantar" i dag, noko som gjorde at båla brant godt. Elevane frå Sagvåg og Litlabø steikte pinnabrød og pølser, sjølv om røyken for alle slags vegar. I bekken fann elevane aurar som det ikkje var liv i. Dei hadde nok gytt i den vesle bekken, og var tome for krefter. Elevane hadde masse krefter etter maten og la i veg heimover. Nokre bada nesten i elva på heimvegen.. Ein kjekk tur for elevane, assistentane, lærarane og studentane.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Parkour i gymmen
Måndag 24.oktober 2011

I dag hadde me Parkour i gymmen med 3.- og 5.klasse. Neste måndag er det eevane i 4. og 6.klasse som skal få prøve seg på dette. Snart er me så flinke>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Studentar på mellomsteget!
Fredag 21.oktober 2011

No har me studentar på mellomsteget. Det er kjekt og spennande både for elevar og tilsettte. Dette er frå kunst og handverk time i 5. klasse. Elevane har lært om kampen om Troja og skal laga eit veggmiljø ut i frå denne historia.
 

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

       
 

Naturen gjev oss mykje fint!
Måndag 3.oktober 2011

5. klasse leita på fredag etter naturmateriale som kan brukast til å laga noko av. Elevane lærte om å vera på utkikk og sjå nytte i ulike materiale og kva t.d mose og blad kan nyttast til. Me såg på haustfargane og laga "bladuro" og "moseballar".

Tekst & foto Hildegunn Heimro

 

 Søppelplukk til terningkast 6!
  Fredag 16.august 2011

Det var elevane i 5. og 6.klasse sin tur til å plukka søppel i dag. Det passa kjempebra då vekeoppdraget til alle born og vaksne ved Sagvåg skule er trivselsregel nr 2:

Me er med på å halda skulen rein og fin. Me tek vare på alt det fine me har inne og ute.

Om dette vert nok til terningkast 6 vil resten av veka vise. På fredagssamlinga 2.september får klassane svaret.

 

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland



 

Sopp er topp:-)
Tysdag 23.august 2011

I kjempefint vèr hadde mellomsteget i dag sin årlege sopptur til Nesskogen. Me såg etter sopp, leika og drøsa. Etterpå laga me suppe og køen for å smaka var lang. Sjå bileta om du lurar på om det vart soppsuppe med eller utan sjølvplukka sopp ;-)

Fleire bilete på sidene til 5.kl>>  6.kl>> og 7.kl>>

Foto: Åshild Giving og Hildegunn Heimro