4. å r s s t e g (sag05)  2 0 0 8/0 9       Tilbakeblikk

Kontaktlærar>>


Publisert: Onsdag 17.juni 2009 kl 12:30

Tur til Leirvik

Onsdag var 4. steget på busstur til Stord kyrkje. Der fortalde Aasne litt historie om kyrkja, og kyrkjetenar Margun Hannisdal viste oss rundt. Etter at me hadde ete nista vår, gjekk me til Leirvik og såg på nokre bygningar. Korleis ser dei ut? Kva vert dei brukt til? Til slutt koste me oss med skulebolle og leik ved støtta av Baard Haugland. Me hadde ein kjekk tur!

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg

 

  


Publisert:
Fredag 29.mai 2009 kl 14:20

Treet vårt

Torsdag 28. mai var 4. steget og såg på lønna si. Ho var blitt grøn og fin :-)

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

Kjekk matematikkdag for småskulen!
Publisert :Onsdag 29.april 2009 kl 08:30

Tysdag 28. april hadde me ein flott matematikk- dag. Me hadde aldersblanda grupper og alle aktivitetane gjekk føre seg ute. Elevane var aktive og koste seg i det fine veret. Fleire bilete>>

Tekst og bilete: lærarane

 


Publisert :Fredag 24.april kl 16:35

Tippa og måla volum

4. steget arbeider no med desimaltal. Torsdag 23. april var elevane ute og målte med liter og desiliter. Mange var flinke å tippa rett volum!

Tekst og foto: Aasne Vikanes

     


Publisert :
Torsdag 2.april kl 15:10

Påskeaktivitetar i småskulen

Den siste veka har småskulen hatt påskeaktivitetar med aldersblanda grupper. Her kjem nokre bilete frå dei ulike gruppene. Fleire bilete>>

Tekst og bilete: Lærarane i småskulen

 

 

Publisert : Fredag 20.februar kl 11:45

Tema samling

Alf Prøysen var tema for samlinga 1. til 4.steget hadde i amfiet i dag. Songar og teaterstykke av Alf Prøysen vart framført av elevane i løpet av den timen framsyninga varte. Fleire bilete>>

Tekst : Lars Bakka   Foto: Lars Bakka

 

 

Publisert : Torsdag 12.februar kl 09:00

Uvanleg start på skuledagen

Bål og varm kakao i skogen var det som møtte elevane på småskulen i dag. Elevane såg ut til å kosa seg i det fine vinterveret. Dette var ei kjekk overrasking, var det mange som sa.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 


Publisert : Tysdag 10.februar kl 15:30

Kjekt med snø.

I dag har 3.og 4.steget hatt ein flott dag i bakkane på Sætre. Både elevar og vaksne koste seg i det fine veret. Takk til foreldra til Kyrre som gjev oss lov til å vera i den fine bakken deira. Du finn biletserie med godt over 100 bilete her!

Foto: Jenny, Annbjørg, Aasne og Brita


Publisert : Onsdag 4.februar kl 13:55

Fløytelåt

Onsdag 4. februar hadde me besøk av rikskonsertane med ein kjekk konsert. Den heitte "Fløytelåt". Me fekk høyre musikk som var laga fleire hundre år sidan, og musikk som er laga på vår tid. Dei spelte på ulike blokkfløyter og på gitar. Fleire bilete>>

TURNÉ: Fløytelåt (2009 vår)  MED: Anette Bjørnenak og Gjermund Fredheim

Tekst & foto: Kari Almås


Publisert : Onsdag 4.februar kl 14:40

Skeisemesterskap

Onsdag 4. februar var dei som hadde lyst frå 4. - 7. steg med på skeisemesterskap på Vikahaugane! Det var nok ikkje tenkt at snøen skulle lave ned heile dagen, men trass i mykje snø, forseinkingar og litt våte kler var det ein sporty gjeng som var med frå Sagvåg skule. Distansen dei gjekk var 50 m og dei gjekk mot medelevar. Etterpå vanka det fine medaljar til alle som var med.  Her er også ein liten film>>. Her er fleire bilete>>

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Fredag 16.januar 2009 kl 15:30

Om Islam på 4.steget

4.steget har arbeidd med Islam dei siste vekene. Her er elevane i arbeid med å teikna og byggja moskear. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Aasne Vikanes

 

Onsdag 17.desember 2008 kl 12:30
Julegøy og leikestund

I dag har 3. og 4. steget vore saman heile dagen. Først hadde me juleverkstad, der elevane laga flotte filthjarter, julekort og korger. På slutten av dagen fekk dei seg ei leikestund. Det har elevane ønska seg lenge!

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Jarle Karlsen

 

Fredag  12
.desember 2008 kl 14:20
Graut i 4. og 5.

4 og 5 steg koste seg med graut i dag. Fleire elevar var heldige og fekk mandel. Me fekk også spelt litt ilag. Det var veldig kjekt.

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 
 Nissemarsj
Torsdag  11.desember 2008 kl 09:30

Bladet Sunnhordland var til stades og laga reportasje då elevrådet arrangerte nissemarsj i nydeleg vintervér i dag tidleg.

Fleire bilete frå nissemarsjen finn du her>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 


Fredag 29.november 2008 kl 13:00

Elevane på småskulesteget har vore flinke å lesa, mange har lese mange timar i veka. Den eleven som hadde lese mest på kvart steg, fekk ei bok i premie. i tilegg trekte me bøker mellom dei andre elevane, slik at det var 6 elevar som gjekk heim med ein bokpremie. Elevane fekk diplom.

Foto: Anne Brit Tekst: Annbjørg

 

 

Publisert: Torsdag 6.november kl 10:40

Dei siste vekene har elevane på 4. steget arbeidd i grupper i musikk. Dei har fått prøva å spela på ulike instrument og mange greier å spela melodiar. Dei har brukt piano, synth., klokkespel og ulike rytmeinstrument. Elevane har òg brukt flasker, og dei har fått ulike tonar i flaskene ved å fylla ulike mengder vatn i dei. Då var det råd å spela 'Lisa gjekk til skulen' på flaskene.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

Fine haustbilete:

 

Publisert: Tysdag 28.oktober kl 16:15

I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Haust var temaet for samlinga denne gongen og elevane på dei ulike stega hadde førebudd seg godt. Me fekk høyra både fine songar og flotte dikt. Hallvard og Solveig frå 2.steget gjorde ein glimrande jobb som programleiarar! Fleire bilete>>

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 

4. steget vitjar SIM
Publisert: Torsdag 2.oktober 2008 kl 09:
45

I dag har me hatt ein lærerik dag på SIM sitt anlegg i Svartasmoget. Torleiv Agdestein viste oss rundt, og me fekk god greie på kvar alt avfallet vårt vert av. No kan heimane venta seg 9-åringar som luskar i bossbøtta!

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


 
Småplukk på 4.steget
Torsdag 18.september 2008 kl 13:30

Tysdag var 4. steget ute og såg korleis det gjekk med treet sitt, som dei har observert sidan dei byrja på 1. steget. Me registrerte at det hadde vakse sidan sist, og at det framleis hadde grøne blad. Me vil ta fleire bilete av treet gjennom dette skuleåret, for å sjå korleis det endrar seg med årstidene.

Onsdag hadde me ei kjekk stund i biblioteket på Litlabø. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 Opplevingsdag på Bømlo
Onsdag
4.september kl 15.15

Torsdag 4. september hadde 4. årssteget ein spennande dag på Moster. Elevane fekk høyra eventyr, dansa folkedans og knyta knutar. Me fekk òg ei lærerik omvising i den kyrkjehistoriske utstillinga. Ein flott dag med kjekke elevar!  Bilete frå turen>>   Film frå turen>>

Tekst: Aasne H. Vikanes Foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

 
Heile skulen er på tur
Fredag 29.august kl 11:00

I dag er heile skulen på tur til Mjelkevikjo. Her er eit mobilbilete direkte frå turen. Fleire bilete kjem når elevar og lærarar er tilbake frå turen.
Oppdatert kl 14:00! Her finn du bileta frå turen>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Livet i vatnet
Publisert: Onsdag 22.august kl 13:00

3. og 4.steget var på tur til Rutle-tjødno onsdag. Me studerte planter, småkryp og småfiskar i vatnet. Mange elevar hadde håvar med seg og fann mykje interessant. Rutle er ein flott plass, og me er svært glade for at me fekk lov å vera der med så mange elevar.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Brita Flatøy, Laila Magnussen, Jenny