4.klasse (sag08)  2 0 1 1/1 2  

SFO  |   1.klasse(sag11)  |     2.klasse(sag10)   |     3.klasse (sag09)    |     4.klasse(sag08)     |     5.klasse(sag07)     |     6.klasse(sag06)    |   7.klasse(sag05) Tilbakeblikk 

 Fagsider:

       Tilbakeblikk

 


 

Kjekt med vinter og snø !
Onsdag 8.februar 2012

I dag har 3. og 4.klasse hatt ei kjekk stund ute i snøen. Me aka, leika og hadde "vinterstikkball" i ballbingen. Det vart ei fin stund for både store og små i det fine vinterveret :-)
 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

 
 
 Kjekk avslutning på BlimE-veka
Fredag 20.januar 2012

"Vil du BlimE meg og spela eit spel på fredag?" stod det på korta som elevane i 3. og 4. klasse hadde laga til kvar einskild i 1. og 2. klasse. Dei ville komma, og me hadde ei fin stund saman på slutten av dagen i dag. Me spelte spel, både brettspel og BlimE-spela som ligg på nrksuper.no. Nokre av elevane ville teikna eller vera ute og leika. På slutten koste me oss med fruktsalat, som nokre av elevane hadde laga. Det var fleire som synst dei hadde vorte betre kjende med nokon dei ikkje kjende så godt tidlegare, så oppdraget for veka er absolutt godkjent :-)

 

Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Gro A Halvorsen

 

 


"Kuvenninnene".

Annlaug Auestad, forfattar og illustratør, var på besøk hos småskulen i dag. Ho viste oss korleis ho har arbeidd med å illustrera boka "Kuvenninnene". Boka handlar om fem venninnekyr som kranglar om kven som er finast og best. Det heile endar med at dei bestemmer seg for å slutta å krangla, og berre vera fredelege kyr. Dette var ei kjekk oppleving med koselege bilete, musikk og "kusnakk". Fleire elevar vart inspirerte, og teikna kyr då me kom tilbake til klasseromma.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 



Ut på tur, aldri sur!
Onsdag 18.januar 2012

BlimE oss på onsdagsturen vår sa 1. og 2. klasse til 3. og 4. klasse . Veret var dårleg, men elevane steikte pinnebrød og var i godt humør.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

 

Kake og film som takk!
Onsdag 11.januar 2012

4. klasse fekk i dag vitjing av Magne Kydland i bladet "Sunnhordland" Han kom med marsipankake til oss. I tillegg hadde han med seg ein film om korleis avisa blei til. Grunnen til denne omtanken var ei takk frå avisa til oss, fordi me sende inn fine juleteikningar til Sunnhordland si "juleavisa". Dei fleste syntest kaka var kjempegod!

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Anne Brit Holm

 
 


Julebakst
Tysdag 13.desember 2011

Det er ingen tvil om at gutane og jentene i 4.klasse er nokre flinke bakarar. I dag laga dei peparkaker og kakene vart både flotte og gode

Tekst & foto: Anne Brit Holm & Toril Sandvik Bruket

   

 
Det er ikkje berre nissen som et graut ute i snøen...........
Onsdag 7.desember 2011

.....det gjer 3., 4. og 5. klasse også! Fleire av elevane våre åt meir graut enn vanleg fordi dei leita i porsjonane sine etter dei seks mandlane me hadde hatt oppi grytene. Då grautgrytene var nesten tomme, var alle seks mandlane funne, og fem elevar og ein vaksen vart lukkelege eigarar av kvar sin "mandelpremie". I tillegg til å eta graut, brente me bål og leika i snøen.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket  

 


Stille stund på biblioteket
  - aktiv stund på Nysæterbanen.

Onsdag 26.oktober 2011

Dagen for 4. klasse starta på biblioteket på Litlabø, der Kari Bolette fortalde, med stor innleving, ein historie frå Vietnam. Deretter var det høve til å låna bøker, noko som passar godt, sidan me er midt inne i lesevekene. Vidare gjekk turen til banen på Nysæter, der me åt nista, turna, spelte tennis og fotball. Me har hatt ein fin dag med kjekke elevar.

Helsing: Annette, Ida, Anne Brit og Toril.

   

 

Leselystaksjonen i gang!
Tysdag 18.oktober 2011

I dag starta leselystaksjonen i småskulen. Me hadde besøk av Kristine Thorkildsen frå biblioteket, som leste frå og fortalde oss om mange ulike bøker. Dei neste tre vekene skal me ha mange aktivitetar med litteratur i fokus. Nokre gonger skal me skal jobba i grupper, og me skal lesa mykje.
Fleire bilete

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 

Haustsamling i småskulen
Torsdag 6.oktober 2011

I dag var det song, spel og diktlesing i Amfiet. Mange flinke elevar frå 1. til 4. klasse opptredde med sjarmerande og flotte innslag, der temaet "Haust" stod i fokus.

Tekst & foto: Toril S Bruket

 

Fantastisk rikskonsert!
Onsdag 28.september 2011

I dag har småskulen vore på ein fantastisk konsert i amfiet. "Lektor Bjerkes orkester" spelte og song kjekke songar på både vanlege og uvanlege instrument ...:)
Fleire bilete

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 

 

Lunsj i 'palmehagen'.
Måndag 26.september 2011

4.klasse hadde denne måndagen gym rett før matpausen. Då er det mat rundt småborda ved inngangspartiet etterpå.  Elevane kosar seg og tek seg god tid med maten, og det er flott!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 
Ein vanleg måndag
Måndag 19.september 2011

Annakvar måndag jobbar 4. klasse på stasjonar. Me jobbar med engelsk, matematikk og norsk på ulike måtar. Me har også ein leikestasjon, der bygging står i fokus. Elevane er svært aktive og flinke "jobbarar".

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 

Frø i farten.
Fredag 2.september 2011

I naturfag lærer 4.klasse om kva eit frø er, korleis frøa flytter på seg og kva som skjer med plantene på ulike tider av året. Denne veka har me leita etter frø ute på skuleområdet og me fann mykje. Me studerte frøa etterpå og alle var ivrige og gjorde ein god innsats!

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Toril S.Bruket