4.klasse (sag07)  2 0 1 0/1 1  

SFO  |   1.klasse(sag10)  |     2.klasse(sag09)   |     3.klasse (sag08)    |     4.klasse(sag07)     |     5.klasse(sag06)     |     6.klasse(sag05)    |   7.klasse(sag04) Tilbakeblikk 

 
Matematikk Norsk         Tilbakeblikk
 


Sjøvettkampanje
Publisert: 10.juni 2011 kl 14.45

I dag har 3. og 4.klasse vore på til Leirvik på "sjøvettkampanje". Me har lært om livredning, miljøvett, om korleis me oppfører oss i båt og kva utstyr som er viktig å ha med i båt. Me hadde ein kjekk og lærerik dag :-)

Tekst & foto: Anne Brit Holm m.f.


                   

 

Kjekk matematikkdag for småskulen
Publisert: 31.mai 2011 kl 22.05

Tysdag 31.mai hadde småskulen matematikkdag. I år var det konstruksjon, måling og addisjon som var tema. Ein fin dag med stor aktivitet både ute og inne.
Fleire bilete

Tekst: Anne Brit Holm Foto: lærarane på småskulen

 

Avslutning i symjinga
Publisert: 23.mai 2011 kl 10.45

4.klasse kunne avlutte symjeopplæringa våren 2011 med godt samvit! Den siste symjetiman var i dag fordi bassenget frå og med 1.juni skal vera stengt eit halvt år for å spara pengar.
På tradisjonelt vis avslutta me symjeundervisninga med 'badeland'.
Elles er det imponerande at ALLE elevane, som er med på den ordinære symjeundervisninga i 4.klasse, klarte å ta symjemerke for 200 meter!
Dette var ei gåve frå departemanget til alle i 4.klasse som klarte kravet til dette merket!
Les meir om ordninga>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Temadag om samane

Publisert:
Tysdag 3.mai kl 15.15

I dag har 4. og 5.klasse vore så heldige å få vera med på "samisk dag"  i regi av Friluftsrådet. "Samisk dag" er ein del av den" naturlege skulesekken" og det var Knut Arild Sørensen frå friluftsrådet som stod for opplegget. Me starta dagen med å laga sameleir ved Storavatnet og elevane fekk læra å setta opp lavvuar. Etterpå hadde elevane ulike aktivitetar der dei lærte å kasta lasso, driva med Sami duodji (samisk handverk) og elevane fekk også laga ein samisk matrett som heiter Biddus. Dette var ein veldig kjekk og kunnskapsrik dag!

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne Brit Holm m.f.




 

 

Vafler, kakao og dinosaurar !
Publisert:  Torsdag 24.februar 2011 kl 15.30

4 klasse har hatt tema dyr som ikkje lever lengre. Me har sett  kunnskapsrike  elevar med eit stort engasjement. Alle har fått laga sin eigen dinosaur og det har dukka opp både Triceratops, Protocerapops, Diplodocus,Velociraptor, Stegosaurus og Tyrannusaurus Rex. Som avslutning på temaet vart det servert  " Dinosaurvafler" og kakao.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen



Verda er ein fantastisk stad !
Publisert: Onsdag 19.januar 2011 kl 15.10

I naturfag har 4 klasse tema verda er ein fantastisk stad. Me gjekk ut  i det fine veret og kokte nudlesuppe og grilla pølser på bål. Det vart  i alle fall ein kjekk naturfagtime :)
 

Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Anne Brit Holm



 

Bålkos
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

Lærarane på småskulen overraska elevane med bål og varm solbærsaft i dag tidleg. Me hadde ei koseleg stund med julesong og leik i skogen.
 

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


       

Julebakst  i 4.klasse.
Publisert: Fredag 10.desember 2010 kl 12.00

På torsdag var det bakedag i 4.klasse. Elevane var nokre gode bakarar og dei kjevla flittig. Resultatet vart knallgode peparkaker!
 

Tekst: Anne Brit Holm  


 

Raudhette og ulven
Publisert: Tysdag 9.november 2010 kl 12.00

1 klasse fekk komma inn til 4 klasse for å sjå når dei framførte eventyret om Raudhette og ulven. Alle replikkane var på engelsk og stongdokkene hadde dei laga sjølve. Det vart ei flott framføring og publikum oppførte seg eksemplarisk:)

Tekst og foto: Gro A Halvorsen

 


Haustsamling
Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30

I dag har småskulen hatt ei fin samling i amfiet. Me har leseveker på skulen og temaet for samlinga var bøker. 4.klasse framførte sjølvlaga dikt og bokmeldingar, og dei andre klassane tok del med vakker song og diktlesing.
 

Tekst: Anne Brit   Foto: Liljan og Elisabeth


 

Ut på tur
Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30

I forrige veke var 3. og 4. klasse var på tur saman. Me brende bål og steikte pinnebrød og hadde ei kjekk stund saman i det fine haustveret.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

Boklån
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 14:05

4 klasse hadde ei kjekke stund på Litlabø bibliotek i dag. Kari Bolette las frå to spanande bøker til oss , og me fekk god tid til å sjå i og låna  mange kjekke bøker.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

 

 
 

Ei stor konsertoppleving
Publisert: Tysdag 28.september 2010

På tysdag var 4, 5 og 7 klasse var på konsert. Me fekk vere med og  delta nesten heile tida. Me song, klappa og laga bobler.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


4.klasse på tur til SIM
Publisert: Onsdag 22.september 2010 kl 15:50

I dag har 4.klasse vore på tur til SIM. Torleiv Agdestein tok i mot oss og var med oss rundt på området. Me fekk mykje nyttig informasjon om korleis me skal sortera bosset vårt, og me fekk også læra om kva som skjer med bosset etter me har levert det på SIM.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 



 

Opplevingsdag i Moster Amfi
Publisert: Onsdag 8.september 2010 kl 17:50

4 klasse har hatt ein super kjekk dag på Moster Amfi. Der fekk me vera med på  fiske for 100 år sidan , læra å knyta  ulike knutar, ei vandring frå  vikingtid til kristendommen og teaterleik med ulike improvisasjonsøvingar.Til slutt fekk me høyra om Tor med hammaren .
Ein liten film:

Tekst : Gro A Halvorsen Foto: Anne Brit Holm, Elisabeth Magnussen, Gro A Halvorsen

  Stasjonsarbeid i 4.klasse
Publisert: Måndag 6.september 2010 kl 19:00

Annakvar måndag arbeider 4.klasse på ulike stasjonar. I dag var elevane på norsk-, matematikk-, naturfag- og leikestasjonar. På natufagstasjonen var me ute og såg etter blad frå ulike lauvtre, og deretter studerte me dei og fann namna på dei. På matematikkstasjonen leika me butikk og varene var dyre i butikken vår! På norskstasjonen øvde me på samansette ord. Elevane var ivrige og dei jobba godt!

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 


Småskulen var også på tur
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Medan storskuleelevane var på skogstur var småskuleelevane ved stranda

Tekst: Lars Bakka
Foto: Lærarane på småskulesteget