| 4.klasse (sag06) 2 0 0 9/10 | |
|
SFO | 1.klasse(sag09) | 2.klasse(sag08) | 3.klasse (sag07) | 4.klasse(sag06) | 5.klasse(sag05) | 6.klasse(sag04) | 7.klasse(sag03) | Tilbakeblikk |
|
|
Matematikk
Norsk![]() |
|
|
Brevvenner i England Fredag 19.februar 2010 kl 11:30
Visste de at Birmingham er kjend for sjokoladefabrikken sin? Fint for oss. Me fekk mange sjokoladar som me koste oss med siste dagen før vinterferien. Her er nokre bilete av breva me fekk frå England. Andre bilete viser 4.klassingane som skriv brev på engelsk og et sjokolade. Det vart mange spørsmål om kva ting heiter og korleis me skriv på engelsk. No er breva klare og skal sendast til England.
Tekst og foto: Brita Flatøy |
|
|
4.klasseTorsdag 11.februar 2010 kl 11:40 I dag var snøen kjempegod til å laga snømenn av. 4.klasse laga nokre flotte figurar utafor personalrommet slik at dei vaksne skulle ha noko fint å sjå på. Tekst: Brita Flatøy Foto: Laila Magnussen
|
|
|
4.klasse har arbeidd med verdsrommet. Me har laga modell av solsystemet. Mange kan namna på planetane og kvar dei ligg i forhold til sola. Elevane var flinke å samarbeida. Tekst og foto: Annbjørg Luggenes
|
|
|
Ingen problem med bordtenniskurs for 7.klasse i gymnastikksalen når det så flott å vera ute. 4.klassingane koste seg ute med aking, flaskeløp og byggjing i snøen. Foto: Laila Magnussen / Brita Flatøy Tekst: Brita Flatøy |
|
|
I dag har 3.og 4.klasse hatt ein kjekk utedag. Elevane suste avgarde ned bakken på akebrett, kjelkar og bossekker. Alle elevane fekk pølse i brød og mange sat lenge og koste seg med kakaoen eller mjølka og nista. Me er svært glade for at me får lov til å vera i denne flotte bakken. Tekst: Brita Flatøy Foto: Fleire fotografar |
|
|
I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>> Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik |
|
![]() Julegraut i skogen Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30 3 og 4 klasse har vore ute og leika i saman og ete graut. Me hadde ei kjekke stund i det milde vinterveret, og grauten var veldig god ! Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
|
![]() |
|
![]() Til Raugaløo Publisert: Torsdag 5.november kl 17:00 Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting. Tekst & foto : Egil Petterteig |
|
![]() Leikestund i 4.klasse Publisert: Fredag 30.oktober kl 10:00 Det er ikkje så ofte 4.klasse får lov til å leika med alle dei kjekke inneleikene våre lenger. Etter at me hadde vore på biblioteket i dag, fekk elevane velja sjølv kva dei ville leika med. Det var kjekt å sjå kor ivrige dei var og korleis dei koste seg. Særleg var det populært å byggja tårn med dei store treklossane. Foto: Laila Tekst: Brita |
|
![]() Kongen og Harlekin Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15 Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag. Fleire bilete>> Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
![]() Grønnsaksuppe på bål. Publisert: Torsdag 15.oktober kl 17:30 I dag har fjerde klasse skrella og kutta grønnsaker til suppe. Me var ute og kokte suppa på grua vår. Mens suppa koka , hadde me ein kjekk og lærerik leik. Elevane fekk både trimma seg og sjekka kunnskapane sine. Suppa var knallgod. Foto: Ann Tove og Laila Tekst: Brita |
|
![]() Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55 I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>
Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås
|
|
![]() 4. klasse på SIM Publisert: Tysdag 29.september kl 17:30 I dag var klassen på SIM. Olaf Skram møtte oss der. Med godt humør og gode replikkar gjorde han omvisninga kjekk og lærerik for alle. Me fekk sjå kor dei samla forskjellig avfall og fekk vita kva som vart gjort med det etter at det var kome til SIM. Til slutt kjørte me med bussen gjennom det store bossanlegget. Tekst & foto: Annbjørg Luggenes |
|
![]() |
|
![]() 4. klasse til fjells Publisert: Torsdag 17.september kl 15:30 I dag var det 4. klasse som tok turen til Utslettefjellet. Fint ver, flott utsikt, men det me hugsar best, er at ei jente, som går i speidaren, lærte oss å laga koppar av papir. Tenk, vatnet rann ikkje gjennom papiret. Dei fleste ville laga kopp som dei drakk av. Sidan Laila hadde fødselsdag, hadde ho med ei overrasking til oss alle. Tekst og foto: Annbjørg Luggenes
|
|
![]() Opplevingsdag i Moster Amfi Publisert: Torsdag 9.september kl 15:30 Torsdag var 4.klasse så heldige at me fekk reisa til Moster og vera med på ein opplevingsdag i amfiet. Arrangementet heitte 'Med vind i segla og stein i lomma'. Først gjekk me til eit naust og høyrde om daglegliv i Sunnhordland for hundre år sidan. Så var det tur gjennom tunnelen i amfiet. Der såg me på ulike steinsortar og laga oss steinøks. Tredje post på programmet var ein tur gjennom det kyrkjehistoriske senteret på Moster. Etterpå var me på ein stasjon som heitte : Teaterleik og improvisasjonsøvingar, før programmet vart avslutta med ei fellessamling i amfisalen for dei hundre elevane som var på Moster denne dagen. Fellessamlinga heitte 'Tor med hammaren.' Ein interessant og lærerik dag saman med flinke arrangørar og svært kjekke elevar. Tekst & foto: Brita Flatøy |
|
|
|
![]() Naturfag i 4.klasse Publisert: Onsdag 26.august kl 14:50 Sist veke var me ute og såg på bær, tre og frukt. Denne veka jobbar me inne og studerer frø og frukt. Her ser de nokre bilete frå naturfagstimen. Tekst og foto: Brita Flatøy |
|
![]() |
|
![]()
Sommarvarme I sommarvarmen torsdag var 4.klasse ute og leita etter ulike tresortar og frø. Elevane fann og mange bær. Bjørnebær og blåbær var dei bærsortane det var mest av der me var. Her er nokre bilete som viser elevane i aktivitet. Tekst og foto: Brita Flatøy |
|
|
|