.

Sjå tilbake på skuletida:

 

  3. å r s s t e g (sag05)  2 0 0 7/0 8
     

 

Kontaktlærar>>

Våre læringsmål etter 3.-4.årssteg:

 

Pilgrimsvandring
Publisert: 11.06.08 kl 16:15

Tysdag var 3. steget invitert til pilegrimsvandring i Nysæter kyrkje, der prest Arnt Johann og kateket Marit hadde eit flott opplegg for oss. Me fekk fine kapper på oss og kvar vår stokk i handa, og så vandra me ein runde i området rundt kyrkja. Vandringa enda inne i kyrkja, der me hadde bøn og salmesong.

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

Kan me ha det betre enn dette?
Publisert: 05.06.08 kl 15:00

Torsdag 5.juni var 2. og 3.steget på tur til Melkevikstranda. Me vassa og fann mange interessante ting i sjøen. Både elevar og vaksne hadde ein flott dag.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Aasne Vikanes & Brita

   

 

Sjøvettkampanje 2008
Publisert: 30.05.08 kl 13:30

3. årssteget har vore på sjøvettdag saman med Hystad og Sælevik skular. Me hadde ein kjekk og lærerik dag i fint sommarvêr.

Tekst og foto: Lars Bakka          

 
 

Kunst og handverk i det fri
Publisert: 20.05.08 kl 14.50

Måndag rigga 3. steget seg til oppe i skogsløypa for å måla naturbilete. Der hadde me fantastisk utsikt både over Utslettefjellet og Kvinheradfjella, samt store delar av Sagvåg. Det vart mange flotte bilete!

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

Samling på småskulesteget

Publisert: 15.mai  2008 kl 09:30

I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Temaet denne gongen var Vår og 17.mai. Elevane song og las. Det er kjekt å sjå kor flinke elevar me har. Fleire bilete>>

Tekst: Brita Flatøy Bilete: Aasne Vikanes/Brita Flatøy

 

 


Teknologi og design
Publisert: 8mai  2008 kl 15:30

På 3. årssteget har elevane arbeidd med eit tema om bruer og andre byggverk i Teknologi og design. Dei har laga bruer av papirrullar og splittbinders. Nokre av bruene greidde å bera over tre kilo. Elevane lærte at dei måtte nytta seg av trekantar for å få sterke og stødige bruer. Elles har me laga flotte konstruksjonar av tannpirkarar og bløytte erter. Dei som studerer bileta våre, vil finna ein liten kopi av Nysæter kyrkje.

Tekst & foto: Aasne Vikanes.

 

Steinalderen
Publisert: 25.april  2008 kl 13:00

Fredag 25. april var 3. årssteget på museet og fekk arbeida med steinalderen saman med Johanne Ø. Tvedten og Bjørn Arve Lunde. Elevane fekk skyta med pil og boge, laga smykke, prøva å tenna eld og laga reiskap av stein. Etterpå fekk me smaka på fisk som var laga til i kokegrop. Fisken smaka godt. Takk til foreldra som køyrde oss, og takk til Johanne og Bjørn Arve for ein kjekk dag! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes & Jenny Skjønberg

 

Det er kjekt med vår!
Publisert: 24.april  2008 kl 14:35

Onsdag 23. april fekk 3. årssteget vaflar i sola. Samstundes fekk elevane prøva dei nymåla paradisa ute på plassen.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 
 

Samling på småskulesteget
Publisert: 17.april  2008 kl 14:10

Torsdag 16. april hadde småskulesteget samling i amfiet. Me song songar av Astrid Lindgren. Dei ulike årsstega hadde øvd inn songar som dei framførte, og me song nokre fellessongar. Elevane var flinke, og me hadde ei kjekk stund! Fleire bilete>>

 

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

 
 

Steinalderen
Publisert: 17.april  2008 kl 14:10

3. årssteget har arbeidd med steinalderen dei siste vekene. Her er bilete frå den fine steinalderbuplassen vår.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes 

 

Leselystaksjonen

Publisert: 10.mars 2008 kl 14:40

Vilde på 3. årssteget var heldig og og vann bokpremie etter Leselystaksjonen i haust. Premien var ei signert boka av Erlend Loe.
Endå eit bilete av Vilder>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

 

Uteskule i snøen
Publisert: 5.mars 2008 kl 12:10

I dag har 3. årssteget vore på tur til området ved Raugaløo. Studentane Hanne og Christin fortalde eventyr og me spidda pølser og Marshmallows. Me fekk tid til å leika litt òg. Då me skulle heim att snøa og blæs det så me måtte gå bak fram.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 
Det er godt å lufta seg litt...
Publisert: 28.januar 2008 kl 16
:10

Elevane på småskulesteget kosar seg ute i luftepausane uansett vêr.

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 
 

Portretteikning
Publisert: 28.januar 2008 kl 16
:10

På 3. steget har me i dag teikna kvarandre. Portretta vart flotte, og fleire var slåande like! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

 
Bakedag
Publisert: 13.desember 2007 kl 16:30

Måndag baka elevane på 3. steget julekaker. Ivrige troppa dei opp på kjøkenet med forkle og kakeboks, og resultatet vart deilige serinakaker som elevane fekk med seg heim.

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

 

 
Flott konsert
Publisert: 14.november 2007 kl 13:40

I dag, onsdag, har småskulesteget hatt konsert med musikarane Magnus Blom, Grethe Hylland og Werner Bryn.
Tekstane og musikken var knytt opp mot sol, regn og vind. Me fekk vera med på ein kjempefin konsert. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 

 
Leikestund
Publisert: 7.november 2007 kl 15:00

Tysdag på slutten av dagen hadde 3.- 4.- og 5. steget leikestund saman.

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Solveig Sleen

.
Alfabetet på 3. årssteget
25.oktober 2007

Her har studentane Helle, Katrine, Hanne og Christin laga til ei kjekk alfabetøving.

Tekst : Aasne H. Vikanes

Lenkjer om kroppsøvingsfaget frå Aasne til studentane okt-07>>

Sosial samling
Publisert: 26.oktober 2007 kl 14:00

Elevane på 4. steget hadde i dag ansvaret for den sosiale samlinga i amfiet. Daniel og Simona var flinke programleiarar, og temaet denne gongen var Venner. Elevane hadde mange fine innslag med både song, dikt og dans! Fleire bilete her>>

Tekst: Jenny Sætre Skjønbergfoto: Liljan Vestbøstad Waage

 
 

Til biblioteket på Litlabø
25.oktober 2007

Onsdag 24. oktober var 3. årssteget på biblioteket i Samfunnshuset. Det passa godt no når me har leselystaksjon. Kari Bolette fortalde for oss og mange av elevane lånte bøker. Etterpå var me på fotballbanen på Nysæter. Studentane Cristin, Hanne, Helle og Katrine sparka fotball og leika saman med oss. Me hadde flott haustver.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

Stella East var hos oss
25.september kl
12:15

I dag har 2.steget hatt besøk av kunstnaren Stella East. Ho viste oss ein del bilete ho hadde laga sjølv. Ho lærte og elevane å blanda fargar og måla regnboge. De finn bilete av nokre av dei fine måleria elevane laga.

Tekst: Brita Flatøy Foto Brita Flatøy & Laila Magnussen

 

Stasjonar på 3.steget
20.september kl 10:30

Onsdag 19. september hadde 3. årssteget stasjonar. Elevane arbeidde med matematikk, høyrde om Pippi Langstrømpe på CD, skreiv i Fronter og spelte spel saman. Neste onsdag er det stasjonar att. 

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

Leikestund i 3. og 4.steget
Torsdag 30.august kl 15:50

Onsdag 29.aug hadde 3. og 4. steget ei leikestund saman. Dei bygde med ulike ting. Det var treklossar, lego, tekno, quadro og domino. Ei gruppe sette saman togbanen og ei leika med indianarar. Det var stor aktivitet og godt samarbeid på gruppene.

Tekst & foto: Kari Almås