3.klasse (sag09)  2 0 1 1/1 2  

SFO  |   1.klasse(sag11)  |     2.klasse(sag10)   |     3.klasse (sag09)    |     4.klasse(sag08)     |     5.klasse(sag07)     |     6.klasse(sag06)    |   7.klasse(sag05) Tilbakeblikk 

 Fagsider:

       Tilbakeblikk


 

Kjekt med vinter og snø !
Onsdag 8.februar 2012

I dag har 3. og 4.klasse hatt ei kjekk stund ute i snøen. Me aka, leika og hadde "vinterstikkball" i ballbingen. Det vart ei fin stund for både store og små i det fine vinterveret :-)
 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

 

Endeleg SNØ!
Måndag 23.januar 2012

Endeleg vart det snø og mange glade ungar  kunne ta med seg akebretta ut i friminutta i dag. Det er flotte akebakkar rundt skulen. Me har også mange rumpeakebrett til utlån.

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg

 
 
Kjekk avslutning på BlimE-veka
Fredag 20.januar 2012

"Vil du BlimE meg og spela eit spel på fredag?" stod det på korta som elevane i 3. og 4. klasse hadde laga til kvar einskild i 1. og 2. klasse. Dei ville komma, og me hadde ei fin stund saman på slutten av dagen i dag. Me spelte spel, både brettspel og BlimE-spela som ligg på nrksuper.no. Nokre av elevane ville teikna eller vera ute og leika. På slutten koste me oss med fruktsalat, som nokre av elevane hadde laga. Det var fleire som synst dei hadde vorte betre kjende med nokon dei ikkje kjende så godt tidlegare, så oppdraget for veka er absolutt godkjent :-)

 

Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Gro A Halvorsen

 

 



Ut på tur, aldri sur!
Onsdag 18.januar 2012

BlimE oss på onsdagsturen vår sa 1. og 2. klasse til 3. og 4. klasse . Veret var dårleg, men elevane steikte pinnebrød og var i godt humør.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

 
 
Det er ikkje berre nissen som et graut ute i snøen...........
Onsdag 7.desember 2011

.....det gjer 3., 4. og 5. klasse også! Fleire av elevane våre åt meir graut enn vanleg fordi dei leita i porsjonane sine etter dei seks mandlane me hadde hatt oppi grytene. Då grautgrytene var nesten tomme, var alle seks mandlane funne, og fem elevar og ein vaksen vart lukkelege eigarar av kvar sin "mandelpremie". I tillegg til å eta graut, brente me bål og leika i snøen.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket  

 


Lang lang lenke...
Fredag 2.desember 2011

I adventskalenderen til 3. klasse finn me ein ny aktivitet kvar dag. I dag stod det at me skulle laga lenker av glanspapir. Iveren var stor og då elevane fann ut at lenkene kunne lenkast saman, vart dei ei stor lenke til slutt. Heile 24 meter faktisk! Elevane lurte på om me kom til å komma i Guinness rekordbok, men då må me nok lenka på litt meir først...

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 
 

Symmetri i mattematikken
Tysdag 29.november 2011

Denne veka arbeidar me med symmetri i 3. klasse. Me har laga symmetriske snøkrystallar som me pynta med i vindauga. Ein kjekk aktivitet no i førjulstida
Fleire bilete 

Tekst & foto:Jennny Sætre Skjønberg

 

Parkour i gymmen
Måndag 24.oktober 2011

I dag hadde me Parkour i gymmen med 3.- og 5.klasse. Neste måndag er det eevane i 4. og 6.klasse som skal få prøve seg på dette. Snart er me så flinke>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

   
 

Leselystaksjonen i gang!
Tysdag 18.oktober 2011

I dag starta leselystaksjonen i småskulen. Me hadde besøk av Kristine Thorkildsen frå biblioteket, som leste frå og fortalde oss om mange ulike bøker. Dei neste tre vekene skal me ha mange aktivitetar med litteratur i fokus. Nokre gonger skal me skal jobba i grupper, og me skal lesa mykje.
Fleire bilete

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 

Haustsamling i småskulen
Torsdag 6.oktober 2011

I dag var det song, spel og diktlesing i Amfiet. Mange flinke elevar frå 1. til 4. klasse opptredde med sjarmerande og flotte innslag, der temaet "Haust" stod i fokus.

Tekst & foto: Toril S Bruket

 
 
 

Fantastisk rikskonsert!
Onsdag 28.september 2011

I dag har småskulen vore på ein fantastisk konsert i amfiet. "Lektor Bjerkes orkester" spelte og song kjekke songar på både vanlege og uvanlege instrument ...:)
Fleire bilete

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 

 
Ein liten luftepause før målprøven
Fredag 23.september 2011

3. klasse måtte lufta seg litt før målprøven i dag, slik at då me kom inn att var det full konsentrasjon :-)

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

 
 
Ei koseleg stund
Torsdag 8.september 2011

3.klasse hadde ei fin stund med Kunst & handverk i dag. Elevane fekk utfolda seg med plastelina eller perler, og det vart laga mykje kreativt og artigt. Engasjementet var stort, og lydnivået lavt. Kjekke elevar som samarbeidde og var veldig flinke å hjelpa kvarandre. Til og med ryddinga gjekk som ein leik :-)

Tekst og foto: Egil Petterteig