| 3.klasse (sag07) 2 0 0 9/10 | |
|
SFO | 1.klasse(sag09) | 2.klasse(sag08) | 3.klasse (sag07) | 4.klasse(sag06) | 5.klasse(sag05) | 6.klasse(sag04) | 7.klasse(sag03) | Tilbakeblikk Kontaktlærar>> |
|
|
|
|
|
Matematikk
Norsk![]() |
|
|
Bruer og andre byggverk,
vaflar og kjekke ungar ! 3 klasse har hatt tema bruer og andre byggverk . Me har laga ulike byggverk, og sett korleis me kan gjera konstruksjonane stabile, etterpå vart det servert vaflar til kjekke og arbeidsame ungar :-) Tekst & foto: Gro A Halvorsen |
|
![]()
Fantastisk kjekk gymtime
:-) I dag nytta me oss av ein fantastisk flott vinterdag. Ungane har bl.a. aka, lagt snøenglar, snøhuler og hopp. Det var stor iver blandt ungane, og dei storkosa seg. Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Wåge
|
|
![]() |
|
|
Torsdag 21.januar 2010 kl 18:00 I 3 klasse arbeider me med veret og me sjekkar temperatur, vindstyrke og nedbør kvar dag. Me studerer også skyene og ser om me har "haug-, fjør eller uvêrsskyer" på himmelen. I dag har me laga vindmøller, men lite vind gjorde at me ikkje fekk testa dei heilt ut. Fleire bilete>> Tekst & foto: Anne Britt Holm
|
|
Andre bilete:
![]()
|
|
|
I dag har 3.og 4.klasse hatt ein kjekk utedag. Elevane suste avgarde ned bakken på akebrett, kjelkar og bossekker. Alle elevane fekk pølse i brød og mange sat lenge og koste seg med kakaoen eller mjølka og nista. Me er svært glade for at me får lov til å vera i denne flotte bakken. Tekst: Brita Flatøy Foto: Fleire fotografar |
|
|
I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>> Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik |
|
|
IsslottPublisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 14:50 Elevane i 3 klasse har laga isskulpturar som dei har fått ulike fargar på, ved å frysa vatn blanda med farge. Dei frosne skulpturane vart til flotte isslott. Stor iver og innsats ! Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Anne Brit Holm
|
|
![]() Julegraut i skogen Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30 3 og 4 klasse har vore ute og leika i saman og ete graut. Me hadde ei kjekke stund i det milde vinterveret, og grauten var veldig god ! Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
|
![]() |
|
|
Baking 3.klasse er i full sving med julebaksten. Elevane var flinke til å baka og det vart nokre knallgode peparkaker! Tekst og foto: Anne Brit Holm
|
|
![]() Til Raugaløo Publisert: Torsdag 5.november kl 17:00 Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting. Tekst & foto : Egil Petterteig |
|
![]() Leselyst Publisert: Fredag 30.oktober kl 10:00 I 3. klasse har me lese- og avisveker. Me les Sunnhordland kvar dag og gjer ulike oppgåver knytta til opplegget "avis i skulen". I tillegg har me våre eigne "leseveker" og me les mykje både heime og på skulen. Det passa derfor godt at me skulle vitja biblioteket på Litlabø på onsdag der me fekk låna mange kjekke bøker. Tekst & foto: Anne Brit Holm |
|
![]() |
|
![]() Kongen og Harlekin Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15 Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag. Fleire bilete>> Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
|
Litt av kvart i 3.klasse
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30
I det siste har 3. klasse gjort mange ulike
aktivitetar. I lag med studentane har me laga båtar og fått testa dei i
bekken ved sykkelstien. Me har dansa "det står ein friar ut i garden" på
haustsamlinga og vore med på forsøk i naturfag med studentane. Måling er
tema i matematikken og i dag har me vore ute og målt både her og der :)
Tekst: Anne Brit Holm
|
|
|
|
![]() Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55 I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>
Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås
|
|
Frå
rekneglade kundar til ivrige forskararPublisert: Torsdag 17.september kl 17:30 I dag har 3.klasse leika ivrige kundar i matematikktimen. Dei held no på med addering av fleirsifra tal, og fekk nytta dette knytt til ein kjekk aktivitet. Etterpå var det ut på tur til Storavatnet i naturfag. Elevane skulle undersøke livet i vatnet som er temaet for dei neste vekene. Dei hadde det morosamt og fann mykje rart av alt som kryp og søm. Elevane fekk og grille seg pinnebrød på bål. Fleire bilete>> Tekst og foto: Anders Haga |
|
|
|
Eplekake I dag har 3.klasse vore på tur til Utslettefjellet. Heimstaden vår er tema i samfunnsfag, og me ville studera Sagvåg ovanfrå. Me såg skulen vår, Vikanes, Sagvåg sentrum, barnehagen, nokre såg huset sitt m.m. Me hadde ein fin tur i det flotte veret. Tekst og foto: Anne Brit Holm |
|
![]() |
|
![]()
Eplekake Me i 3 klasse har laga eplekaka, det var litt vanskelg å skrella eplene, men lett å eta kaka.Den var kjempegod !Me har og vore på K & H, der brukar me øver på å bruka ulike teknikkar når me malar.No har me blitt flinke til å blanda fargar. Tekst og foto: Gro A Halvorsen |
|
|
|
![]()
På jakt etter bær I dag har 3. klasse vore i skogen rundt skulen og sett etter bær. Me fann både blåbær, tytebær, krekjebær og blokkebær! Resultatet vart mange koppar med bær og mange blide barn med blå munnar :-) Tekst & foto: Anne Brit Holm
|
|
![]()
|
|