.

 

Sjå tilbake på skuletida:

 
2. å r s s t e g (sag06)  2 0 0 7/0 8  
    Energisenteret>>

Kontaktlærar>>

 

Kunst på Sagvåg skule
Publisert: 17.06.08 kl 15:00

I dag har 2.steget sett på kunsten som me har ute og inne på skulen vår. Dei har også lært litt om nokre av kunstnarane som har laga dei ulike kunstverka.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Kan me ha det betre enn dette?
Publisert: 05.06.08 kl 15:00

Torsdag 5.juni var 2. og 3.steget på tur til Melkevikstranda. Me vassa og fann mange interessante ting i sjøen. Både elevar og vaksne hadde ein flott dag.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Aasne Vikanes & Brita

   

 

På tur i nærområdet
Publisert: 26.05.08 kl 15:15

Andre steget har gått tur rundt i Sagvåg og sett på hus. Me såg spesielt på ulike hus som det ikkje bur folk i. Ein ispause nede i Sagvåg fekk me og tid til.

Tekst  & foto: Brita Flatøy

 
Klikk på bileta og høgreklikk for å lagre bileta i høg oppløysing
 
sag06 20.mai 2008   Bilete med lærarane
 

Kunst og handverk
Publisert: 20.05.08 kl 10.30

2. steget har vore i skogen å laga modellerar av hus i naturmateriell. Dei arbeidde i grupper, og samarbeidet gjekk stort sett godt. Alle var flinke å finna materiell som kunne brukast.

Tekst & foto: Brita Flatøy, Annbjørg Luggenes

 

 

Samling på småskulesteget

Publisert: 15.mai  2008 kl 09:30

I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Temaet denne gongen var Vår og 17.mai. Elevane song og las. Det er kjekt å sjå kor flinke elevar me har. Fleire bilete>>

Tekst: Brita Flatøy Bilete: Aasne Vikanes/Brita Flatøy

 

 

Samling på småskulesteget
Publisert: 17.april  2008 kl 14:10

Torsdag 16. april hadde småskulesteget samling i amfiet. Me song songar av Astrid Lindgren. Dei ulike årsstega hadde øvd inn songar som dei framførte, og me song nokre fellessongar. Elevane var flinke, og me hadde ei kjekk stund! Fleire bilete>>

 

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

Ut i sola
Publisert: 16.april  2008 kl 14:35

2.steget hadde turdag og gjekk til leikeplassen i Rindane. Der var det reiler, vipper og andre ting. Det var kjempekjekt!

Tekst & foto: Laila Magnussen

 

Stor aktivitet på 2.steget

Publisert: 12.mars 2008 kl
15:00

2.steget har hatt studentar i tre veker no. Her kjem nokre bilete som viser litt av det me har jobba med siste veka. Me har lært mykje om fuglar og dyr. Oppe i skogen har me laga til ein plass der me matar fuglane. Dei har me vore og kikra på. Elles har me malt fuglar og påskeegg, vore i kyrkja og hatt utedag. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

         

 

'Flyfoto'

Publisert: 12.mars 2008 kl 08:30

I går tok eg med seg nokre elevar på fjelltur i skuleområdet vårt. Me gjekk til fjellet som ligg like ved skulen vår. Me fann mykje 'hjortebæsj' , så høgt her oppe står nok hjortane og ser på oss nede på skuleplassen.

 

 

Inne og ute
Publisert: 6.mars 2008 kl 13:10

2. steget har øvt seg på å dansa i dag. Dei vart veldig flinke. Det gjekk i fugledans, jenka, reinlender og Herr Smett.

Seinare på dagen leika dei ute i snøvêret saman med 1.steget. Dei brende bål, grilla pølser og marshmellows. Snøen var kram og snøballane kjempestore.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Gro Halvorsen, Maria Solheim Thorsen og Brita Flatøy

           

 
Kunst og handverk
Publisert: 9.februar 2008 kl 17
:30

Etter at me har arbeidd med fingerhekling ein periode, har 2. steget laga gruppearbeid. Me skal hengja bileta opp i småskulen sin base.

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

 
Skal me leika saman du og eg?
Publisert: 30.januar 2008 kl 09
:00

Siste del av onsdag leika 1. og 2.steget ute. I regn og hagl hoppa me tau, fann på spanande ting i skogen og spelte fotball i ballbingen. Me hadde ei fin stund i det kalde januarveret.

 

Tekst og foto: Anne Brit Holm

 

 

Adventstund
Publisert: 14.desember 2007 kl 10:30

I dag var det 2. og 7.steget som hadde ansvar for adventsstunda for alle elevane på skulen. Elevane på 7.steget spela, dansa og song. 2.steget song og tente lys i adventsstaken. Ei flott stund med flinke elevar.

Etterpå åt elevane på 2. og 7.steget graut saman. Grauten var god, og Kristian og Andrea Maud fann mandlane og fekk kvar sin premie. Fleire bilete frå samlinga>>

Tekst: Brita Flatøy & Foto: Lars Bakka

 

 

Jul i gamle dagar Publisert: 7.desember 2007 kl 12:30

2.steget har vore på Sunnhordland Folkemuseum og lært om jul i gamle dagar. Me vaska og rydda til jul, baka og fiska juletorsken. Honninglys fekk me og laga. Takk til Johanne Tvedten og Bjørn Arve Lunde som gav både elevar og vaksne ei stor oppleving.

Tekst: Brita Flatøy
Foto: Laila Magnussen

 
Me har det gøy ute!
Publisert: 14.november 2007 kl 14:15

I dag har 1. og 2. steget vore ute i det flotte vinterveret. Me byrja med to raske rundar i løypa og fekk trimma oss skikkeleg. Etterpå var det tid for leik i skogen. Nokre klatra i Tarzan-løypa og andre bygde hytte. Nokre jenter på 2.steget meinte at gøymsel var perfekt i skogen. Me såg mange fine raude roser i kinna på elevane då skuledagen var over.

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 
 
Flott konsert
Publisert: 14.november 2007 kl 13:40

I dag, onsdag, har småskulesteget hatt konsert med musikarane Magnus Blom, Grethe Hylland og Werner Bryn.
Tekstane og musikken var knytt opp mot sol, regn og vind. Me fekk vera med på ein kjempefin konsert. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 

 
 
Hjarte og lungeredning
Publisert: 6.november 2007 kl 12:20

I dag har 2.steg lært hjarte og lungeredning av 7.steg. 7 steg var flinke lærarar, og 2 steg var motiverte elevar.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
124 bollar!
Publisert: 5.november 2007 kl 21:20

 

Etter tre veker med besøk av studentar, avslutta me med bollebaking og saft. Det vart 124 bollar. Kjempeflott! Dette var populært. Fleire bilete>>

Tekst og foto studentane på 2. steget.

 
Stasjonar på 1. og 2.steget
Publisert: 31.oktober 2007 kl 15:40

1 og 2 steget har vanlegvis turdag på onsdagen, men grunna veldig dårleg ver, valgte me å vera inne. Me laga tre stasjonar, det alle tre gruppene skulle innom kvar stasjon. Den eie stasjonen hadde dans og songleikar i musikkrommet, ei gruppa fekk fortalt eventyr i Dåvamyro og den siste gruppa hadde bingo i 2 steget sin base. Etter aktivitetane fekk elevane servert tomatsuppa i fellesarealet for 1 og 2 steget.

Då alle elevane var forsynte med suppa, fekk dei ein premie for god innsats. Både i bingo, leik/dans og eventyr. Det verka som om alle elevane var fornøyde med dagen.
 

Helsing studentane i fyrste steget.

 
Sosial samling
Publisert: 26.oktober 2007 kl 14:00

Elevane på 4. steget hadde i dag ansvaret for den sosiale samlinga i amfiet. Daniel og Simona var flinke programleiarar, og temaet denne gongen var Venner. Elevane hadde mange fine innslag med både song, dikt og dans! Fleire bilete her>>

Tekst: Jenny Sætre Skjønbergfoto: Liljan Vestbøstad Waage

 
Til biblioteket
Publisert: 24.oktober 2007 kl 16:30

24.oktober var 2.steget på biblioteket for første gong. Mange av elevane lånte bøker, og alle fekk høyra eit spennande eventyr. Etterpå leika me og kutta opp grønnsaker.

Tekst Brita Flatøy Foto: Maria Solheim Olsen

Utedag
Publisert: 24.oktober 2007 kl 16:30

25.oktober hadde 2.steget utedag. Studentane hadde laga mange kjekke oppgåver. Me kokte suppe, åt peparkjeks og drakk trollsuppe.

Tekst Brita Flatøy Foto: Maria Solheim Olsen

Stella East var hos oss
25.september kl
12:15

I dag har 2.steget hatt besøk av kunstnaren Stella East. Ho viste oss ein del bilete ho hadde laga sjølv. Ho lærte og elevane å blanda fargar og måla regnboge. De finn bilete av nokre av dei fine måleria elevane laga.

Tekst: Brita Flatøy Foto Brita Flatøy, Laila Magnussen, Aasne H Vikanse

 

Flotte båtar!
18.september kl 10:10

Elevane har arbeidd med båtane i K&H timane i fleire veker. Dei har gitt seg god tid med pussing og spikring og alle er veldig fornøgd med båten sin. 

Tekst: Annbjørg Luggenes Foto: Laila Magnussen

 

2. og 7.steget var saman
6.september kl 14:00

Idag var 7 og 2 steg saman. Det var stor aktivitet i ballbingen, mange teikna med kritt eller spela kubbespelet. Me hadde nokre kjekke timar.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Ut på tur
23.august 2007 08:15

I dag har 1. og 2. steget vore på tur i det flotte sommarveret. Me åt nista vår, leika saman og me plukka mykje blåbær. Me hadde ein fin tur og vart betre kjende med kvarandre.

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage