2. å r s s t e g (sag07)  2 0 0 8/0 9       Tilbakeblikk

Kontaktlærar>>

Arkitektar

Læreplanen for kunst og handverk er det eit mål som seier at "elevane skal teikna hus i nærområdet framanfrå og frå sida". Me på 2.steget teikna den flotte skulen vår!

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

Kjekk matematikkdag for småskulen!
Publisert :Onsdag 29.april 2009 kl 08:30

Tysdag 28. april hadde me ein flott matematikk- dag. Me hadde aldersblanda grupper og alle aktivitetane gjekk føre seg ute. Elevane var aktive og koste seg i det fine veret. Fleire bilete>>

Tekst og bilete: lærarane

 


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 16:05

Natursti

I dag har Bodil hatt natursti og rebusoppgåver med 2.steget. Det vart hengt opp 11 bilete rundt om i løypa. Desse bileta danna så eit løysingsord.
Ein stad alle elevane kjenner godt. "Sagvåg skule"

Alle løyste oppgåvene og fekk medalje.

Tekst &  foto: Bodol Romfog og Anne Brit Holm

 

   
 
Publisert : Onsdag 15.april 2009

'Romlege former'

2 steget har tema "Romlege former" i matematikken. Me tok oss ein tur ut for å sjå om me fann nokre slike former rundt skulebygget. Elevane fann både sylinder, prisme, kule og pyramide former.

Etterpå laga dei hus av naturmateriale og til slutt vart det tid for leik i det fine vårvêret.

Tekst & bilde: Gro A. Halvorsen

 

 
Publisert :
Torsdag 2.april kl 15:10

Påskeaktivitetar i småskulen

Den siste veka har småskulen hatt påskeaktivitetar med aldersblanda grupper. Her kjem nokre bilete frå dei ulike gruppene. Fleire bilete>>

Tekst og bilete: Lærarane i småskulen

 


Publisert : Laurdag 28.februar kl 15:05

Eventyrland

2.steget har hatt eventyr som tema i det siste. Elevane vart veldig inspirerte av eventyra og resultatet vart sjølvlaga eventyr med flotte illustrasjonar, fine dramatiseringar og eventyrfigurar i trolldeig. Etter me hadde vore på tur til biblioteket på Litlabø på onsdag, avslutta me eventyrperioden vår med nokre knallgode "eventyrvafler".

Tekst & foto: Anne Brit Holm


Publisert : Fredag 20.februar kl 11:45

Tema samling

Alf Prøysen var tema for samlinga 1. til 4.steget hadde i amfiet i dag. Songar og teaterstykke av Alf Prøysen vart framført av elevane i løpet av den timen framsyninga varte. Fleire bilete>>

Tekst : Lars Bakka   Foto: Lars Bakka

 


Publisert : Torsdag 12.februar kl 09:00

Kom i bakken...

2.steget hadde ei flott stund ute i det fine vinterveret på tysdag. Me aka både i turløypa vår og nede i sykkelstien. Dette var nokre kjekke akebakkar, og me er heldige som har eit så flott uteområde rundt skulen vår. Fleire bilete>>

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne H. Myhre

 


Publisert : Torsdag 12.februar kl 09:00

Uvanleg start på skuledagen

Bål og varm kakao i skogen var det som møtte elevane på småskulen i dag. Elevane såg ut til å kosa seg i det fine vinterveret. Dette var ei kjekk overrasking, var det mange som sa.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 


Publisert : Fredag6.februar kl 14:40

Leik i snøen

Kvar fredag har 1. og 2. steget leikegrupper på slutten av dagen. I dag var det ekstra kjekt å leika fordi me kunne vera ute i snøen. Det var full fart i akebakken og nokre laga snømenn.

Tekst og foto: Anne Brit Holm

 

Publisert : Onsdag 4.februar kl 13:55

Fløytelåt

Onsdag 4. februar hadde me besøk av rikskonsertane med ein kjekk konsert. Den heitte "Fløytelåt". Me fekk høyre musikk som var laga fleire hundre år sidan, og musikk som er laga på vår tid. Dei spelte på ulike blokkfløyter og på gitar. Fleire bilete>>

TURNÉ: Fløytelåt (2009 vår)  MED: Anette Bjørnenak og Gjermund Fredheim

Tekst & foto: Kari Almås

Torsdag  11.desember 2008 kl 15:40

Kjekt å vera saman!

Elevane på andre og sjuende steget har hatt fleire kjekke aktivitetar saman denne veka. Baking og leikar på tysdag. På onsdag viste nokre på 7. steget at dei kunne laga "firkantbål". Dei fleste fekk likevel varmen i seg når dei var med på fotballbanen, leika ringleikar eller var med på andre aktivitetar. Til slutt koste både små og store seg med graut inne. Torsdagen var det nissemarsj!

Tekst og foto: Kjell Byrknes

 

 
 Nissemarsj
Torsdag  11.desember 2008 kl 09:30

Bladet Sunnhordland var til stades og laga reportasje då elevrådet arrangerte nissemarsj i nydeleg vintervér i dag tidleg.

 Fleire bilete frå nissemarsjen finn du her>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

 2.steget til museet
Måndag  8.desember 2008 kl 13:45

På fredag var 2 steget på museet og fekk læra om korleis dei feira jul i gamledagar. Me leika at me baka, hogg ved, henta vatn, vaska kle og golv.Alle fekk laga kvar sitt honninglys. Me var på fisketur og drog opp juletorsken og me gjekk til fjøsnissen med graut.
Til slutt samla me oss i Futastovo og spiste "julematen". Flatbrød med smør og lutafisk.
Alle sa at det smaka godt !
Til slutt fortalte Astrid Elin juleevangeliet og ein annan forteljing frå gamledagar.
Fleire bilete>>

Tekst: Gro A. Halvorsen Foto: Gro A. Halvorsen og Anne Brit Holm

 

 
 

Fredag 29.november 2008 kl 13:00

Elevane på småskulesteget har vore flinke å lesa, mange har lese mange timar i veka. Den eleven som hadde lese mest på kvart steg, fekk ei bok i premie. i tilegg trekte me bøker mellom dei andre elevane, slik at det var 6 elevar som gjekk heim med ein bokpremie. Elevane fekk diplom.

Foto: Anne Brit Tekst: Annbjørg

 


Publisert: Fredag 21.november 2008 kl 12:30

No er det siste innspurten i Leselystaksjonen 2008 på 2.stegete. Me har fått mange flinke lesarar!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Publisert: Torsdag 13.november 2008 kl 15:00

No er 2 steget ferdig med tema lys og luft. Me har drive med ulike eksperiment og i dag var me ute og testa flya me hadde laga.

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 


Publisert: Torsdag 6.november kl 10:40

Onsdag var 1. og 2.steget på tur i det fine veret. Me hadde ei kjekk stund saman. Me leika mykje og me fekk ei kjempegod tomatsuppe. Fleire bilete på sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

Bilete frå lesestund


Publisert: Tysdag 28.oktober kl 16:15

I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Haust var temaet for samlinga denne gongen og elevane på dei ulike stega hadde førebudd seg godt. Me fekk høyra både fine songar og flotte dikt. Hallvard og Solveig frå 2.steget gjorde ein glimrande jobb som programleiarar! Fleire bilete>>

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 

1. og 2.steget samarbeider
Publisert: Onsdag 15.oktober kl 13:40

Onsdag 15. oktober var elevane frå 1. og 2. steget saman og arbeidde i grupper. Dei fekk bruka staffeli og måla. Dei fekk klippa og lima bilete. Dei fekk vera saman og leggja puslespel. Me hadde ei travel, men kjekk økt.

Tekst: Kari Almås  Foto: Liljan Waage.

 


Litt av kvart på 2.steget
Publisert: Fredag 19.september 2008 kl 14:
40

På onsdag var 2.steget på tur til biblioteket på Litlabø og Nysæterbanen. Me fekk høyra eit eventyr, sjå i bøker og me lånte ulike bøker som me har på skulen. Etterpå hadde me ei kjekk stund på Nysæterbanen, der me spelte fotball, hoppa lengde og leika. På sidene våre er det også bilete frå andre aktivitetar me har gjort den siste tida.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

   

 

Matematikkgrupper
Onsdag 3
.september kl 09.30

Kvar veke har 1. og 2.steget matematikkgrupper saman. Elevane er på ulike stasjonar der dei arbeider med data/smartboard, spel, teljing og konstruksjon.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 
Heile skulen er på tur
Fredag 29.august kl 11:00

I dag er heile skulen på tur til Mjelkevikjo. Her er eit mobilbilete direkte frå turen. Fleire bilete kjem når elevar og lærarar er tilbake frå turen.
Oppdatert kl 14:00! Her finn du bileta frå turen>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Tur med suppe, slangar i graset og leik.
Publisert: Onsdag 20.august kl 14:15

2 steget har vore på tur og kokt grønsaksuppe på stormkjøken. Det var ei ualminneleg god suppe. Me åt opp mest alt. Medan suppa kokte var det mange som kom på sporet av hoggorm eller ein stor slange eller noko slikt. I alle fall var det mange som syntes at det lea seg i graset og det var mange hvislelydar å høyra.

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

Første skuleveka er slutt
Publisert: Fredag 15.august kl 15:30

Fredag 15. august har 1. og 2. steget hatt leikestund saman. Dei har leika både ute og inne.

Tekst: Kari Almås Foto: Anne Brit  Holm