2.klasse (sag10)  2 0 1 1/1 2  

SFO  |   1.klasse(sag11)  |     2.klasse(sag10)   |     3.klasse (sag09)    |     4.klasse(sag08)     |     5.klasse(sag07)     |     6.klasse(sag06)    |   7.klasse(sag05) Tilbakeblikk 

 Fagsider:

       Tilbakeblikk

 

 

Stasjonsarbeid i 2.klasse
Onsdag 25.januar 2012

Før me gjekk ut og akte i dag, arbeidde 2.klasse på stasjonar. Dei skreiv ord om verdensrommet med hoppebokstavene, øvde seg på samanhengande skrift, las i småbøker og jobba med matematikkoppgåver på Salaby. Her kjem nokre bilete frå dei ulike aktivitetane.

 

 
 
Kjekk avslutning på BlimE-veka
Fredag 20.januar 2012

"Vil du BlimE meg og spela eit spel på fredag?" stod det på korta som elevane i 3. og 4. klasse hadde laga til kvar einskild i 1. og 2. klasse. Dei ville komma, og me hadde ei fin stund saman på slutten av dagen i dag. Me spelte spel, både brettspel og BlimE-spela som ligg på nrksuper.no. Nokre av elevane ville teikna eller vera ute og leika. På slutten koste me oss med fruktsalat, som nokre av elevane hadde laga. Det var fleire som synst dei hadde vorte betre kjende med nokon dei ikkje kjende så godt tidlegare, så oppdraget for veka er absolutt godkjent :-)

 

Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Gro A Halvorsen

 

 



Ut på tur, aldri sur!
Onsdag 18.januar 2012

BlimE oss på onsdagsturen vår sa 1. og 2. klasse til 3. og 4. klasse . Veret var dårleg, men elevane steikte pinnebrød og var i godt humør.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

 
 
 

Endeleg ein onsdag utan regn !
Onsdag 11.januar 2012

1 og 2 klasse var som vanleg om ute. Denne gongen steikte me fiskekaker på grua og alle leika i nærområdet til skulen :)
 

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

 

 
 

2.klasse i bassenget
Tysdag 10.januar 2012

Det vart eit stort oppslag i Sunnhordland då 2.klasse endeleg kom i gang med symjeopplæringa i går.

Tekst & foto: Lars Bakka

Foto: Per Egil Larsen


Baking og graut saman med 2. klasse
Tysdag 13.desember 2011

Elevane i 2. og 7. klasse hadde bakedag på måndag. Dei laga mange peparnøtter, dei var kjempegode! Nokre smakte nok litt på deigen og ..
I dag, tysdag, var 7. klasse på grautfest hjå 2. Det smakte med graut. Nokre fekk påfylling for 3. gong, så grauten var god! Nokre heldige fann mandlar. Dei fekk premie, men det rare var at ein mandel var borte. Kan henda nokre var skikkeleg svoltne??

     

Foto: Jonas, Kari og Brita. Tekst: Kjell Byrknes

 
 

 

Leselyst og Falturiltu i 2.klasse.
Torsdag 10.november 2011

Dei siste vekene har 2.klassingane lese mange bøker og skrive bokmeldingar Det er fint å sjå kor ivrige lesarar dei er.

Me har og hatt besøk av forfattaren Vegard Markhus i samband med Falturiltufestivalen. Han las og fortalde frå to kjekke bøker han har skrive. Elevane var interesserte og følgde godt med. Ei kjekk stund på musikkrommet.
 

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

 

Til biblioteket
Torsdag 27.oktober 2011

Onsdag var 2.klasse på biblioteket på Litlabø for første gong. Kari Bolette Lundal fortalde eventyr. Etterpå fekk elevane låna bøker. Det er veldig mange kjekke barnebøker der. Sidan veret var så fint, gjekk me på Nysæterbanen og leikte etterpå. Der kom 1.klasse og var saman med oss. 

Tekst & foto: Brita Flatøy

 
 

Leselystaksjonen i gang!
Tysdag 18.oktober 2011

I dag starta leselystaksjonen i småskulen. Me hadde besøk av Kristine Thorkildsen frå biblioteket, som leste frå og fortalde oss om mange ulike bøker. Dei neste tre vekene skal me ha mange aktivitetar med litteratur i fokus. Nokre gonger skal me skal jobba i grupper, og me skal lesa mykje.
Fleire bilete

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 

Haustsamling i småskulen
Torsdag 6.oktober 2011

I dag var det song, spel og diktlesing i Amfiet. Mange flinke elevar frå 1. til 4. klasse opptredde med sjarmerande og flotte innslag, der temaet "Haust" stod i fokus.

Tekst & foto: Toril S Bruket

 
 

Fantastisk rikskonsert!
Onsdag 28.september 2011

I dag har småskulen vore på ein fantastisk konsert i amfiet. "Lektor Bjerkes orkester" spelte og song kjekke songar på både vanlege og uvanlege instrument ...:)
Fleire bilete

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 

 

På tur i vårt eige uteområde :-)
Onsdag 14.september 2011

Me har eit flott område rundt skulen vår. I dag har 1. og 2.klasse vore på skuleplassen og i skogen rundt skulen i staden for å gå på tur. Vekeoppdraget frå rektor er at alle må vita kor skulegrensene er og halda seg innafor dei. Derfor gjekk me tur rundt skulen for å syna kvar me har lov til å gå. Etterpå kokte me nudlar på gruva ved handballbanen og leika. Ingen tvil om at det var vellukka.
 

Tekst og foto: Gro A Halvorsen & Brita Flatøy

 

  1.-og 2.klasse leika saman
Fredag 9.september 2011

I dag har 1. og 2.klasse hatt leikegrupper. Dette er ein fin måte å bli kjende med kvarandre på. Her er nokre bilete frå leikestunda.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 
 
 

Les for meg!
Onsdag 7.september 2011

I dag har 2. klasse vore saman med 7.klasse. Det var kjekt å møta fadrane att. Fadrane las bøker for andreklassingane, og elevane i 2.klasse er blitt så flinke at dei las kvar si lita bok til fadrane sine. Etter lesestunda vart det tid til å leika saman. Til slutt koste alla seg og åt nista i lag. 2.klasse er heldige som har så flinke fadrar.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Lesekvarten i 2.klasse
Torsdag 1.september 2011

4 dagar i veka har 2.klasse ei lesestund når me kjem inn etter det store friminuttet. Elevane har vore flinke til å sitja heilt stille og lesa. Det ser ut som om dei fleste kosar seg

Tekst & foto: Brita Flatøy